Samtalar med ein løynd sjiraffven

Neste gong

Ingen Lemsip i dag!

Tysnes-kråko

No har eg bestemt at eg er frisk. Eg høyres rett nok ut som ei kråke når eg snakkar, men eg kan stå på beina og puste litt og sånn. Det passar igrunnen heilt fint at eg høyres ut som ei kråke uansett, ettersom eg reiser til Roskilde i morgon for å joina camp Tysnes med dei rosa kråke-t-skjortene. ÅH, SOM EG GLER MEG! Fem dagar med god musikk og godt øl med gode venner. Blir det betre? Hmm? Aaah.

Embla skal vere her heime og plage mamma og pappa medan eg kosar meg i Danmark, så skal eg gjengjelde tenesta med å tilbringe ei veke eller to på Tysnes og passe Bellmann, medan mamma og pappa er i England og Roma. (Roma! Kvar blei det av dei endelause bilturane i Hardanger som eg og Mads alltid måtte vere med på??)

Jaja, det var alt. No skal eg glede meg litt til i morgon. Trass i at me må stå opp supertidleg for å ta eit fly som går fem på sju – 7! Også håpar eg desperat at 70-tallsteltet framleis lever etter at Selda og Lars lånte det på Quarten i fjor… Skulle kanskje ha tatt det ut og tørka det, ja.


Posted in Uncategorized

Hallo, her er eg!

Antal Lem-sip i dag: Fire (som er grensa, men eg skal drikke fleire, haha! sa ho, medan ho stod der med skrumpleveren sin i handa).

Nei, me har visst ikkje internett på fagre Breistølen, og alle naboane er sånne teite romper som sikrar nettverket sitt, så me forblir internettlause i ein kortare eller lengre periode til, alt etter kor lat eller flink eg kjenner meg. (Kenneth sa at det var mitt ansvar å skaffe internett, sidan han ikkje er spesielt interessert i denslags.)

No er eg på Tysnes, ironisk er det dog, at eg må ta den lange turen fra byen/fjellet og ut til “landet” for å benytte meg av interaktive tenester. Men sånn er no ein gong livet. Eit sus i sivet, som Annbjørn (Sjefen) ville sagt. Og spøkefullt lagt til “og ikkje ta den ironiske tonen”. Det kjennest som eg ikkje veit kva ironi er lenger. Verdas mest (eller minst?) brukte litterære verkemiddel. Nanana.

Eg er altså på Tysnes, med Embla. Mester Mocca er heime og tilbringar litt kvalitetstid saman med Kaffikongen (nei, ikkje Herman, men Kenneth). Eksamenane er unnagjort (med hell eller uhell?) og eg har til og med fått ferie frå ICA-land. På onsdag er den store dagen; eg reiser til Roskilde, og sidan det er den tida på året, har bakteriar, type forkjølelse, inntatt kroppen min, mitt såkalte tempel. Takk Gud, eller Dronning Elizabeth, for den fantstiske trolldrikken Lem-sip, denne herlegheita som tillet meg å stå på beina.

Har eg noko poeng her? Neppe.
Nokon som bryr seg? Neppe.
Bør ein svare på sine eigne retoriske spørsmål? …

Der tok eg meg sjølv i å vere flåsete, men eg tillet det sidan eg er sjuk, og sidan eg desperat treng å skrive noko.

Til neste gong.


Posted in Uncategorized