Eg fekk panikk, av di eg kjende at eg held på å bli sjuk, så eg skulle berre forte meg å hive i meg alt eg fann av kosttilskot – eg har ganske mykje slikt av ein eller annan grunn – så då eg skulle hoppe opp for å svelge ei pille (dei fleste har vel fått med seg at eg ikkje klarar å svelge ein halv paracet eingong sittande), smalt eg hovudet i ei open skapdør. Ja, igjen. Det var faktisk veldig veldig vondt, for denne gongen var eg ikkje full.
Så no har eg ein stor kul. Det passar vel fint, sidan eg snart vert slått ut av influensa slik at eg kan stryke godt og langt på eksamen. Igjen. Hipp-fuckings-hurra.