Samtalar med ein løynd sjiraffven

Min løynde sjiraff…

Eg veit ikkje kva eg skal seie. For fyrste gong på veldig lenge har eg ikkje noko på hjartet og det er, overraskande nok, verre enn å ha noko å sei, utan å seie det. Det er som… Eg veit ikkje. Det er berre ingenting. Eg hater å ha rett. Eg har igrunnen rett altfor ofte.

Enkelte gonger er det heilt greit, det kan til og med vere bra dersom ein ser det frå den rette vinkelen, men det er ikkje alltid ein står med begge beina planta, og då vert vinkelen feil, og det gjer vondt. Skjønar du kva eg meinar, min løynde? Du treng ikkje skjøne eigentleg. Det går nok bra. Eg finn på noko anna, eg.


Posta på Emo crap