Samtalar med ein løynd sjiraffven

Mitt verste mareritt

januar 17, 2008
3 kommentarar

Dei som kjenner meg, har kanskje hørt om denne draumen før, og kan glatt hoppe over eit par linjer.

Det var i fjor, og sommaren var så vidt over. Før den byrja, hadde eg søkt om jobb på ICA Maaseskjæret, som ligg betydeleg nærare heimen min enn ICA Nordås (med kaffimaskina), der eg jobba før. Det hadde gått eit par månader utan at eg hadde høyrd noko om jobben på Maaseskjæret, så eg hadde slege meg til ro med å halde fram å jobbe på Nordås til enden av mi akademiske karriere (og forhåpentlegvis starten på eit “ekte” arbeidsliv). Men så skjedde det; eg fekk ein mail om at eg hadde fått jobb på Maaseskjæret om eg framleis var interessert. “Oi. Dette hadde eg ikkje rekna med”, tenkte eg i mitt stille sinn og vart litt småstressa over å måtte ta ei avgjersle igjen. Var det ikkje nok at eg hadde kvinna meg opp og levert jobbsøknaden? Eg skal ikkje dra historien ut i det uendelege i og med at dei aller fleste har fått med seg at eg jobber på Maaseskjæret no, men poenget eg skulle fram til var at den natta eg bestemte meg for å ta det store spranget til ein heilt ny ICA-butikk, hadde eg ein av dei særaste ICA-relaterte draumane eg har hatt.

Eg drøymde at på den nye jobben var det ingen kundar, sjølve butikken såg litt ut som ein skule-lab frå 70-talet, der kassane var bytta ut med benker med vaskar på, og at det var veldig mørkt og at alle PLU-kodane var nye (giiisp!). OI tillegg var uniformane grusomme (denne heng nok igjen etter den mykje omtalte beige-manneskjorte-perioden på Nordås). Me snakkar kordfløyeluniformar. Og ettersom det ikkje fantes kundar, satt vi tilsette berre på golvet og åt vafler. Greit nok. Men den verste delen av draumen kjem no, den delen som bekymra meg aller mest. Alle snakka dansk! Tenk dykk, tal på dansk. Eg veit ikkje korleis det er med folk flest sin viten om det danske talsystemet (firsfjers osb.), men eg skjønar verkeleg ikkje eit kvekk. Og med det, kjære lesar, kjem vi til denne gamle draumen sin noverande relevans, sakens kjerne, om de vil: Eg har nemlig kome i skade for å ta eit mattefag i år, og ja, dykk gjetta rett; forelesaren er dansk.


Posta på Kaffitraktar, Pjatt

Hjartesukk (fint ord for meir syting og klaging)

januar 15, 2008
8 kommentarar

Med fare for å høyrast ut som eg har peiling, eller trur eg har peiling, vil eg berre seia èin ting:

EG HATER WINDOWS VISTA.

No er det ingen løynd sjiraff at eg er særs dårleg med datamaskiner, men eg har jo faktisk lært av mine feil (noko som har resultert i at eg no kan øydelegge maskina mi på stadig meir avanserte måter) og har jo litt erfaring i å fikse sånne idiotfeil som gjerne oppstår frå tid til annan. Men dette Windows Vista, dette utysket, denne latterlege unnskuldninga for eit operativsystem, tar verkeleg kaka. Det tar alle kakene, på ein gong. Eg hat-hat-hatar det. Det viser seg fullstendig umogeleg å gjere den minste ting. Grunnen til at begeret har fått den berømte dropen sin, er no at naboen vår ville spleise på ein stor, fin boks slik at vi kunne få billegare og trådlaus internett. Javel, gode greier, og det fungerte fyrste dagen, men no er nettverket som sunke i jorda. På Susanna sin pc med XP fungerar alt smerteleg knirkefritt, medan på min, Vista-infiserte pc er det ingenting som bit på. Og i tillegg er det umogeleg å finne fram til noko som helst manuelt. Det går berre ikkje. Sånn er livet.

Skyt meg, berre skyt meg, seier eg.


