Samtalar med ein løynd sjiraffven

Embla møtte ein kjekk framand i dag


Posted in Uncategorized

Eg seier det igjen, eg

Verdos tøffaste hundar.


Posted in Uncategorized

LIGG UNNA ESTHER WILLIAMS!

I dag las eg noko i BT si papiravis som uroa meg kraftig.


Posted in Uncategorized

Den nye bøtta lar vente på seg

Då eg fortalte Jorunn at eg hadde planar om å kjøpe meg ny bøtte, sa ho at eg heller kunne få ei av ho. Dermed kjøpte eg meg ikkje ny bøtte den dagen. Men det viser seg at alle bøttne til Jorunn står på skulen hennar, så eg har ikkje fått noko enno. Dermed forblir me på Breistølen bøttelause, inntil vidare.

For å gå over på noko litt anna, så har eg kjøpt ein ny leike til Embla. Det er ein ball som ein kan putte snacks inni. Det er heilt genialt. Så no har eg gjort Embla ballgal. Og eg meinar det er ein god ting. Me får no sjå.


Posted in Uncategorized

Ny bøtte

I dag skal eg på jobben i ICA-land. Der skal eg kjøpe meg ny bøtte. Dette blir spanande. Bilete kjem så snart som mogleg.

Grunnen til at eg må kjøpe ny bøtte, er forøvrig* at eg lånte vekk den gamle, som eigentleg var relativt ny, til ein eller annan handtverkar. Eg sa at han skulle sette den utanfor leiligheita** når han var ferdig, men han høyrte tydelegvis orda “konfisker bøtta mi” i staden.

Moralen er i alle fall at ein aldri skal vere hjelpsam med mindre ein er førebudd på at ein kjem til å få svi for det etterpå. Kor vanskeleg er det eigentleg å sykle på Esther Williams med ei bøtte? Eg tippar over middels. Eg må visst òg hugse å fikse bremsene hennar snart, slik at eg kan byrje å sykle heilt opp, slik at eg kan sykle heilt ned utan å risikere å daue når eg kjem til trappa (holdt på å køyre utfor sist gong).

Og til slutt må eg berre få sei at eg syns dagens samfunn diskriminerar nynorsk. Sylfest Lonheim eller ikkje. På deleksamen min i går stod det at den ville bli delt ut på NORSK og nynorsk. Kva er det då??

*Treng eit nynorsk ord for “forøvrig”
**Og “leilighet”


Posted in Uncategorized