Med fare for å høyrast ut som eg har peiling, eller trur eg har peiling, vil eg berre seia èin ting:
EG HATER WINDOWS VISTA.
No er det ingen løynd sjiraff at eg er særs dårleg med datamaskiner, men eg har jo faktisk lært av mine feil (noko som har resultert i at eg no kan øydelegge maskina mi på stadig meir avanserte måter) og har jo litt erfaring i å fikse sånne idiotfeil som gjerne oppstår frå tid til annan. Men dette Windows Vista, dette utysket, denne latterlege unnskuldninga for eit operativsystem, tar verkeleg kaka. Det tar alle kakene, på ein gong. Eg hat-hat-hatar det. Det viser seg fullstendig umogeleg å gjere den minste ting. Grunnen til at begeret har fått den berømte dropen sin, er no at naboen vår ville spleise på ein stor, fin boks slik at vi kunne få billegare og trådlaus internett. Javel, gode greier, og det fungerte fyrste dagen, men no er nettverket som sunke i jorda. På Susanna sin pc med XP fungerar alt smerteleg knirkefritt, medan på min, Vista-infiserte pc er det ingenting som bit på. Og i tillegg er det umogeleg å finne fram til noko som helst manuelt. Det går berre ikkje. Sånn er livet.
Skyt meg, berre skyt meg, seier eg.
Grunnen til at kaffimaskin er ein tagg, var jo at eg meinte at eg heller burde hatt ei kaffimaskin enn ei datamaskin, men det gløymde eg å skrive.
Comment av Hanna — januar 15, 2008 @ 10:22 pm
Det er ein kategori. Taggar brukar du tydelegvis ikkje.
Comment av Mads — januar 16, 2008 @ 12:23 am
Hæh? Nehei, det står jo sånn ting med “right now in tags” også er det lista opp bla. “muggsopp”, som eg bruker ganske hyppig…?
Comment av Hanna — januar 16, 2008 @ 9:11 am
Ser det, men du kan bruka både kategoriar og taggar. Eg trur kanskje begge deler fungerer som taggar i systemet, men av taggar kan du lage ordsky, og det er kult.
Comment av Mads — januar 16, 2008 @ 4:47 pm
Aw, ein nynorsk blåggar til! Gratulerer som tredjeplassing. Du skriv fint!
Comment av Kanarifanari — januar 16, 2008 @ 8:42 pm
Og… Oi. Du linkar til bloggen min. Gesten vil bli gjengjeldt fra ei rørt kanari!
Comment av Kanarifanari — januar 16, 2008 @ 8:43 pm
Unnskyld. Eg såg på arkivet ditt. Du har vært her lenge, og er antakeleg ikkje ny på lista, heller. :skjemmast:
(Men du skriv framleis fint!)
Comment av Kanarifanari — januar 16, 2008 @ 8:44 pm
Eg kjøpte meg ny fangkork (laptop, som det heiter på nynorsk) for litt sidan. Eit skikkeleg monster av ei maskin, må eg sei. Den kom med Vi$ta pre-installert, men eg starta det ikkje. Eg putta i Linux-cden med ein gong, kopierte ut Windows på ei plate og la inn noko som fungerer betre. Men så måtte eg prøva ut Vista seinare, berre av di eg var nyfiken. Det er eg ikkje lenger. Herre min hatt så tregt det var. Og uhamsleg. Det ville så mykje som eg ikkje hadde lyst til! Og så var det så mykje det ikkje ville når eg trengte. Uff og huff.
Comment av Pianosaurus — mars 22, 2008 @ 2:49 am