Samtalar med ein løynd sjiraffven

Fuck Tide

Kjære Tide

Eg var dristig nok til å forsøke å ta buss og ferje heim til Tysnes på julafta (båten til Rødne gjekk ikkje, elles hadde eg glatt teke den). Eg tok 10:20-bussen frå Halhjem, som av ein eller annan mystisk grunn korresponderte med Våge-ferja som skulle gå 11:20 (ja eg veit, eg vart svært overraska, eg òg). Etter eit busskifte på Os, som eg sjølvsagt ikkje vart informert om, såg det faktisk ut til at eg akkurat skulle nå ferja. Det stod rett nok Halhjemsmarka på bussen, men det er jo svært vanleg at bussane køyrer ned til Halhjem kai før dei køyrer videre til Halhjemsmarka, det har i alle fall hendt kvar einaste gong eg har teke buss til Halhjem dei siste 12 åra. Men ikkje denne gongen. Neida. Bussen køyrde rett inn til Halhjemsmarka, UTAN å køyre innom kaien. Eg gjorde bussjåføren oppmerksom på at eg skulle nå ei ferje, og han sa at eg kunne få sitte på ned til kaien ETTER han hadde vore i Halhjemsmarka. Turen endte med andre ord med at eg måtte springe frå fyrste stoppet i Halhjemsmarka med kilovis av baggasje og ein hund på slep, for så å sitte på venterommet i over ein time medan eg venta på neste ferje. Det var stas. Takk Tide.

Dette skjer forøvrig kvar gong eg skal ta ferja. Etter at Tide tok over HSD viser det seg at korrespondanse mellom buss og ferje til Våge er heilt umogleg. Er det verkeleg så vanskeleg? Heldigvis fins det eit alternativ i Rødne og snøggbåten frå Bergen sentrum, elles hadde det vore uuthaldeleg å reise frå Bergen til Tysnes.

Helsing,

Hanna Iversen

Dette elektroniske brevet sende eg Tide den 26. desember i fjor, og trudde i grunnen dei hadde ignorert mine halvkvalte hjartesukk, då det brått dumpa eit svar ned i min elektroniske postkasse:

Hei!
Vi beklager den uheldige opplevelsen din da bussen ikke kjørte nedom
Halhjem fergekai før den kjørte til Halhjemsmarka.
Henvendelsen din er videresendt til sjåførens overordnede for oppfølging,
slik at lignende ikke skal skje igjen.
Ønsker deg igjen velkommen på bussen.

——————————

————————–
Med vennlig hilsen
Evelyn Knutsen

Eg syns ikkje Evelyn Knutsen verkar som ho tek seg særleg nær av at eg har truga med total boikott, og i tillegg har ho unngått å svare på spørsmålet mitt om det verkeleg kan vere så vanskelig å få buss og ferje til å korrespondere. Nei, det var IKKJE eit retorisk spørsmål. Dette var svakt, Tide.


Posted in Muggsopp

Muggsopp og kaffi

To flotte tema, som eg føler kanskje ikkje har fått den plassen dei fortjener på bloggen min er muggsopp og kaffi. No skal det nemnast at det var ein periode eg skreiv veldig mykje om kaffi, men det byrjar å bli ei stund sidan sist, så no er det på tide at temaet vert brakt på banen att. Muggsopphar eg skrive mindre om, men det er likevel eit høgaktuelt tema, som ein ikkje kan få nok informasjon om, etter mi meining.

Fyrst kaffi. Kaffi er, som de kanskje skjønar, veldig viktig for meg. Då vi fekk den mykje omtalte kaffimaskina på pauserommet på ICA Nordås, tør eg påstå at antall ekstravakter eg tok på meg auka sterkt, i tillegg til at trivselen steig betraktelig. Det skal òg nemnast at eg i denne perioden, med gjennomsnittleg seks store kaffikoppar per vakt, fekk svært mange kompliment for tempoet mitt i kassen. Ved ein anledning var det faktisk ein kunde som sa “åh, så bra det er deg – du er så rask!”. Og då var det faktisk ikkje Ståle eg jobba med. Så slik gjekk dagane i sikkert eit halvt år, før eg fann ut at eg burde skifte jobb, for det fantes faktisk ein ICA Supermarked like ved der eg bur. Det var særs vedmodig å forlate kaffimaskina mi på Nordås, men sånn er livet. ICA Maaseskjæret har ikkje kaffimaskin. Dei har eit kaffibord då, til både kundar og tilsette, men det vert ikkje det same. Det er lengre veg frå kassen til kaffien og ein sitt stort sett åleine i kassen, så det er vanskelegare å hente seg kaffi. I tillegg er koppane ganske små. Dette bekymrar meg. Eg er meir trøytt og fråverande på jobben. Eg trivst, men eg jobbar ikkje like raskt lenger. Det er rett og slett ikkje så sterkt kaffimiljø blant kassadamene der. Eg prøver å endre på det, men kaffien er så langt vekke. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Det er sikkert sunt å ikkje drikke så enorme mengder kaffi på jobben, men likevel. Det er som eit tomrom i livet mitt.

