Samtalar med ein løynd sjiraffven

Kor e’ alle heltar hen?

Chuck Berry, Keith Richards, Billie Holiday, Buddy Holly, Nina Simone, the Beatles, Elvis Prestley, Sex Pistols, Joy Division, the Smiths, Nirvana, Oasis, Jeff Buckley … til og med Spice Girls: Dei har alle påverka si samtid og ettertid på sin måte.

I dag covrar Bono seg sjølv saman med Mary J. Blige. Paven (den rette) er daud. Espen Lind får framleis lov å gje ut plater. Me har ingen Hitler eller Stalin. Saddam Hussein er blitt stilt for retten. Årets sommarhitar er det glamourmodellar som står for. Bruce Springsteen har laga seg eit skrangleorkester. Nemnde eg Espen Lind? Mot alle odds er det enno ingen som har rive ut tunga hans og knekka alle fingrane. Og Michael Jackson… Det er ingenting som sjokkerar lengre. Ingen barrierar å bryte. Kven er det som påverkar samtida? Gavin Degraw??


Posted in Uncategorized

Ein leik med ord

Eg har lest begge bøkene min, og det er ingenting på tv. Satt og leika med ord, så kom dette. Det verkar som ei byrjing på noko. Legg det ut, slik at det ikkje skal gå i gløymeboka.

Rommet.


Det er noko befriande ved å vere så gal som eg er, så hinsides det aller meste. Eg veit at størsteparten av det eg tenker berre er tull. Eg veit det og lar tankane halde på, som om dei er noko eige, i eit rom , uavhengig av meg og mitt. Tankane mine står for seg sjølv.

Av og til finn eg mykje underhaldning i å prøve å fylgje mine eigne tankerekker. Andre gonger vil eg berre ha fred. Fred frå alt bråket. Lukke døra til det rommet. Då set eg på høg musikk. Ikkje klassisk musikk, klassisk musikk gjer så mange assosiasjonar og verkar dermed mot sin hensikt. Eg set heller på noko med mykje tekst, noko som musikkritikarar gjerne fnyser av. Gjerne ein fengande melodi, som distraherar meg frå alt ”der inne”. Radio til dømes. Fjernsyn er også ein god ting, når ein skal stenge tankar ute. Sjeldan har menneska funne på noko så tankekvelande. Det er heilt fantastisk. Eg tenker at eg burde få meg eit større fjernsyn.

Eg fell ut igjen. Vaknar på eit vis, sittande der eg alltid sit, men eg hugsar ikkje når eg gjekk og satte meg, når eg sist tenkte ein bevisst tanke. Fjernsynet står på, på NRK1 av ein eller annan grunn. Har eg sett på NRK? Dei viser eit kulturprogram av eit eller anna slag. Ein dokumentar, trur eg. Noko som skal få meg til å tenke? Nei takk. Eg slår over på TV-Norge, denne herlege kanalen. Der viser dei eit program som går ut på at feite, ulukkelege amerikanarar skal bli tynne og lukkelege. Dei seier det sjølv; “I just want to be skinny and happy.” Eg lar det stå på.

Nokre gonger tenker tankane mine at eg har kasta bort livet mitt. Dei tenker at eg kunne blitt noko. Dei tenker for meg at eg berre er eit patetisk gamalt krek. Sjølv om eg eigentleg ikkje er så gamal som tankane mine skal ha det til. Dei seier så mangt, tankane. Eg prøver å konsentrere meg om fjernsynet, dei feite amerikanarane. No spring dei. Dei store kroppane deira dissar ubønnhørleg. Det er eit grotesk og vakkert syn på same tid; måten feittet faldar seg nedover bein, armar, det me ikkje ser. Eg tenker, eller tankane tenker, det er ikkje alltid så lett å vite, at eg burde vore feit, hatt ei konkret liding. Då kunne eg ein dag ha bestemt meg for å bli frisk, så kunne eg ha gått ut, og viss det hadde vore ein film på fjernsynet, så hadde dei vist ein montasje, som i den der boksefilmen, eller Slankekrigen, kjappe sekvensar, motiverande musikk, og alt hadde gått fryktelig raskt og på berre eit par minutt hadde eg vore eit nytt menneske. Men livet er ikkje som på fjernsynet, tenker eg, tenker tankane mine, og saman sukkar vi høgt.

Ein dag bestemmer eg meg for å gå ut. Det er ikkje noko eg har planlagt, det er ikkje ein gong noko eg har vurdert seriøst på lenge, men så plutseleg bestemmer eg meg. Eller kanskje er det ikkje eg som bestemmer meg? Kanskje det berre er tankane mine som har bestemt seg for å spele meg eit puss igjen.

Eg går ut døra frå min vesle toroms, ut i korridoren. Har den alltid vore denne fargen? Eg tek trappene, ikkje heisen. Vil gjere det ordentleg. Eg bur i fjerde etasje, det er eigentleg litt for høgt, tenker eg ofte.

Ute regnar det. Det er visst ikkje uvanleg i denne byen. Eg går litt. Tenker at eg burde kjøpe meg ein paraply, men slår det frå meg ettersom regnet i denne byen er så altomfattande at noko anna enn heildekkande regnklede er håplaust. Tankane mine tenker at eg burde kjøpe meg eit telt og busetta meg her nede på bakken, slik at eg ikkje fell ned. Eg tenker at eg burde kjøpe ei avis. Helst Dagbladet.

Det er lenge sidan eg har sitte på ein café og lese ei avis, slik eg gjer no. Eg bestilte ein vanleg, svart kaffe. Det fekk eg, så vidt eg kan sjå òg, men i ein kopp så liten at dei like gjerne kunne servert meg eit fingerbøl. Eg kjenner meg som ein kjempe når eg drikk av den vesle koppen. Eg tenker at det går mange mennesker rundt meg på alle kantar, menneske på storleik med maur, og eg tenker at eg kan klemme dei alle flate, ein etter ein. Denne tanken trøystar meg.

I avisa står det om daud, krig, terror med bomber, fotball og moteklede. Alle dei viktige tinga i livet, med andre ord. Tankane mine tenker på bomber og fotball. Noko eg ikkje fangar opp, eg prøver å konsentrere meg om verda utanfor nett no. Eg ser meg rundt. Det er ein såkalt trendy café eg har villa meg inn på. Den har sterke fargar, store flater, unge folk og relativt høg musikk. Alle inntrykka gledar meg. Det gjer det lettare for meg å halde merksemda mi på omgjevnadene. Eg har alltid likt sterke fargar. Eg kjenner på ein måte at dersom fargane ikkje er sterke, kan det vere det samme. Då kunne ein like gjerne ha kutta dei ut. Tankane mine tenker at det er slik eg kjenner det når det gjeld folk òg.


Posted in Uncategorized

JAAAAAAAAAAAAAAAAAA

JAAJAJAJAJJAJAJAJAJAJAJAJAAAAAAAAAAA!
Roskilde var toppen av alt. Eg trudde ikkje det gjekk an å ha det så gjennomført bra. Camp Tysnes (og Håvard – osingen) rule berre gato liksom.
Men desverre vart fotokameraet mitt stole/rota vekk fyrste kvelden, så eg fekk ikkje teke bilete noko bilete sjølv, men så snart Susanna kjem heim frå Amsterdam-England, skal eg få tak i dei. Og Kjetil sine vil eg og ha, for dei var berre BEST. Tool-konserten… Eg vil igrunnen ha alle sine bilete. Gje meg bilete, folkens! Ja.

No er eg atter på Tysnes med ein liten, småfeit hund som blei så glad då eg kom at ho tissa på seg.


Posted in Uncategorized