No har eg jobba som ICA-medarbeidar i over to år, og i denne tida har eg: Blitt skjelt ut eit uttal gonger på grunn av alt i frå epler til ølsalg. Eg har blitt anklaga for agurksvindel, bananmishandling, soppbesudling, poseunderslag, likegyldigheit, og mykje, mykje anna. Kort sagt har eg blitt skulda or alt som er gale med samfunnet og verda elles. Eg er vorte brukt som alle typar støtteapparat; for mennesker med låg sjølvtillit som treng nokon å heve seg over, for mennesker med høg sjølvtillit som berre likar å heve seg enda litt meir. Kor mange gonger har eg ikkje blitt belært om alt i frå ost til kvitteringspapir? For skrullingar som berre er skrullete og viser meg magen sin og forteller meg alt mogleg rart, eller vil bytte varer som tydeleg har lagt heime hjå dei i fleire år, for ikkje å snakke om dei som kjem og vil betale med fjernkontroll. Snobbar som vil skryte av feriar, hytter og hus. Idiotar med idiotvitsar. Så mange gonger eg har høyrd: “Nei, eg få’sje noe igjen på an likevel” (om kvitteringen) og “Ja, eg få’sje plass til det i lommene!” (om posar). Hadde eg berre fått eitt øre for kvart falske “heheeheeeh”. Og dei forbanna ungane som aldri aldri aldri aldri klarar å rekne saman kor mykje dei har handla for. 50 øre for lite er framleis FOR LITE!
For ikkje å snakke om det siste nye: Ei lita utenlandsk dame som følger etter meg, glor på meg, masar på meg om eg har tid til ho etter jobb, om kor ofte eg jobbar, om telefonnummeret mitt osv. I dag venta ho på meg i sikkert 40 minutt medan eg handla og spiste lunsj!
130 KRONER TIMEN ER IKKJE NOK!
Eg treng visst ein atferdskonsulent for å få naboen til å halde fred.
Eg kjenner igrunnen ikkje igjen ansikta til naboane mine. Ikkje ein gong når eg treff dei i huset. Dette kan moglegvis verta eit problem. Men dei er vel kanskje for opptekne med å snakka på meg til å oppdage at eg ikkje anar kven dei er.
Klagemelding
Såh. Eg dreit på draget. Eg klarte å gløyma/mista/kasta vekk/bli fråstole vesko mi i går. Litt på same vis som med digitalkameraet og Roskilde, berre verre. Eg hadde sjølvsagt teke med meg mp3-spelaren (det tredje/fjerde gjevaste gjenstanden eg eig) på byn denne dagen, noko eg aldri elles pleier å gjera, og i tillegg hadde eg teke ut ein haug med pengar til busskort og bursdagsgåve til Kenneth (ja, det var Kenneth sin bursdag i går), som eg gjekk rundt med, slik eg aldri pleier å gjere.
Slik går det faktisk når ein har lommebok, hadde eg ikkje hatt denne, ville pengane lagt heime, der dei skulle vere og resten i lomma. Og veit de kva eg nett kom på? Eg visste at dette kom til å skje. Eg sa det til Martin (på ICA) då eg byrja å gå med lommebok i sommar. Eg sa “(…)Dette kjem heilt sikkert til å gå gale.” Han trudde ikkje noko på det, han berre lo. Men eg hadde rett, sjølvsagt hadde eg rett. Eg har alltid rett når det gjeld slike ting. Utruleg frustrerande. Kvifor hadde eg ikkje rett då eg trudde at veska låg trygt på café Jonsvoll i staden? Det er ei pokkers forbanning, det er det det er.
Den lommeboka var faktisk stappa full. Ein skulle tru eg hadde førebudd meg litt ekstra på at eg kom til å misse den. Eg hadde sirleg lagt i både hundeforkupongar og alt mogleg rart. No må eg skaffe meg alt mogleg nytt. Førarkort må eg ha, det er det verste, for eg skal bruke bil i heile helga (stemmer, noko eg ikkje elles pleier å gjere), så i morgon må eg køyre til Fyllingsdalen og få midlertidig førarkort. Og eg kjem garantert til å bli stoppa på vegen og verte bøtelagt, visst faen kjem det til å skje. Sjølv om alle seier at det går bra, at politiet ikkje er så nøye på det, så kjem det til må skje meg. Kvifor meg? Fordi eg er meg.
Hol i skoen min har eg fått òg. Den nye (kortare enn eit halvt år er “ny” for skor), raude, unormalt dyre skoen min. Den er rett og slett vorte så tynnslitt at tåa snart stikk ut. Roten er den òg på grunn av alt vatnet i Bergen, som berre IKKJE KLARAR å samle seg i dei straumgreiene. Vassmagasin heiter det vel. Eg brukte søren meg to år på å herpe dei førre skorne mine, og dei kosta berre 249,- kroner hos Leif Helland ute på Triangelet i Våge. Det kosta ikkje dei skorne eg har no, for å seie det slik. Å bu på Breistølen er tydelegvis ingen dans på roser, reint skomessig. Eller økonomisk.
Einaste lyspunktet er at eg ikkje hadde mobil, nøklar eller den nye sykkelpumpa i veska. Og at eg ikkje hadde kjøpt dei nye, dyre øyrepluggane eg har gått og sikla på siste månaden.
Eg skal danne ei avhaldsforeining, det er det eg skal. Dette kan moglegvis kome til å kollidere litt med mi stilling som nest-leiar i Tysnes Whiskyforeining, men det er jo ikkje verre enn at eg kan ha samlingane på ulike dagar i veka. Eg skal i alle fall aldri meir ta med meg verdisaker når det er alkohol inne i bilete, for ein veit faktisk aldri. Du tenker at det skal vere ein roleg kveld, og så plutseleg kjem han nederlandske sjefen til Kenneth med drinkar som ein kan tenne på og drikke raskt med sugerøyr. Det måtte jo gå til helvete.
Og det gjorde det så til dei grader. Eg kan ikkje fråskriva meg noko ansvar ein gong, for det er berre mi eiga fuckings feil alt saman. Stakkars Embla som har ei så uansvarleg mor.
Dette er sykkelen min:
Vel, teknisk sett er det ikkje min sykkel, men eg får låne den på ubestemt tid av pappaen til Susanna, så eg kallar den min sykkel. Eg kallar den òg Esther Williams. Eg veit ikkje om det er det den heiter, men eg kallar den det.
Eg har til og med kjøpt ein lås til Esther Williams, den billegaste sorten ein finn i ein sportsbutikk (eg skulle ha gått på Clas Ohlson), slik at ingen skal finne på å stjele ho frå meg. Hanne seier at denne typen lås er den lettaste å øydelegge, av di ein berre treng fryse låsen med isspray og så gje den eit kakk, men eg håpar ingen kjem til å gjere det.

