Samtalar med ein løynd sjiraffven

"The Unbearable lightness of being"

Okei. Så eg kjøpte denne boka, av Milan Kundera, for om lag to år sidan. Eg har framleis ikkje lese den ut, så eg tenkte eg kunne sjå filmen i staden, sidan eg fann den medan eg leita etter ein annan film som me tydelegvis ikkje hadde (Dogville). Men eg sovna.

Dette skal liksom vere eit lite filosofisk mesterverk av ein roman, men eg klarer korkje lese boka eller å sjå filmen. Eg veit ikkje kva eg skal sei. Eg kjem jo aldri til å få vite korleis det går med Tomas, Tereza og Sabina. Kanskje like greit.


Posted in Uncategorized

Ehem.. Skeptisk!

Melding på studentportalen:

I løpet av feltdagene skal dere ombord i forskningsfartøyet Hans Brattstrøm. Av sikkerhets-messige årsaker trenger vi navn og telefonnummer til deres nærmeste pårørende. Vennligst fyll ut og returner ”info om pårørende.xls” senest 18 april 2007. Denne finner dere i fillageret.


Posted in Uncategorized

Snill verd, slem dame

Så, eg måtte ha meg ein nasespray då. For det begynte å renne gørr ut av nasen min, og eg skal på jobb i dag, så eg må nesten vere litt “tett”, viss du skjønar. Eg hadde berre saltvasspray heime. (Og ikkje få meg begynt på det skvipet! Eg kan ikkje fatte og begripe korleis den har havna i skåpet mitt i det heile tatt.) Så etter å ha gleda meg i to dager, eg klarte ikkje å kome meg ut av huset før pga. store puste-relaterte problem, kunne eg endeleg strene ned til nasespray-butikken. Eg passerte sjølvsagt kjapt 0,5 mg/ml-flaskene (slikt er for barn og gamlingar) og grabba til meg den flaska eg hadde sett meg ut og lengta etter så lenge: Otrivin, raud. 1 mg/ml. Gjekk til kassen for å betale, uinteressert i alt anna enn den dyrebare flaska, men kva møter meg? Eit mistenksomt blikk og eit spørsmål: “Vil du ikkje heller ha ein litt rimelegare type?”

Kjapt resonnement i hovudet mitt: “Rimelegare” = “svakare”.

Djevlekvinne!

Men det stoppa ikkje der. Ho presterte faktisk å seie at ein ikkje burde bruka denne nasesprayen i meir enn sju dagar, sjølv om det står ti på pakningen. OG SÅ sa ho at eg burde bruke den i kombinasjon med saltvatn.

Eg er svært opprørt. Som om eg ikkje har kontrollen. Eg kan slutte når som helst!


Posted in Uncategorized

Neida, seriøst

Eg har faktisk ein plan. Eg ventar ei veke eller to til, så byrjar eg å ringe på absolutt alt eg kjem over. Kollektiv og alt. Får eg ikkje napp då, set eg tinga mine på lager og flyttar heim til Tysnes for sommaren. Blir litt stress med eksamen 30. april ettersom eg skal vere ute av bustaden til då, men det skal nok gå. Det kunne vore verre! Eg kunne ha mista ein fot. Havna i rullestol. Eit eller anna slikt. Alt skal nok ordne seg. Treng berre litt tid, og det har eg heldigvis ganske mykje av, førebels.


Posted in Uncategorized

Ny Plan

Eg skal bu i Sandviken. Og gratis og altting. Eg treng berre slå hovudet mitt nokre fleire gonger. Eg kan få drops, med nydelege fargar? Trur du dei har raude? Eg håpar dei har plass til den litt hemmelige sjiraffvennen min. Fin seng og mjuke veggar. Kvit gensar? Ikkje raud? Kanskje eg kan be om å få alt i raudt, på innleggingsskjemaet. Embla er gal ho òg, så ho kan vel få vere med? Dei har vel eigen hundeavdeling. Trur du ikkje? Alt skal ordne seg.


Posted in Uncategorized

Okei, er det noko i det?

At eigarane byrjar å likne på hunden sin?


Posted in Uncategorized