Eg er som kjend svært ivrig når det gjeld klagebrev, og her er eitt til. Tidlegare har me sett at eg har skrytt snøggbåtselskapet Rødne opp i skyene og rakka hardt ned på Tide. Men denne helga endra alt seg. Berre les her:
Hei.
Eg har nytta Hardangerfjordekspressen si rute til å reise mellom Malkenes (Tysnes) og Bergen i over eit år no, og har vore svært nøgd med tilbodet, i og med at det konkurrerande selskapet Tide har eit særs dårleg tilbod i form av ferje og buss som aldri korresponderar. Eg har reist mykje fram og tilbake med hunden min, og det har alltid gått veldig bra. Eg har i det store og heile vore kjempenøgd med Rødne.
I dag fekk eg likevel beskjed av mannskapet om at hunden ikkje kunne sitte i kupeen, men måtte sitte ute på akterdekket. Eg fekk beskjed om at eg ikkje måtte sitte der, berre hunden. Eg meiner at til og med mannskapet her må begripe kor uansvarleg det er å binde ein stakkars hund fast bakpå båten og forlate den der i ein og ein halv time. Det er svært bråkete og eit heilt nytt og ukjend miljø. I tillegg er det på grunn av konstruksjonen til MS Rygerkongen umogleg å forlate hunden utan å bryte hundelova sin paragraf 5.*
I ruteinformasjonen til Hardangerfjordekspressen står det eksplisitt at det er mogleg å reise med hund, men at ein må sitte på tilvist plass. Men etter mi meining må tilvist plass vere ein reell sitjeplass, ikkje baktrappa på båten (som i tillegg ikkje er lovleg plass å parkere hund). Det er ikkje haldbart å måtte sitte ute i februar, av di snøggbåten ikkje har tilfredsstillande konstruksjon i form av ein entre eller forværelse til kupeen. Minstekravet her måtte vore at ein vart ordentleg informert om kvar denne “tilviste plassen” er før ein går ombord på skipet. Mannskapet ser lett om ein har hund eller ikkje og kan gje grei beskjed om kva moglegheiter ein har. Dersom eg hadde fått beskjed før eg var ombord og båten var i gong, ville eg aldri gått ombord, og heller nytta ein annan transportform. Helst ein som er mindre helseskadeleg enn å sitte utandørs på snøggbåten.
På grunnlag av dette krever eg at ruteinformasjonen vert endra og/eller at mannskapet ved seinare høve vil gje tydeleg beskjed til reisande med hund. I tillegg vil eg ha refundert biletten min, i og med at eg aldri i verda ville reist om eg hadde visst at eg måtte sitje utandørs.
Mvh.
Hanna Iversen,
5036 Bergen.
* § 5. Forbud mot å gå fra bundet hund
Hundeholderen skal ikke gå fra en bundet hund rett ved inngangen til en bygning som er åpen for allmennheten eller ved lekeplasser.
Ref: http://www.lovdata.no/all/tl-20030704-074-002.html#5
Ser dykk, Susanna og mamma, eg KAN vera sakleg, sjølv om eg er sinna.
Med til historia høyrer at ferja til Tide faktisk snudde og kom tilbake og henta meg då eg haldt på å misse ferja (av di eg var så sjokkert over korrespondansen at eg trudde det var feil ferje.) 1-0 til Tide denne helga altså. Så no er vel stillinga om lag 65-1 til Rødne.
Så no skal eg aldri meir reise til Tysnes, inntil eg får bil i det minste, og kan køyre rundt.
Kjempe bra Hanna
Super stollt av deg!!!
Comment av Susanna — februar 25, 2008 @ 8:20 pm