Samtalar med ein løynd sjiraffven

Kriminell, OL og automatisme

februar 14, 2006
Éin kommentar

Hanna-kriminell har vakna. Eg stjel internett frå polakk/vampyrnaboane våre. Trur eg då. Det kan eigentleg vere kven som helst som ikkje har sikra nettverket sitt, men eg likar best å tru at det er dei åndssløvingane i 63b. Det gjer meg ei slags revansjekjensle når det gjeld heile den rørhistoria. I tillegg peiker det meste mot at det er polsk internett, sidan det går så treigt. Heilt i frå Polen liksom. Det er jo eit stykke.

Ja, eg veit at eg betalar 100 kroner i månaden for å få norsk, rask internett, men Sofie har som nemnd sett seg på bakbeina. Eg skjønar ikkje kvifor ho føretrekk den polske internetten framfor den norske. Alle veit jo at Noreg er best. Kom igjen. Alle saman. HEIA NOREG! Gull, gull, gull. Me skal banka svenskane. Eg hatar når svenskane slår oss i langrenn. Det er direkte audmjukande. Ja, eg har blitt OL-hekta. Det er mamma og Tysnes si skuld. Åh, som eg likar OL. Det er alskens herlege idrettsøvingar heile dagen og Noreg vinn fullt av medaljar. Eg kan ikkje heilt forklare kvifor eg likar dette så godt. Eg likar jo til dømes ikkje 17. mai. Men uansett. Det er til og med litt kjekt når Noreg ikkje vinn. Eller dvs. berre når Noreg ikkje er med. Då er det greit at dei ikkje vinn. Kunstløp er kjekt! Det såg eg på i dag, og det var så spanande. Det var berre russarar og kinesarar med og eg visste ikkje kven eg skulle heie på, men det var så spanande også datt dama i det eine paret i det fyrste kastet, men så haldt ho fram likevel også fekk dei sølv! Sølv! Sjølv om ho datt på rompa og dei måtte ta ein lang pause medan tv-sjåarane fekk sjå fallet i sakte film. Eg likar ting som går føre seg i sakte film. Enkelte gonger skulle eg ønske at livet gjekk i sakte film.

Etterpå såg eg på curling. Det er superspanande sjølv om eg ikkje anar kva som går føre seg halve tida. Det verkar eigentleg ganske meiningslaust, men eg skjønar at dei har ein plan med det meste dei gjer og alle dei engelske uttrykka. Og så lenge Noreg vinn så er det greit. Og helst skal svenskane vere ekstra dårlege. Det er det aller kjekkaste.

Dette kan vere Baltasar. JAJAJAJAJAJAJA!


Posta på Uncategorized

Kva eg har brukt pengane mine på

februar 13, 2006
2 kommentarar

Om lag ein halv liter kaffi

Ja, no er de vel spente?

Vel, fyrst kjøpte eg ein cd. Men den var ikkje så imponerande eigentleg. Isobel Campbell og Mark Lanegan. Ganske interessant, men den har ikkje festa seg heilt enno. Må høyre litt meir.

Også gjekk eg ein tur på Studia, der fann eg både binders og gummistrikkar i fleng, noko eg har lengta etter i lengre tid, sjølv om eg eigentleg klarar meg fint utan. Også kjøpte eg eit disseksjonssett. Det var derfor eg eigentleg skulle på Studia. Disseksjonssett er stas, sjølv om eg mistenker at Studia snøyt meg for ein stikkesak som eg kunne hatt stor glede av, merka eg, då eg fekk ho eg jobba på gruppe med i lab’en til å stikke hol på gallebløra til torsken Oscar (etter me hadde gjort det las me sjølvsagt at dette er livsfarleg, eller altså augefarleg – ein kan bli blind av torskegalle, i labheftet), som me så makabert mutilerte på alle tenkelege måtar. Eg gler meg til den store rottedagen om ei veke!

Sååå kjøpte eg ein DINGS! Noko så hipt og fresht som ein mp3-spelar: Creative Zen micro. RAUD! Med 5 gb harddisk og det er ikkje måte på. Bakgrunnen for dette kjøpet var faktisk at eg nyleg kjøpte meg nye øyrepluggar (frå Sony-senteret og gode greier) som var så gode at eg høyrde kor dårleg lyd det faktisk var i den gamle mp3-spelaren min (MPman FUB-ettellerannatal, 512 mb). Skikkeleg crap. Så då måtte eg kjøpa meg ein ny, fantastisk.

Jeee!

Elles har eg kjøpt mykje dyr mat. Eg kjem til å bli så feit (for å benytte meg av ein mykje brukt frase i Huset for tida). Og ein dødsgod raudvin som heiter Baltasar (spansk). Den kosta OVER hundre kroner – me snakkar ny rekord i vinkjøp, folkens! Den kjøpte eg eigentleg berre fordi eg har tenkt å kalle hunden min for Baltasar (dersom eg bestemmer meg for å ta ein hannhund, that is). Men den var dritgod då. Eg tek det som eit teikn frå Gud eg, religiøs som eg er.

Men eg har ikkje vore på shopping enno, så eg har framleis litt pengar igjen, forutan dei som eg har tenkt å bruke til å betale for Baltasar (hunden, ikkje vinen) med.


Posta på Uncategorized

Øh

februar 2, 2006
2 kommentarar

Eg skal berre sjekka nåke eg.


Posta på Uncategorized