Fuck Tide

januar 14, 2008
Kommenter innlegget

Kjære Tide

Eg var dristig nok til å forsøke å ta buss og ferje heim til Tysnes på julafta (båten til Rødne gjekk ikkje, elles hadde eg glatt teke den). Eg tok 10:20-bussen frå Halhjem, som av ein eller annan mystisk grunn korresponderte med Våge-ferja som skulle gå 11:20 (ja eg veit, eg vart svært overraska, eg òg). Etter eit busskifte på Os, som eg sjølvsagt ikkje vart informert om, såg det faktisk ut til at eg akkurat skulle nå ferja. Det stod rett nok Halhjemsmarka på bussen, men det er jo svært vanleg at bussane køyrer ned til Halhjem kai før dei køyrer videre til Halhjemsmarka, det har i alle fall hendt kvar einaste gong eg har teke buss til Halhjem dei siste 12 åra. Men ikkje denne gongen. Neida. Bussen køyrde rett inn til Halhjemsmarka, UTAN å køyre innom kaien. Eg gjorde bussjåføren oppmerksom på at eg skulle nå ei ferje, og han sa at eg kunne få sitte på ned til kaien ETTER han hadde vore i Halhjemsmarka. Turen endte med andre ord med at eg måtte springe frå fyrste stoppet i Halhjemsmarka med kilovis av baggasje og ein hund på slep, for så å sitte på venterommet i over ein time medan eg venta på neste ferje. Det var stas. Takk Tide.

Dette skjer forøvrig kvar gong eg skal ta ferja. Etter at Tide tok over HSD viser det seg at korrespondanse mellom buss og ferje til Våge er heilt umogleg. Er det verkeleg så vanskeleg? Heldigvis fins det eit alternativ i Rødne og snøggbåten frå Bergen sentrum, elles hadde det vore uuthaldeleg å reise frå Bergen til Tysnes.

Helsing,

Hanna Iversen

Dette elektroniske brevet sende eg Tide den 26. desember i fjor, og trudde i grunnen dei hadde ignorert mine halvkvalte hjartesukk, då det brått dumpa eit svar ned i min elektroniske postkasse:

Hei!
Vi beklager den uheldige opplevelsen din da bussen ikke kjørte nedom
Halhjem fergekai før den kjørte til Halhjemsmarka.
Henvendelsen din er videresendt til sjåførens overordnede for oppfølging,
slik at lignende ikke skal skje igjen.
Ønsker deg igjen velkommen på bussen.

——————————

————————–
Med vennlig hilsen
Evelyn Knutsen

Eg syns ikkje Evelyn Knutsen verkar som ho tek seg særleg nær av at eg har truga med total boikott, og i tillegg har ho unngått å svare på spørsmålet mitt om det verkeleg kan vere så vanskelig å få buss og ferje til å korrespondere. Nei, det var IKKJE eit retorisk spørsmål. Dette var svakt, Tide.


Posta på Muggsopp

Mine fem favorittinnlegg på denne bloggen

januar 11, 2008
6 kommentarar

Etter ynskje frå Mads har eg funne mine fem favoritt-innlegg i frå starten i 2004 og fram til i dag.

Eg starta altså bloggen i 2004, ved eit uhell (eg ville berre kommentere på Mads sin, men den tillot ikkje anonyme kommentarer), då under namnet “I sentrum”, trur eg. Eller kanskje den heitte noko anna heilt i byrjinga, men etterkvart blei den heitandes “I sentrum”. I 2005, då eg fekk kaffitrakter til bursdagen, endra eg namn til “Mester Mocca og eg”, og sidan til “Mester Mocca og eg. Og Embla”, før no relativt nyleg då eg endra namnet til “Samtaler med ein løynd sjiraffven” i samband med ei historie eg skreiv for å søke på Skrivekunstakademiet. Skikkelig merkelig å lese mine eigne tanker dei siste tre åra, men litt herleg òg.

Her er i alle fall lista. Eg er ikkje flink med html og denslags, så eg skriver berre opp tittelen på innlegget og kva mnd og årstal, slik at ein lett kan finne innlegget i arkivet.

1) “Om gummihanskar og Herborg Kråkevik” – januar 2005

Skrive den dagen eg måtte vaske den vesle ferjedassen i Søndre Skogvei for oppkastet til Torgeir, som etter språkbruken å døme, var av ei anna verd. Min desiderte favoritt!

2) “Kan da ver nødvendig??” – februar 2005

Ein kan ikkje anna enn å bøye seg i støvet for retorikken i dette innlegget.

