Samtalar med ein løynd sjiraffven

Ein million sjiraffvener

juni 15, 2009
3 kommentarar

No snakker me!

http://olahelland.net/giraffes/

Endeleg nokon som har skjønt kva verdsveven kan brukast til. Eg blir nesten litt snurt over at eg ikkje klarte å komme på dette.

Men mest glad. :)


Meg og alle mine klager

februar 25, 2008
Éin kommentar

Eg er som kjend svært ivrig når det gjeld klagebrev, og her er eitt til. Tidlegare har me sett at eg har skrytt snøggbåtselskapet Rødne opp i skyene og rakka hardt ned på Tide. Men denne helga endra alt seg. Berre les her:

Hei.

Eg har nytta Hardangerfjordekspressen si rute til å reise mellom Malkenes (Tysnes) og Bergen i over eit år no, og har vore svært nøgd med tilbodet, i og med at det konkurrerande selskapet Tide har eit særs dårleg tilbod i form av ferje og buss som aldri korresponderar. Eg har reist mykje fram og tilbake med hunden min, og det har alltid gått veldig bra. Eg har i det store og heile vore kjempenøgd med Rødne.

I dag fekk eg likevel beskjed av mannskapet om at hunden ikkje kunne sitte i kupeen, men måtte sitte ute på akterdekket. Eg fekk beskjed om at eg ikkje måtte sitte der, berre hunden. Eg meiner at til og med mannskapet her må begripe kor uansvarleg det er å binde ein stakkars hund fast bakpå båten og forlate den der i ein og ein halv time. Det er svært bråkete og eit heilt nytt og ukjend miljø. I tillegg er det på grunn av konstruksjonen til MS Rygerkongen umogleg å forlate hunden utan å bryte hundelova sin paragraf 5.*

I ruteinformasjonen til Hardangerfjordekspressen står det eksplisitt at det er mogleg å reise med hund, men at ein må sitte på tilvist plass. Men etter mi meining må tilvist plass vere ein reell sitjeplass, ikkje baktrappa på båten (som i tillegg ikkje er lovleg plass å parkere hund). Det er ikkje haldbart å måtte sitte ute i februar, av di snøggbåten ikkje har tilfredsstillande konstruksjon i form av ein entre eller forværelse til kupeen. Minstekravet her måtte vore at ein vart ordentleg informert om kvar denne “tilviste plassen” er før ein går ombord på skipet. Mannskapet ser lett om ein har hund eller ikkje og kan gje grei beskjed om kva moglegheiter ein har. Dersom eg hadde fått beskjed før eg var ombord og båten var i gong, ville eg aldri gått ombord, og heller nytta ein annan transportform. Helst ein som er mindre helseskadeleg enn å sitte utandørs på snøggbåten.

På grunnlag av dette krever eg at ruteinformasjonen vert endra og/eller at mannskapet ved seinare høve vil gje tydeleg beskjed til reisande med hund. I tillegg vil eg ha refundert biletten min, i og med at eg aldri i verda ville reist om eg hadde visst at eg måtte sitje utandørs.

Mvh.
Hanna Iversen,
5036 Bergen.



* § 5.
Forbud mot å gå fra bundet hund

Hundeholderen skal ikke gå fra en bundet hund rett ved inngangen til en bygning som er åpen for allmennheten eller ved lekeplasser.

Ref: http://www.lovdata.no/all/tl-20030704-074-002.html#5

Ser dykk, Susanna og mamma, eg KAN vera sakleg, sjølv om eg er sinna.

Med til historia høyrer at ferja til Tide faktisk snudde og kom tilbake og henta meg då eg haldt på å misse ferja (av di eg var så sjokkert over korrespondansen at eg trudde det var feil ferje.) 1-0 til Tide denne helga altså. Så no er vel stillinga om lag 65-1 til Rødne.
Så no skal eg aldri meir reise til Tysnes, inntil eg får bil i det minste, og kan køyre rundt.


Hjartesukk (fint ord for meir syting og klaging)

januar 15, 2008
8 kommentarar

Med fare for å høyrast ut som eg har peiling, eller trur eg har peiling, vil eg berre seia èin ting:

EG HATER WINDOWS VISTA.

