Samtalar med ein løynd sjiraffven

Greit Mamma

mai 28, 2006
7 kommentarar

…eg får vel heller oppdatere litt då.

Eg og Kenneth har flytta til Breistølen over Sandviken. Der er det altfor mange trapper og supersmale vegar, men til gjengjeld ein fantastisk utsikt. Skal prøve å legge ut litt bilete frå leiligheta så snart me får rydda litt. Også må eg sjekka om nokon av naboane har usikra internett. For øyeblikket er eg på Tysnes med Embla.

Det var det. No håpar eg du blei glad, mamma.


Posta på Uncategorized

Oppdatering for oppdateringens skuld

mai 1, 2006
6 kommentarar


Kva kan eg sei? Fotball, tur i skogen med Embla, iherdige forsøk på å lesa, byturar og utandørs café-besøk. Og ICA.

Me leitar etter ein stad å bu; Kenneth, Embla, Mester Mocca, Snupi, Byron, Mr. Ergo, Tante Olga og eg. Det er vel strengt tatt unødvendig å seie at det ikkje akkurat er noko kakestykke å få tak i ein slik ideell bustad. I alle fall dersom ein er ute etter ein human leigepris, som oss som så vidt er over fattigdomsgrensa i følge ei eller anna avis.

Elles er det vel lite som går føre seg.


Posta på Uncategorized