Det er lenge sidan sist. Eg gløymde passordet, eller eg gløymde kor ein logger inn, eller kanskje eg berre har vore lat. Men no er eg her igjen.
Eg har ikkje skrive sidan i sommar. Eg kan oppsummere kva som har skjedd sidan sist.
- Eg skifta jobb frå Nordås til Maaseskjæret, noko som inneber betydeleg kortare reisetid, meir jobbing og mindre kaffidrikking.
- Fant ut korleis ein bruker espressomaskina til Susanna for å bøte på mindre kaffidrikking på jobben. Var veeeldig våken den perioden.
- Tok tre fag dette semesteret, trur eg har stått i alle.
- Blei fråstjåle eit par sko på fest, ganske bittert, så eg hadde ein lang periode der eg kun gjekk med slippers i allslags ver (men så “rydda” dei på jobben, så no er dei òg borte vekk).
- Datamaskina mi, Sofie, daua i midten av semesteret, så eg måtte kjøpe ny, Lise-Lotte.
- Embla blei feit i eksamensperioden og er det framleis.
- Eg fekk kyssesjuka i sommar, og kan vel omsider sei eg er frisk, men har i staden fått jernmangel no. Men slikt fins det piller for.
- Har framleis ikkje lært meg å sjonglere.
Det har nok skjedd meir, men eg hugser ikkje så mykje av det. Har oppdaga at eg gløymer ekstremt raskt. Dersom eg skal fortelle nokon om kva eg gjorde sist semester eller liknande, har eg som regel gløymd det meste. Det er ganske sært.
Jeg skjønner hva du mener med glemming, for hvis de dottene representerer alt du har gjort dette semesteret så har du ikke gjort så mye. Ellers så er det et perfekt eksempel på at du husker like dårlig som meg.
Jeg har lest noen andre blogger der de siterer setninger. Og jeg skjønner ikke hvordan de husker sånt! De må finne på det. For sure!
ps/ Im glad ur back
Comment av monlilli — januar 9, 2008 @ 1:15 pm
Det med skoa var jo dårlig gjort, men no slepp du i det minste å sjonglere, for du kan jo flyge drage!
Comment av Mads — januar 9, 2008 @ 3:09 pm
Ja, nei det skorter litt på husken ja. Men sånn stort sett har eg vel berre jobba, hehe.
Comment av Hanna — januar 9, 2008 @ 10:25 pm