Okei. Så eg kjøpte denne boka, av Milan Kundera, for om lag to år sidan. Eg har framleis ikkje lese den ut, så eg tenkte eg kunne sjå filmen i staden, sidan eg fann den medan eg leita etter ein annan film som me tydelegvis ikkje hadde (Dogville). Men eg sovna.
Dette skal liksom vere eit lite filosofisk mesterverk av ein roman, men eg klarer korkje lese boka eller å sjå filmen. Eg veit ikkje kva eg skal sei. Eg kjem jo aldri til å få vite korleis det går med Tomas, Tereza og Sabina. Kanskje like greit.
Eg har prøvd å lesa “Halvbroren” av Lars Saabye Christensen 3 gonger, men har aldri komme lengre enn side 20.
Comment av Hilde — mars 25, 2007 @ 1:47 pm
Eg har gjort fleire forsøk på å koma gjennom første kapittel av Don Quijote, men det viser seg at det er den eineste boka eg veit om som er meir tunglest en The Silmarillion. Som eg kom gjennom. Til slutt.
Comment av oc — mars 26, 2007 @ 3:03 am
Når me fyrst er i gong, så kan eg jo like godt tilstå at eg aldri fullførte Ringenes Herre heller. Og eg gjekk på do under den mest dramatiske sluttscenen i filmen.
Comment av Hanna — mars 26, 2007 @ 11:12 am
Eg prøvde å lesa Ulysses, men det gjekk ikkje.
Comment av Mads — mars 30, 2007 @ 4:43 pm
Eg prøvde å lesa Se & Hør, men eg klarte bare å sjå på bildene.
Comment av lars — april 2, 2007 @ 2:16 pm