Samtalar med ein løynd sjiraffven

Planen

januar 26, 2007
5 kommentarar

Eg held på å lære Embla å søke etter pengar. Det går ganske bra. Ho er flink. Eg gøymer eit kronestykke ein eller annan stad i bustaden, så finn Embla det og byttar det mot ein godbit (etter å ha tygd litt på det, det må vi lære ho av med). Dersom alt går etter planen, har eg råd til å kjøpe meg eit lite hus i skogen om berre nokre få år. Nabofritt.

Så der ser de, eg er ikkje jenta som legg meg ned og døyr når livet går i mot meg. Åneidu!

Planen, for dei som lurte, er altså at Embla skal finne ein heil haug med pengar til meg. Eller mange små, kvar dag.


Posta på Uncategorized

Treng ny plass å bu, eg

januar 25, 2007
Éin kommentar

Nokon som har husrom og hjarterom for ein roleg kontrabass, ein bråkete hund, ein kaffitraktar og ei kjøkenmaskin? Ja, også meg då.


Posta på Uncategorized

Kontrabass 4

januar 22, 2007
9 kommentarar

No er ho her! Eg trudde eg skulle måtte vente lengre, men no har eg altså fått meg kontrabass. Ho er tysk og heiter Oline. Ho fekk knekt halsen under tragiske omstendigheiter (skulle ein tru), men er blitt fiksa og solgt til ein rimeleg pris. Ho er ivrig etter å bli brukt att, ettersom ho framleis er ung. Etter trekket som fulgte med ho å døme, er ho født på 70-talet ein gong.

Her er ho kome på skeiva:


Posta på Uncategorized

Kontrabass 3

januar 8, 2007
6 kommentarar

No har eg lånt el-bassen til Mads. Det er berre ei ynkeleg etterlikning av ein kontrabass, men det er då noko å øve på, medan eg ventar.

Elles har eg begynt å samle saman småpengar og tomflasker, ete mindre (dvs. snylte meir på Mads og Jorunn) og høyre meir på jazz. I Februar/Mars skal eg hente den gamle sykkelen min på Tysnes og fikse den, slik at eg slepp kjøpe heilt ny sykkel. Esther Williams står framleis utanfor Bergen kultursenter, då nøkkelen knakk i låsen då eg skulle hente ho. Hekkesaks neste.

Også skal eg bli supereffektive studenten slik at eg får frigjort meir tid per dag til å øve. Eller kanskje eg berre skal slutte å sjå på tv og bruke internett.


Posta på Uncategorized

Kontrabass 2

januar 3, 2007
5 kommentarar

Det er litt som ei biologisk klokke. Brått sit ein ved frokostbordet og innser at ein må ha ein kontrabass. Og kva skal ein gjere? Kontrabasstrongen er ikkje til å stå i mot. Eg må ha ein kontrabass. Så snart som mogleg. Det er ei rein besetting. Eg har allereie gjort ei rekke livsendringsplaner for at dette skal gå til.

Nokon som treng ein lite brukt ergometersykkel? Berre 500 kroner.


Posta på Uncategorized

Kontrabass

januar 2, 2007
Kommenter innlegget

Eg ønske meg ein kontrabass øve alt i heile verdo! Gjerne ein elektrisk. Dei e superkule.


Posta på Uncategorized