Fulle banankasser. Det einaste eg ikkje har pakka ned er bestikk og kaffitraktar. Og pc’en.
Ho trampar i govet dagen og natta lang. Kenneth seier ho går som ein elefant. Eg trur ho har ein elefant. Eller kan hende ei søvnforstyrring. Det ville ha forklart ein heil del. Det er vanleg å la lidingane sine gå ut over andre, er det ikkje?
Eg veit ikkje. Det er i alle fall nok no, kjenner eg. Eg vil berre vere i fred. Eg vil kunne gå nn og ut av huset utan å forvente at nokon skal rope meg opp for å påpeike alt eg har gjort gale siste veka. Eller berre sjå stygt på meg.
Jajajajaja. Min kjære sjiraffven, du er no her og passar på. Kan du gjere slik at eg ikkje vert sjuk? Eg har mykje å gjere denne og neste veke.
For dei som, på mirakuløst vis, ikkje har fått det med seg, skal eg altså flytte som følge av ei heftig nabofeide. Eg skal ikkje flytte langt, men flytting er flytting. Og med flytting følger det ein heil del “bagasje” (…).
I byrjinga gjekk det ganske bra. Eg byrja tidleg å planlegge, eg har til dømes teke med meg éin banankasse heim frå jobb kvar jobbedag sidan februar. Eg byrja til og med å rydde ut litt av skuffer og liknande. Men så tok det heile ei litt lei vending: Eg merka at etter kvart som tida gjekk, byrja eg å tenke på ein heilt ny måte i forhold til hus og heim. Saker som å rydde i eit rotete klesskåp vert uaktuelt. Eg skal jo flytte snart. Brette saman sengetøy? Pfft. Flytte! Vaske? HAH, sparar det til slutt.
Ein vil liksom redusere tingmengda maksimalt, sjølv om ein veit det vart ein tapt sak den dagen ein kjøpte seg kontrabass. Så, for å kompensere byrjar ein å kaste alle moglege småting, som papirark som eigentleg ikkje tek nokon plass overhovudet. Skal det ikkje brukast dei neste fjorten dagane, skal det ut (slik sett burde eg vel ha kasta ergometersykkelen min for eit år sidan).
Det var no mi side, men andre her i huset drar den enda lengre: Kenneth slutta til dømes å kjøpe mat for om lag fire månader sidan. Sikkert veldig praktisk heilt til den dagen ein vert sjuk og faktisk ikkje orkar å gå ned til byen. For å sei det slik: Du veit det er ille når Kenneth tilstår å ha stole ei appelsin av deg. Eg meiner, Kenneth åt ein frukt. Kor ofte hender det??