Samtalar med ein løynd sjiraffven

Mitt verste mareritt | Jan 17th 2008

Dei som kjenner meg, har kanskje hørt om denne draumen før, og kan glatt hoppe over eit par linjer.

Det var i fjor, og sommaren var så vidt over. Før den byrja, hadde eg søkt om jobb på ICA Maaseskjæret, som ligg betydeleg nærare heimen min enn ICA Nordås (med kaffimaskina), der eg jobba før. Det hadde gått eit par månader utan at eg hadde høyrd noko om jobben på Maaseskjæret, så eg hadde slege meg til ro med å halde fram å jobbe på Nordås til enden av mi akademiske karriere (og forhåpentlegvis starten på eit “ekte” arbeidsliv). Men så skjedde det; eg fekk ein mail om at eg hadde fått jobb på Maaseskjæret om eg framleis var interessert. “Oi. Dette hadde eg ikkje rekna med”, tenkte eg i mitt stille sinn og vart litt småstressa over å måtte ta ei avgjersle igjen. Var det ikkje nok at eg hadde kvinna meg opp og levert jobbsøknaden? Eg skal ikkje dra historien ut i det uendelege i og med at dei aller fleste har fått med seg at eg jobber på Maaseskjæret no, men poenget eg skulle fram til var at den natta eg bestemte meg for å ta det store spranget til ein heilt ny ICA-butikk, hadde eg ein av dei særaste ICA-relaterte draumane eg har hatt.

Eg drøymde at på den nye jobben var det ingen kundar, sjølve butikken såg litt ut som ein skule-lab frå 70-talet, der kassane var bytta ut med benker med vaskar på, og at det var veldig mørkt og at alle PLU-kodane var nye (giiisp!). OI tillegg var uniformane grusomme (denne heng nok igjen etter den mykje omtalte beige-manneskjorte-perioden på Nordås). Me snakkar kordfløyeluniformar. Og ettersom det ikkje fantes kundar, satt vi tilsette berre på golvet og åt vafler. Greit nok. Men den verste delen av draumen kjem no, den delen som bekymra meg aller mest. Alle snakka dansk! Tenk dykk, tal på dansk. Eg veit ikkje korleis det er med folk flest sin viten om det danske talsystemet (firsfjers osb.), men eg skjønar verkeleg ikkje eit kvekk. Og med det, kjære lesar, kjem vi til denne gamle draumen sin noverande relevans, sakens kjerne, om de vil: Eg har nemlig kome i skade for å ta eit mattefag i år, og ja, dykk gjetta rett; forelesaren er dansk.


Posted in Kaffitraktar, Pjatt

3 kommentarar »

  1. Så ja, det ordne seg nok ;) You’ll get used to it. Eg forstår heller kje tall, men eg e jo utlending :P

    Hilsen Nammå

    Comment av Pakistaneren — januar 21, 2008 @ 10:36 pm

  2. På tide med oppdatering igjen!

    Comment av Susanna — februar 20, 2008 @ 3:34 pm

  3. Så søt du er! Dette går bra, det er eg sikker på. Forresten, eg har nett no lagt ut oppskrift på gulasjsuppe. Og linka til deg. :O Lykke til!

    Comment av kanarifanari — juni 30, 2008 @ 7:11 pm


Seie noko?Kommentar-RSS TilbakeSporings-URI