I dag har eg vore gjennom det som viste seg å vere “fase 1″ av rotfylling. (Åjada, det fins TO faser.) Denne fasen innebar altså å bore, herje og røske i tennene mine medan kjeften min var dekka av ein “søt, lilla duk” (i følge min tannlækjar, Kristoffer). Eg veit ikkje kva desse tannlækjarane vanlegvis reknar som søtt, men i mitt hovud, er ein lilla gummiduk som gjer at slabb og sikkel renn fritt under, og utover halve trynet mitt, ikkje søtt. Menmen. Det var ikkje så gale, alt i alt. Eg fekk injisert ein shitload med bedøving og kjende eigentleg ingenting anna enn den stikkande smerten av ein kjeve på halv åtte med ei visdomstann som sperrar for maksimal gaping. Hadde det ikkje vore for dette, hadde eg kanskje fått ein halvtime med søvn.
Neste onsdag skal eg tilbake, Så vidt eg har forstått skal det store gapande holet, som ein gong i tida var ei tann, fyllast med alskens kjemikalier som, med hell, inneber at ein aldri treng sjå djevelskapet igjen, langt mindre ofre det ein tanke. Så det blir bra.
Elles var eg hos veterinæren med Embla i går for den årlege vaksinasjonen sin, og då viste det seg at ho har fått lus. Mitt vandrande loppesirkus er altså ikkje eit loppesirkus, men eit lusereir. Det var jo litt skuffande, men heldigvis lett å fikse og ubetydelig for meg og andre medmennesker. (Ingen gaping, ingen boring og ingen lus i mitt hår.)
Kort sagt, er det ei litt dårleg veke å vere meg på. Heldigvis har eg min nye hobby; fanatisk trening, å falle tilbake på. I går var eg på SATS og snakka med ein mann som fortalte meg kva eg måtte gjere for å bli sterk, og i dag har eg vore på Stolzen igjen. Seinare i dag skal eg på spinning, som eg eigentleg mistenker blir meir smertefullt enn rotfylling, men sidan det er i regi av fotballaget og eg prøver å overbevise dei om at det er tåpeleg å ikkje ta meg med på alle kampene berre fordi eg ikkje får gått på så mange treninger på grunn av ICA, får eg berre bite det i meg.
Det var det.
Dei som kjenner meg, har kanskje hørt om denne draumen før, og kan glatt hoppe over eit par linjer.
Det var i fjor, og sommaren var så vidt over. Før den byrja, hadde eg søkt om jobb på ICA Maaseskjæret, som ligg betydeleg nærare heimen min enn ICA Nordås (med kaffimaskina), der eg jobba før. Det hadde gått eit par månader utan at eg hadde høyrd noko om jobben på Maaseskjæret, så eg hadde slege meg til ro med å halde fram å jobbe på Nordås til enden av mi akademiske karriere (og forhåpentlegvis starten på eit “ekte” arbeidsliv). Men så skjedde det; eg fekk ein mail om at eg hadde fått jobb på Maaseskjæret om eg framleis var interessert. “Oi. Dette hadde eg ikkje rekna med”, tenkte eg i mitt stille sinn og vart litt småstressa over å måtte ta ei avgjersle igjen. Var det ikkje nok at eg hadde kvinna meg opp og levert jobbsøknaden? Eg skal ikkje dra historien ut i det uendelege i og med at dei aller fleste har fått med seg at eg jobber på Maaseskjæret no, men poenget eg skulle fram til var at den natta eg bestemte meg for å ta det store spranget til ein heilt ny ICA-butikk, hadde eg ein av dei særaste ICA-relaterte draumane eg har hatt.
Eg drøymde at på den nye jobben var det ingen kundar, sjølve butikken såg litt ut som ein skule-lab frå 70-talet, der kassane var bytta ut med benker med vaskar på, og at det var veldig mørkt og at alle PLU-kodane var nye (giiisp!). OI tillegg var uniformane grusomme (denne heng nok igjen etter den mykje omtalte beige-manneskjorte-perioden på Nordås). Me snakkar kordfløyeluniformar. Og ettersom det ikkje fantes kundar, satt vi tilsette berre på golvet og åt vafler. Greit nok. Men den verste delen av draumen kjem no, den delen som bekymra meg aller mest. Alle snakka dansk! Tenk dykk, tal på dansk. Eg veit ikkje korleis det er med folk flest sin viten om det danske talsystemet (firsfjers osb.), men eg skjønar verkeleg ikkje eit kvekk. Og med det, kjære lesar, kjem vi til denne gamle draumen sin noverande relevans, sakens kjerne, om de vil: Eg har nemlig kome i skade for å ta eit mattefag i år, og ja, dykk gjetta rett; forelesaren er dansk.
I går såg eg ei nyhetssending. Då hugsa eg kvifor eg ikkje vanlegvis ser på slikt.
Sak 1: I Nederland har dei laga eit nytt realityprogram: “The Big Donorshow”. Her skal tre deltakarar kjempe om nyra til ei døande kvinne, som skal bestemme kven som vinn, og får leve. Herleg makabert, eller kva?
Sak 2: “Teletubbiene fremmer homoseksualitet” var ei polsk kvinne si klage på barne-TV programmet Teletubbiene. De kjenner vel sangen: “Tiinky Winky, Diipsy, Laaa-Laaaa, Pooooooh…” Altså, greia her var at Tinky Winky skal ha blitt observert i ein episode med ei dameveske, ergo; Teletubbiene syns at homoseksualitet er heilt greit. Gud forby.
Eg veit ikkje kva eg skal sei, så eg siterer Marte sin reaksjon på desse sakene: “Eg lever i ein vits!”
Eg har hoppa over til wordpress, eg, hipp som eg gjerne vil vere. Tok med meg heile blogger-bloggen og gjekk. Eg ville vere ein del av det nynorske vlogg(ja, for korrekt nynorsk er faktisk “vlogg”, ikkje “blogg”, las eg i avisa ein dag)-samfunnet. Eg kan liksom vera den ikkje-kristne delen, eg då.
I alle høve. Det er Påske, denne fantastiske religiøse sjokoladefesten, og alle er dratt på fjellet og “hytten”, bortsett frå eg, som får gleden av å tilbringe min såkalla ferie i ICA-land. Men det er i grunnen greit, det. Få pengar for å drikka kaffi. Sweet.
JaJa, nok pjatt for i dag.
Snakkast, min løynde sjiraffven.