Fulle banankasser. Det einaste eg ikkje har pakka ned er bestikk og kaffitraktar. Og pc’en.
Ho trampar i govet dagen og natta lang. Kenneth seier ho går som ein elefant. Eg trur ho har ein elefant. Eller kan hende ei søvnforstyrring. Det ville ha forklart ein heil del. Det er vanleg å la lidingane sine gå ut over andre, er det ikkje?
Eg veit ikkje. Det er i alle fall nok no, kjenner eg. Eg vil berre vere i fred. Eg vil kunne gå nn og ut av huset utan å forvente at nokon skal rope meg opp for å påpeike alt eg har gjort gale siste veka. Eller berre sjå stygt på meg.
Jajajajaja. Min kjære sjiraffven, du er no her og passar på. Kan du gjere slik at eg ikkje vert sjuk? Eg har mykje å gjere denne og neste veke.
Giraffar og bananer og elefantar. Du store mi tid! Eg kan hjelpe deg i neste veke hvis det trengs.
Comment av Mads — april 25, 2007 @ 1:27 pm
Imens får du høyra på “Let it be”.
Comment av Mads — april 25, 2007 @ 1:29 pm
Takk for tilbodet (aiaiai, folk er så flinke til å tilby seg å hjelpe!), men eg trur nok det skal gå bra. Kenneth skal hjelpe, mot at eg køyrer sakene hans òg. Me flyttar på sundag. Tjoho!
Comment av Hanna — april 25, 2007 @ 8:09 pm