3) “Om internett-terrorisme” – juni 2005

Rebekka hadde i lengre tid terrorisert Ingvild og Øystein sin blogg. Eg påpeikte i ein kommentar at alle var klar over at det var ho, sjølv om ingen turde å sei det. Ho responderte så vidt eg hugser med å skrive ein særs stygg mail til meg, samt slenge inn eit par kommentarer rundt om kring. I dette innlegget skjenker eg av mine erfaringer. Eg er trass alt framleis ubestridt på dette området. Utan å rippe for mykje opp i det ;)

4) “Mitt liv på to og eit halvt minutt” – august 2005

Igjen viser eg mine overlegne reknekunnskaper.

5) “Død øve alle drittonga ” – spetember 2006

Den gongen Esther Williams fekk flatt dekk. Eg er særs nøgd med bruken av illustrasjonsfoto.

Dett var dett. Vanskeleg å velge, men moro å lese alt dritet om att, hehe.


Posta på Uncategorized

Åhåhå

januar 10, 2008
Kommenter innlegget

Dette innlegget skreiv eg i juli 2005 – det viser kor mykje eg veit…

Eg kom inn på Biologi

Jul 19
Comments
Hurra!

Men brått vart eg litt usikker på kva eg eigentleg skal med biologi. Hmmm… Ja, ja. Biologi er gøy då. Eg finn sikkert ut av det.

Eg har nemlig lurt litt på korleis det eigentleg hadde seg at eg i det heile tatt  byrja på biologi. No veit eg det: “…eg finn sikkert ut av det.”

Eg kan ikkje anna enn å le.


Posta på Uncategorized

Muggsopp og kaffi

januar 10, 2008
6 kommentarar

To flotte tema, som eg føler kanskje ikkje har fått den plassen dei fortjener på bloggen min er muggsopp og kaffi. No skal det nemnast at det var ein periode eg skreiv veldig mykje om kaffi, men det byrjar å bli ei stund sidan sist, så no er det på tide at temaet vert brakt på banen att. Muggsopphar eg skrive mindre om, men det er likevel eit høgaktuelt tema, som ein ikkje kan få nok informasjon om, etter mi meining.

Fyrst kaffi. Kaffi er, som de kanskje skjønar, veldig viktig for meg. Då vi fekk den mykje omtalte kaffimaskina på pauserommet på ICA Nordås, tør eg påstå at antall ekstravakter eg tok på meg auka sterkt, i tillegg til at trivselen steig betraktelig. Det skal òg nemnast at eg i denne perioden, med gjennomsnittleg seks store kaffikoppar per vakt, fekk svært mange kompliment for tempoet mitt i kassen. Ved ein anledning var det faktisk ein kunde som sa “åh, så bra det er deg – du er så rask!”. Og då var det faktisk ikkje Ståle eg jobba med. Så slik gjekk dagane i sikkert eit halvt år, før eg fann ut at eg burde skifte jobb, for det fantes faktisk ein ICA Supermarked like ved der eg bur. Det var særs vedmodig å forlate kaffimaskina mi på Nordås, men sånn er livet. ICA Maaseskjæret har ikkje kaffimaskin. Dei har eit kaffibord då, til både kundar og tilsette, men det vert ikkje det same. Det er lengre veg frå kassen til kaffien og ein sitt stort sett åleine i kassen, så det er vanskelegare å hente seg kaffi. I tillegg er koppane ganske små. Dette bekymrar meg. Eg er meir trøytt og fråverande på jobben. Eg trivst, men eg jobbar ikkje like raskt lenger. Det er rett og slett ikkje så sterkt kaffimiljø blant kassadamene der. Eg prøver å endre på det, men kaffien er så langt vekke. Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Det er sikkert sunt å ikkje drikke så enorme mengder kaffi på jobben, men likevel. Det er som eit tomrom i livet mitt.

Elles er det gode nyhende på heimefronten når det gjeld kaffi: 1) Susanna fann den siste delen til espressomaskina, så no kan eg bøtte innpå med espresso (skjønt, eg måtte sluttte då eg begynte å drikke krus med espresso i staden for slike små kopper). 2) Eg fekk ei kaffikanne (ei såkalla tv-kanne) til jul, så no kan eg lage meg ein liter i slengen så held den seg varm utan å bli sur og muggen av å stå på traktaren.

Dette leder meg til det neste temaet; Om muggsopp, fritt etter minnet (tar forbehold om feil, då dette ikkje er ein vitskapleg tekst, alle de petimetre der ute).