No er det ingen løynd sjiraff at eg er særs dårleg med datamaskiner, men eg har jo faktisk lært av mine feil (noko som har resultert i at eg no kan øydelegge maskina mi på stadig meir avanserte måter) og har jo litt erfaring i å fikse sånne idiotfeil som gjerne oppstår frå tid til annan. Men dette Windows Vista, dette utysket, denne latterlege unnskuldninga for eit operativsystem, tar verkeleg kaka. Det tar alle kakene, på ein gong. Eg hat-hat-hatar det. Det viser seg fullstendig umogeleg å gjere den minste ting. Grunnen til at begeret har fått den berømte dropen sin, er no at naboen vår ville spleise på ein stor, fin boks slik at vi kunne få billegare og trådlaus internett. Javel, gode greier, og det fungerte fyrste dagen, men no er nettverket som sunke i jorda. På Susanna sin pc med XP fungerar alt smerteleg knirkefritt, medan på min, Vista-infiserte pc er det ingenting som bit på. Og i tillegg er det umogeleg å finne fram til noko som helst manuelt. Det går berre ikkje. Sånn er livet.

Skyt meg, berre skyt meg, seier eg.


Min kjære sjiraff

januar 8, 2008
3 kommentarar

Det er lenge sidan sist. Eg gløymde passordet, eller eg gløymde kor ein logger inn, eller kanskje eg berre har vore lat. Men no er eg her igjen.

Eg har ikkje skrive sidan i sommar. Eg kan oppsummere kva som har skjedd sidan sist.

  • Eg skifta jobb frå Nordås til Maaseskjæret, noko som inneber betydeleg kortare reisetid, meir jobbing og mindre kaffidrikking.
  • Fant ut korleis ein bruker espressomaskina til Susanna for å bøte på mindre kaffidrikking på jobben. Var veeeldig våken den perioden.
  • Tok tre fag dette semesteret, trur eg har stått i alle.
  • Blei fråstjåle eit par sko på fest, ganske bittert, så eg hadde ein lang periode der eg kun gjekk med slippers i allslags ver (men så “rydda” dei på jobben, så no er dei òg borte vekk).
  • Datamaskina mi, Sofie, daua i midten av semesteret, så eg måtte kjøpe ny, Lise-Lotte.
  • Embla blei feit i eksamensperioden og er det framleis.
  • Eg fekk kyssesjuka i sommar, og kan vel omsider sei eg er frisk, men har i staden fått jernmangel no. Men slikt fins det piller for.
  • Har framleis ikkje lært meg å sjonglere.

Det har nok skjedd meir, men eg hugser ikkje så mykje av det. Har oppdaga at eg gløymer ekstremt raskt. Dersom eg skal fortelle nokon om kva eg gjorde sist semester eller liknande, har eg som regel gløymd det meste. Det er ganske sært.


Takk.

juli 5, 2007
3 kommentarar

Eg vil nytte høvet til å rette ein ekstra takk til Maren, som flytta i frå maten sin og Marte, som har dratt på interrail for ein månad med full kjøleskåpshylle. Susanna var flink og tok med seg det meste, ho sette berre igjen nokre egg og ein pakke smør – ser de? Egg og smør. Dette er ting eg kan bruke. Men Maren: Fetaost og guacamole? Oliven?? Fullkornsspaghetti. (Ja, spaghetti i kjøleskåpet.) Dette er på lista over slikt som Hanna ikkje eter.

Og Marte. Du får eit eige avsnitt. Eg ikkje om eg orker byrje på maten din ein gong. Eg skulle snike til meg kvitost, men kva fann eg i boksen? Ein falsk hundebæsj oppå osteskivene. Blant andre ting. Dette kan forøvrig ha vore restar frå Daniel òg då, Marte skal ikkje få skulda for heile den hylla. Men altså. Stor, hårete takk til alle som har sett igjen mat til råtnings i Elvegaten – det gjer jobben min når eg skal vaske kjøleskåpet litt ekstra spanande. Eller opne det, for den saks skuld.


Presskanne på hovudet

april 25, 2007
3 kommentarar

Fulle banankasser. Det einaste eg ikkje har pakka ned er bestikk og kaffitraktar. Og pc’en.

Ho trampar i govet dagen og natta lang. Kenneth seier ho går som ein elefant. Eg trur ho har ein elefant. Eller kan hende ei søvnforstyrring. Det ville ha forklart ein heil del. Det er vanleg å la lidingane sine gå ut over andre, er det ikkje?

Eg veit ikkje. Det er i alle fall nok no, kjenner eg. Eg vil berre vere i fred. Eg vil kunne gå nn og ut av huset utan å forvente at nokon skal rope meg opp for å påpeike alt eg har gjort gale siste veka. Eller berre sjå stygt på meg.

Jajajajaja. Min kjære sjiraffven, du er no her og passar på. Kan du gjere slik at eg ikkje vert sjuk? Eg har mykje å gjere denne og neste veke.