Kvifor går verda til fucks når det er så fryktelig mange som veit betre? Alle seier at det er for gale at me brukar regnskogen til å lage spisebord, alle seier at verdshandelen er urettvis og alle seier at krig er dumt. Eg har aldri høyrt eit menneske seie at dei syns det er flott at me utnyttar u-landa. Aldri. Eg har har aldri hørt nokon seie at den regnskogen er ikkje noko særleg uansett, så me kan like godt brenne den og dyrke litt korn der i staden. Eg har hørt ein person seie at han vil krige. Men evolusjonen må jo ha noko å gjere den òg.
Er det verkeleg ikkje eit einaste fornuftig menneske som har litt makt? Betyr dette at eg kan få bli politikar?
Såh. Er det eigentleg meir etisk forsvarleg å teste kva stoff som gjer kreft (eller mutasjonar) på bakteriar framfor dyr?
Er det?
Det byrja eg å tenke på. Og så gjekk eg heile runden i hovudet mitt igjen. Om moral og etikk og om det er nokon forskjell på mennesker, dyr og fluger og kvifor eg støvsuger edderkoppar, før eg kom på at “hei, eg er jo ikkje kristen/religiøs, så eg har ingen moral”.
Jippi, for ein befrielse.
Eg har ingen moral. Kan det stemme? Eg gjer berre det som eg trur er rett i forhold til kva eg har lært av eigne erfaringar, min familie og vennar og samfunnet. Men er det ikkje nettopp dette ein kallar “moral”? Eg gjer det som eg tykkjer er forsvarleg, hovudsakleg ut i frå kva konsekvensar det medfører for meg. Eg kan drepe ei fluge som irriterar meg utan at det bryr meg noko videre og utan at nokon grip inn. Eg kan ikkje drepe eit menneske som irriterar meg (nei Kenneth, eg seier ikkje at eg vil ta livet av naboen), for det får konsekvensar. For meg. Eg seier ikkje at eg vil gått rundt og teke livet av folk dersom eg slapp å kome i fengsel, MEN det er umogleg å seie at eg garantert ikkje ville gjort det på grunn av “moralske” verdiar. Folk dreg jo i militæret.
Poenget mitt, om det er noko, er vel at det på ein måte er heilt umogleg å vite kven eg eigentleg er, kven nokon er, når det er så mykje støy rundt.
Og kva er det eigentleg som tel? Handling eller snakk? Eg meiner handling, trur eg. Men eg snakkar mykje.
Blah.
Eg bøyde meg og betalte fakturaen, men eg er heilt sikker på at dei har stukke nokre pengar under ein stol ein stad. Når eg får tid, skal eg sjekke opp i det. Og har eg betalt så mykje som 8 øre for mykje, SKAL DEI REFUNDERAST.
Kom igjen, la oss alle sei det saman:
BUUUUUUUUUUUUUUUUUUUUUUU
Fyrste mailen, frå meg til Chess sin “kundeservice”.
>>
>> Please do not change the subject on reply to this e-mail
>>
>>
> > >
> > > Hei. ser at jeg har motatt innkassovarsel pga., så vidt jeg kan se, 8
>> øre.
> > > nei, ikke kroner, ører. jeg tror det er trygt å si at jeg nekter å
>> betale
> > > purregebyr på 54 kroner pga 8 øre. skal betale inn de 8 ørene.
> > >
> > > hvorfor får jeg ikke en advarsel når noe er galt før jeg får
>> innkassovarsel
> > > og purring? og hvorfor blir det framsatt krav om å betale hele regningen
>> på
> > > nytt, når det kun er snakk om et restbeløp?
> > >
> > > hanna iversen
Please do not change the subject on reply to this e-mail
> On 27/10/06, kundeservice@chess.no wrote:
>>
>> Hei
>>
>> Takk for din henvendelse.
>>
>> Vi har nå sendt deg fakturakopi av regning som du har fått purring på slik
>> at du kan se hva du betaler for.
>>
>> Vennlig hilsen
>> Jørgen
>> Chess kundeservice
>>
>> Er det noe mer du lurer på håper vi at våre spørsmål- og svarsider på
>> www.chess.no/mobil/kundeservice/ vil kunne hjelpe deg.
>
WTF? Var det svar på spørsmålet mitt?
Så eg tenkte at no har dei fått pengane sine og levde livet mitt videre, så , i dag mottek eg ein sms med følgjande melding: “Hei. Din faktura er forfalt. Dersom betaling ikke er registrert innen 5 dager blir ditt abonnement stengt.”
Så sjekka eg opp i det og fann at den dumme fakturaen som eg betalte for sikkert to månader sidan framleis ikkje var registrert betalt og sendte svar til åndse-Jørgen hos Chess:
> Prøv å forstå nå da:
>
> JEG HAR BETALT DENNE FAKTURAEN!
>
> Jeg tastet litt feil og utelot 8 fuckings øre, som trodde jeg betalte inn
> ved første purring, men det viste seg at noe har gått galt, men jeg har
> rettet det nå. 8 øre. Jeg har lagt ved utskrift fra min nettbank som
> bekrefter at jeg har betalt opprinnelig faktura på 298,00 kroner, samt en
> som bekrefter restbeløpet på 8 øre, som jeg trodde jeg hadde betalt for
> flere uker siden. Jeg har allerede gjort det klart at jeg ikke akter å
> betale purregebyr på grunn av 8 øre.
>
> Hanna Iversen.
>
> > >
Hei
Takk for din henvendelse.
Vi har sjekket denne saken og det som er skjedd i denne saken er at fakturanummer 32091772 ikke var registrert betalt i våres systemer, så når du betalte inn kr 298 til oss så ble disse ført mot fakturanummer 32091772 da det ikke ble benyttet riktig KID nummer .Så her skal alt være i orden og du må nok her betale inn kr 298,08 til oss en gang til.
HÆ?! BUUUUUUUUUUUUUUU!
Eg har sendt eit svar, for å sei det slik, der eg har gjort det klinkande klart at eg ikkje har tenkt å betale nokon rekning to gonger. “Kundeservice”. PØH! MY ASS!
Ein entry som ikkje berre er egosenrisk
Halloween-fest hos kusine Andrea
Eg, Jorunn, Mads og Torgeir var på Halloween-fest hos Andrea og Torstein på laurdag. Bileta blei ganske dårlege, for det var ganske mørkt og skummelt der, men eg legg no ut nokre for det.

Tante Irene hadde baka Pumpkin-pie av utskrapet frå eit graskar. Den var ikkje så dårleg som ein skulle tru (på grunn av graskar-delen, ikkje Tante Irene). (Foto: Kine)

Eg er utkledd som eit mislukka eksperiment, Mads kom iført lab-frakken min som gal professor. (Foto: Mads)

Andal-Iversen, still going strong.