Ja, i morgon drar eg (og Susanna) til Oslo for å hente Embla. JAJAJAJA!
Eg er så vanvittig spent. Eg vakna om lag kvart tiande minutt i frå klokka var fem i dag morges. Tida kan ikkje gå raskt nok. Eg går rundt med konstant klump i magen, sånn bra klump antar eg, og klarer ikkje konsentrere meg om ein drit. Difor bloggar eg.
I eit desperat forsøk på å korte ventetida legg eg ut nokre bilete frå då eg var og vitja kennel Hella på tysdag i førre veke.

Welcome to WordPress.com. This is your first post. Edit or delete it and start blogging!


Her er fleire bilete av kvalpane som eg skal vitje på tysdag. Ein av desse er min!
Hurra!!
ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅH!
Jajajajaja! Eg er så gebeistra. Eg sitt og les i ei hundebok med ein psykologisk vri; det står blant anna om dei mange artige, uetiske eksperimenta som vart gjort med dyr og små born på 50 og 60-talet – herleg – samt mykje anna som eg igrunnen lærte på psykologi grunnfag, så det er ganske greit. Kjenner meg igrunnen klar for “mamma-rollen”. Viss eg no berre vert litt flinkare til å drikke mindre og slå hovudet mitt i skapdører og liknande. Eg skal bli ein flinkis og hunden min skal bli ein flinkis. Me skal vere flinke heile dagen og saman skal me erobre verda. Eller noko i den duren. Eg burde hatt ein master-plan. Vel, noko må eg jo gjere i morgon òg.
Heile det der “bli-kristen”-prosjektet mitt gjekk forresten i vasken. Eg kan ikkje heilt sette fingeren på kva det var som gjekk gale, men kristen er eg altså ikkje blitt. Det vert kanskje eit litt meir langsiktig prosjekt. Muligens noko å tenkje på når eg ligg på dødsleiet.
Merkar at eg fjasar mykje no. Trur den Cola’en gjekk rett til hovudet på meg. Sukrose, altså. Går på aspartam-underskot. Kvifor har me ikkje Tab på Tysnes? (Greit, det er vel fordi alle unntatt meg syns det smakar død og grøne erter.) Jajaja. Kva kan ein gjere?
No må eg gå og støvsuge noko.
Ingen kaffi enno
Eg er vaken for fyrste gong på fleire timar. Eg befinn meg utanfor dei fleste si rekkevidde, på Tysnes. Ute skin sola, men eg har ikkje tenkt meg ut til den svikefulle eldkula. Ho brenn augene mine. Eg misunnar alle som hoppe, springe, løfte og sjå på tv utan å få vondt i hovudet. Eigentleg får eg litt vondt av å bruke data òg, men det fiksar eg ved å sjå minst mogleg på skjermen medan eg skriv. Kanskje det ikkje er så farleg at eg aldri lærte meg touch likevel.
Det siste nye er at det ikkje fins varmtvatn på Tysnes. (Nett som heime i byen, eller kva Kenneth?) Dei trur ikkje på den slags. Varme i vatnet er for pingler og byfolk. Neida. Det var berre ein sikring som gjekk. Men i alle høve: Eg har ikkje dusja i dag. Det er som kjend eit av mine grunnleggjande fysiologiske behov framfor mat. Heldigvis er det vanvittig mykje mat her som eg kan kompensera med.