Elles er det gode nyhende på heimefronten når det gjeld kaffi: 1) Susanna fann den siste delen til espressomaskina, så no kan eg bøtte innpå med espresso (skjønt, eg måtte sluttte då eg begynte å drikke krus med espresso i staden for slike små kopper). 2) Eg fekk ei kaffikanne (ei såkalla tv-kanne) til jul, så no kan eg lage meg ein liter i slengen så held den seg varm utan å bli sur og muggen av å stå på traktaren.

Dette leder meg til det neste temaet; Om muggsopp, fritt etter minnet (tar forbehold om feil, då dette ikkje er ein vitskapleg tekst, alle de petimetre der ute).

Muggsopp fins i mange former og fasonger. Kanskje meir enn tusen arter. Dei vanlegaste kan ta form som svarte prikker (på veggen på badet til dømes), vere grøn med pulveraktig konsistent eller den klassiske med kvite og/eller grå “hår” (hyfer), som er særs vanleg på blant anna råtnande frukt. Muggsopp tilhøyrer domenet Fungi, som då inneheld alle typer sopp. Kor vidt det fins noka spesifikk grense mellom “muggsopp” og “sopp” er vel tvilsomt. Klassifisering er i prinsippet subjektivt har eg endeleg funne ut etter snart tre år med biologi. Eg kaller alt som er smått og hårete for “muggsopp”, ein liten sekkebetegnelse der. Eg liker sånt.

I alle høve, sopp livnærer seg ikkje ved fotosyntese, som plantene (autotrofe organismar), men ved å “ete” døyande organisk materiale, såkalla heterotrofe organismar. Dei fordøyer maten sin eksternt ved hjelp av enzym og tar så opp næringsstoffa. Dermed kan soppen seiast å ha nærare slektskap til dyr enn til planter, som dei fyrst var antatt å vere.

Dersom ein ser nøye på ein type muggsopp, som til dømes Aspergillus niger, såkalla svartmugg – ein lettdyrkeleg sopp, som du gjerne kan finne på badet eller i andre våtrom, kan du sjå at den består av mange tynne kvite eller grå tråder, dette er hyfene, og det er dette som er sjølve soppen. Det som gjer svartfargen, dei små kulene på toppen av trådane, er sporangiene, sporeberarane. Det som er litt interessant, som kanskje ikkje folk tenker over, eg gjorde i alle fall ikkje det, er at desse sporangiane tilsvarer den delen av champignonen som vi faktisk et. Vi seier jo at den kvite runde veksten over bakken er sjølve soppen, men eigentleg er det berre sporeberaren. Sjølve soppen, hyfene, befinn seg under bakken. Det syns eg er litt sært å tenke på. Eg er ikkje sikker på dette, men eg trur eg har hørt ein stad at den eldste soppen som eksisterer hadde ein radius på fleire hundre meter under bakken. Det er mykje sopp!

Men ja. For å binde saman temaene og få ein avslutning her, kan eg fortelle historien om då Marte oppdaga at det var mugg i kaffitraktaren. Eller… Det var vel eigentleg heile historien. Ingen vits i å utbrodere. Eg kan berre nemne at det var svært traumatisk for oss begge. Eg begynte nesten å grine. Men det gjekk bra til slutt, då. Kaffitrakter-rens er ein flott oppfinning, som ikkje kan bli brukt for ofte. Og det er vel eigentleg dagens moral.

Til neste gong, min løynde sjiraff!


Takk.

Eg vil nytte høvet til å rette ein ekstra takk til Maren, som flytta i frå maten sin og Marte, som har dratt på interrail for ein månad med full kjøleskåpshylle. Susanna var flink og tok med seg det meste, ho sette berre igjen nokre egg og ein pakke smør – ser de? Egg og smør. Dette er ting eg kan bruke. Men Maren: Fetaost og guacamole? Oliven?? Fullkornsspaghetti. (Ja, spaghetti i kjøleskåpet.) Dette er på lista over slikt som Hanna ikkje eter.

Og Marte. Du får eit eige avsnitt. Eg ikkje om eg orker byrje på maten din ein gong. Eg skulle snike til meg kvitost, men kva fann eg i boksen? Ein falsk hundebæsj oppå osteskivene. Blant andre ting. Dette kan forøvrig ha vore restar frå Daniel òg då, Marte skal ikkje få skulda for heile den hylla. Men altså. Stor, hårete takk til alle som har sett igjen mat til råtnings i Elvegaten – det gjer jobben min når eg skal vaske kjøleskåpet litt ekstra spanande. Eller opne det, for den saks skuld.