Samtalar med ein løynd sjiraffven

Resultatet

Mads sine bilete vart litt under standard (Vel er eg kjend for å fire på krava når det gjeld det meste, men ein stad må grensa gå!), så eg har teke eit par bilete sjølv for å framheva det strålandee handverket til Kenneth og eg. Nyt det!


Sjekk det nydelege festet. Bolt i veggen og greier. Takk til Mannen i kjellaren sin drill.


Kjøpte den heeeeilt sjølv!

Embla koooosar seg med den nye innretningen

Akk ja, ord blir fattige



Posted in Uncategorized

Løpestreng



I går var eg på den store jernvarehandelen nede i byen og kjøpte ein heil haug med små metall-duppedittar, deriblant 14 meter stålwire med plastikk utanpå. Dette var altså ingrediensane til ein løpestreng til Embla. Og med litt hjelp av Snille Onkel Kenneth klarte eg å få hengt den opp òg. Så no kan barnet mitt endeleg vere åleine ute i hagen – hurra!

Kenneth med verktyet til Jorunn…

Bileta er kanskje ikkje den vanlege, lekre “Mads-kvaliteten”, men ta det med ro, det er berre fordi det er eg som har teke bileta. Og litt lyset. Eg skuldar på lyset òg.

Uansett: Bilete av den ferdige løpestrengen kjem snart, eg har bestilt eit lekkert bilete frå Mads.


Posted in Uncategorized

Nett so mor si…

I går prøvde Embla å eta 200 kroner. Ho er altså like glad i pengar som eg er. Skjønt eg har aldri prøvd å eta pengane mine.

Elles så er me på Tysnes i Påsken og henger med Tysnesfolk og går tur og gode greier.


Posted in Uncategorized

Barnet mitt


Her er nokre bilete eg har teke av barnet mitt. Har ikkje skjedd så frykteleg mykje sidan sist. Embla har vokse ein del og har vore på Tysnes og plaga Bellmann medan eg var til England ein tur med familie m. fl. For å inkludere Mr. Mocca i denne posten, kan eg jo nemne at eg kjøpte litt ny, herleg kaffi til han i England. Men no er det visst nokon som vil ut og lufte seg. Ta-ta.






Posted in Uncategorized