Muggsopp fins i mange former og fasonger. Kanskje meir enn tusen arter. Dei vanlegaste kan ta form som svarte prikker (på veggen på badet til dømes), vere grøn med pulveraktig konsistent eller den klassiske med kvite og/eller grå “hår” (hyfer), som er særs vanleg på blant anna råtnande frukt. Muggsopp tilhøyrer domenet Fungi, som då inneheld alle typer sopp. Kor vidt det fins noka spesifikk grense mellom “muggsopp” og “sopp” er vel tvilsomt. Klassifisering er i prinsippet subjektivt har eg endeleg funne ut etter snart tre år med biologi. Eg kaller alt som er smått og hårete for “muggsopp”, ein liten sekkebetegnelse der. Eg liker sånt.

I alle høve, sopp livnærer seg ikkje ved fotosyntese, som plantene (autotrofe organismar), men ved å “ete” døyande organisk materiale, såkalla heterotrofe organismar. Dei fordøyer maten sin eksternt ved hjelp av enzym og tar så opp næringsstoffa. Dermed kan soppen seiast å ha nærare slektskap til dyr enn til planter, som dei fyrst var antatt å vere.

Dersom ein ser nøye på ein type muggsopp, som til dømes Aspergillus niger, såkalla svartmugg – ein lettdyrkeleg sopp, som du gjerne kan finne på badet eller i andre våtrom, kan du sjå at den består av mange tynne kvite eller grå tråder, dette er hyfene, og det er dette som er sjølve soppen. Det som gjer svartfargen, dei små kulene på toppen av trådane, er sporangiene, sporeberarane. Det som er litt interessant, som kanskje ikkje folk tenker over, eg gjorde i alle fall ikkje det, er at desse sporangiane tilsvarer den delen av champignonen som vi faktisk et. Vi seier jo at den kvite runde veksten over bakken er sjølve soppen, men eigentleg er det berre sporeberaren. Sjølve soppen, hyfene, befinn seg under bakken. Det syns eg er litt sært å tenke på. Eg er ikkje sikker på dette, men eg trur eg har hørt ein stad at den eldste soppen som eksisterer hadde ein radius på fleire hundre meter under bakken. Det er mykje sopp!

Men ja. For å binde saman temaene og få ein avslutning her, kan eg fortelle historien om då Marte oppdaga at det var mugg i kaffitraktaren. Eller… Det var vel eigentleg heile historien. Ingen vits i å utbrodere. Eg kan berre nemne at det var svært traumatisk for oss begge. Eg begynte nesten å grine. Men det gjekk bra til slutt, då. Kaffitrakter-rens er ein flott oppfinning, som ikkje kan bli brukt for ofte. Og det er vel eigentleg dagens moral.

Til neste gong, min løynde sjiraff!


Min kjære sjiraff

januar 8, 2008
3 kommentarar

Det er lenge sidan sist. Eg gløymde passordet, eller eg gløymde kor ein logger inn, eller kanskje eg berre har vore lat. Men no er eg her igjen.

Eg har ikkje skrive sidan i sommar. Eg kan oppsummere kva som har skjedd sidan sist.

  • Eg skifta jobb frå Nordås til Maaseskjæret, noko som inneber betydeleg kortare reisetid, meir jobbing og mindre kaffidrikking.
  • Fant ut korleis ein bruker espressomaskina til Susanna for å bøte på mindre kaffidrikking på jobben. Var veeeldig våken den perioden.
  • Tok tre fag dette semesteret, trur eg har stått i alle.
  • Blei fråstjåle eit par sko på fest, ganske bittert, så eg hadde ein lang periode der eg kun gjekk med slippers i allslags ver (men så “rydda” dei på jobben, så no er dei òg borte vekk).
  • Datamaskina mi, Sofie, daua i midten av semesteret, så eg måtte kjøpe ny, Lise-Lotte.
  • Embla blei feit i eksamensperioden og er det framleis.
  • Eg fekk kyssesjuka i sommar, og kan vel omsider sei eg er frisk, men har i staden fått jernmangel no. Men slikt fins det piller for.
  • Har framleis ikkje lært meg å sjonglere.

Det har nok skjedd meir, men eg hugser ikkje så mykje av det. Har oppdaga at eg gløymer ekstremt raskt. Dersom eg skal fortelle nokon om kva eg gjorde sist semester eller liknande, har eg som regel gløymd det meste. Det er ganske sært.