Figur 2: Låsen til Esther Williams, som lett kan øydeleggast
I dag hende det noko som opprørte både meg og Esther Williams: Nokon, mest sannsynleg ein liten pøbelunge, hadde sluppe all lufta ut av framdekket til Esther Williams. Det var heilt flatt.
Figur 3.1: Flatt dekk (illustrasjonsfoto)
Kven er det som gjer noko slikt?? Eg var så provosert! Flatt dekk! Eg kom for seint på forelesning og alt var gale. Kvifor, kvifor, KVIFOR?? Også den minst tiltrekkande av alle syklane til stades. Eg skjønar ikkje at det går an å vera så bedriten.

Figur 3.2: Flatt dekk (illustrasjonsfoto)
Også måtte eg kjøpa meg ei sykkelpumpe. Eg har klart meg så fint utan i fleire år, men i dag måtte eg kjøpa ei.
Figur 4: Ny sykkelpumpe (billegaste sort på Clas Ohlson, der eg skulle ha kjøpt låsen min)
Sykkelpumpa, eg trur eg kallar den Bernt, fungerte heldigvis fint, trass i den låge prisen, så no er Esther Williams nøgd igjen.

Figur 5: Esther Williams smiler
Heldigvis, det gjekk bra til slutt.
Embla og Ronja likar kvarandre faktisk veldig godt, til eg og Susanna sin store glede, trass i at Ronja generelt sett mislikar andre tisper og trass i at Embla generelt sett framstår som noko voldsom og ganske irriterande ovanfor hundar som er eldre enn ho sjølv. Her er i alle fall nokre bilete frå søndag då dei leika bak i “hagen min” på Breistølen
Kven vil ikkje hjelpe dette vakre trynet (det vakre trynet til din høgre, altså) å kome på tv? Sjekk ut nettsida til Kjempesjansen på NRK.