Her er nokre bilete.

Embla har fått sin fyrste julepresang
Mamma, all dressed up.
Bellmann er veldig utolmodig på pakkane, som vanleg.
Pappa vart veldig glad for whiskyen eg kjøpte.
Sjå kva Mads har malt til meg!
Greit, så klager jeg en del over hvor umulig Embla er, men når alt kommer til alt, så er hun ikke så aller verst
(Ja, jeg prøver fortsatt å virke jovial ved å skrive på bokmål.)
Ja, eg veit, eg masar frykteleg på folk om at dei må halde på dialekta og skrive på nynorsk og slikt. Fordi nynorsk er best. Men, men, men… Eg las nokre bloggar på bokmål i stad, og det var så koseleg å lese bokmål, så då tenker eg i hovudet mitt at det må vere koseleg å skrive på bokmål òg – dessutan ser me jo kor traurige postar eg klarar å skvise ut på nynorsk. Så no tenkte eg å vere litt meir jovial og skrive ein snutt på bokmål.
Her, sånn.
Da var vi i gang vettu.
Øh.
Jeg… Shit. Ingenting å skrive. Dette ble litt press, kjenner jeg. Litt som å ha flere personligheter der den ene er fryktelig kjedelig og egentlig har ingenting å komme med, så den bare sitter der og stirrer. Mitt østlandske alterego har ingen meninger.
Oi, reddet! Akkurat når jeg trodde alt håp var ute for mitt østlandske meg, fikk jeg en såkalt “kjede-sms”. Fra en person jeg egentlig ikke har noe med å gjøre. Sjekk, så cheezy:
*KLEEEEM*
Juleklemmen er startet…Send denne beskjed til alle dem du holder av,og se hvor mange du får tilbake…Får du 1-3 er du en okay venn,får du 3-4 er du en god venn.Men får du 4-5 er du den beste venn som finnes.
Send denne også til meg:-)
HAH! Det er vel unødvendig å si at jeg kastet meg over telefonen for å returnere den meldingen. Skal vedde på jeg får TI tilbake.
Seriøst. Hva er det der for noe? “Kjede-sms!” BUUU! Noe slikt får en forresten aldri på nynorsk. Jeg bare sier det, jeg.
Men ja, nå må jeg lese til eksamen. Snaaart ferie nå. Eller “ferie”, som det heter når en er så glad i penger som jeg er, og sier ja til å jobbe på alt som er av hellige og upraktiske dager.
Okei. Eg sit og vurderar å gå ut. Blant folk liksom. Heilt friviljug (er det slik det ordet er?). Men eg er ikkje sikker. Det er dei dumme eksamenane. Eg haaaaar så lyst til å ikkje stryka kjempemasse på dei, og eg føler at dersom eg sit her, musestille, til eg sovnar, så kjem dette til å gå bra. Dersom eg går ut, blir våt og sovnar seint, går alt i dass. Igjen. Brent barn og det der.
Også er det denne demonen min då, Embla. Eg har låst ho inne. Det er dårleg gjort av meg, ettersom eg har vore på jobb i heile dag (og ho har lagt i buret sitt like lenge), men sidan eg er trøytt, så syns eg at ho skal sove. Men eg trur ikkje ho er einig med meg. Det er ho sjeldan.
Bah.
Eg kunne ha kasta meg ut for ei trapp (det fins mange av dei her i området). Eller hengt meg opp i eit tre. Svelgt ei plomme heil eller stappa vitale kroppsdelar ned i ein skorstein. For å ha noko å gjere. Men eg gjer det ikkje. Eg gjer ingenting. Eg er så dritlei av alle klisjeane.
“Det fins så mange moglegheiter. Eg veit ikkje kva eg skal velge. Og eg syns alle folk er idotar og rævhol. (Eller Brukarar.) Det einaste eg har lyst til her i livet er å drikke og klage over kor jævlig alt er. Dessutan er eg så forbanna djup og ingen skjønar meg. Eg er heilt åleine i verda og alle er teite.”
Er det no eg skal fjerne hermeteikna? Eg kunne vore Jens Bjørneboe. Korleis ender ein opp som noko anna enn ein klisjé? Det var ikkje dette eg ville skrive eingong. Dette har ingenting med noko å gjere.
Kvar blir det av deg? Du må kome å snakke med meg, slik at eg held kjeft. Eg orkar ikkje snakke meir sjølv no. Treng å ikkje høyre mi eiga stemme ei stund.
I går hadde eg eit møte med Susanna sine føter. Det var koseleg, sjølv om Susanna ikkje var der. Du har snille føter, Su.
Eg held på å få ei visdomstann. Det BØR vere plass til den i kjeften min. Elles vert eg sur. Eg nektar å betale pengar for å trekke ei tann. Eg klarar fint å gjere meg sjølv vondt på eiga hand. Eg har sett nok teiknefilmar i mitt liv til å vite korleis ein skal trekke ei tann. Ei dør, til dømes, men pass på at den svingar rett veg, elles vert effekten dårleg. Eller eg kan ta eit tau og knyte eine enden i tanna og andre i halen på Embla. Det hadde gått raskt. Eller, eller… Noko tungt, som eg kunne kasta ned til Sandviken. Men ikkje så tungt at eg hadde fulgt etter og daua. Det hadde vore dumt. Flaut, i det minste.
Hallo, kvar er du? Du må kome å passe på meg no.