Samtalar med ein løynd sjiraffven

Takk. | juli 5, 2007

Eg vil nytte høvet til å rette ein ekstra takk til Maren, som flytta i frå maten sin og Marte, som har dratt på interrail for ein månad med full kjøleskåpshylle. Susanna var flink og tok med seg det meste, ho sette berre igjen nokre egg og ein pakke smør – ser de? Egg og smør. Dette er ting eg kan bruke. Men Maren: Fetaost og guacamole? Oliven?? Fullkornsspaghetti. (Ja, spaghetti i kjøleskåpet.) Dette er på lista over slikt som Hanna ikkje eter.

Og Marte. Du får eit eige avsnitt. Eg ikkje om eg orker byrje på maten din ein gong. Eg skulle snike til meg kvitost, men kva fann eg i boksen? Ein falsk hundebæsj oppå osteskivene. Blant andre ting. Dette kan forøvrig ha vore restar frå Daniel òg då, Marte skal ikkje få skulda for heile den hylla. Men altså. Stor, hårete takk til alle som har sett igjen mat til råtnings i Elvegaten – det gjer jobben min når eg skal vaske kjøleskåpet litt ekstra spanande. Eller opne det, for den saks skuld.


3 kommentarar »

  1. Meg og Marte har ein intern hundebæsj leik ;) so da e eg so har skulda for at den var der, kunne du lagt den i sengo henas i staden for?
    Takk takk ;)

    Comment av Susanna — juli 8, 2007 @ 6:43 pm

  2. Okei, eg skal ta hundebæsjen ut av kjøleskapet og putte i senga til Marte i staden…

    Comment av Hanna — juli 8, 2007 @ 10:10 pm

  3. Dette er første gongen eg ser på bloggen din sidan juli. Meir Embla!

    Comment av Mads — desember 7, 2007 @ 1:52 pm


Seie noko? Kommentar-RSS TilbakeSporings-URI