Ingen kaffi, men mykje skumma mjølk og pepsi max
Eg har omsider fått all lønna mi, og det var MYKJE! Over 20 000 liksom. På ein gong! Mykje!! Herregud. Eg er i pengerus. Aldri hatt så mykje på ein gong før. No har eg råd til TO HUNDAR! To og tre fjerdedels hundar faktisk. Kanskje ikkje ein genistrek å utbasunere på nettet kor mykje pengar ein har, men skitt au. Eg bryr meg ikkje. Det einaste eg bryr meg om er pengar. Mitt materialistiske sjølv frydar seg ved tanken på alle dei fine tinga eg kan kjøpa! ÅÅÅÅH! PENGERUS!
Men samstundes opplever eg ein intens trong til å spare alle pengane og skaffe meg masse, masse nye. Og ein sparegris. Eg trur kanskje eg er i ferd med å bli eit kapitalistisk svin. Åååja. Eg likar det.
Dette er nesten like gjevt som då Mester Mocca kom inn i livet mitt. Åh… Det lønar seg å jobbe på ICA. Kven skulle trudd?
Ingen kaffi i dag. Det er galskap.
Jada. Eg veit eg har sagt at karma berre er tull og overtru. Det trur eg ikkje lenger. Frå no av er eg overtruisk.
På torsdag gjekk eg bort til busstoppet utanfor fiskebutikken og nett då kom den bussen eg skulle ta. “Faen”, tenkte eg, “no kjem eg ikkje til å nå dei neste ti bussane.” Korrekt. Sidan torsdag har eg hatt ein påfallande bussuflaks. Trur eg. Eg kjenner meg som eit offer for karma. Og kollokvien i dag var totalt nyttelaus. Eg stressa rompa av meg for å nå den, men det var totalt unødvendig.
Også drikk eg for mykje. Eg berre ventar på at det skal hende meg noko ille. Eg mistenker at vampynaboane sit og konspirerar etter rør-hendinga. Dei har mykje teip. Kven veit kor det skal ende.
Blahblah.
Sånn ca. ein heil haug
Å off, i dag var fryktelig. Eg måtte stå opp klokka sju – 7 – KLOKKO SJU. Grusomt. Det var ein sånn “dette-er-obligatorisk-og-viss-du-ikkje-møte-opp-og-seie-namnet-ditt-så-får-du-ikkje-lov-å-ta-dette-faget”-ting. Og den var på ein skummel ny plass klokka tidleg. Og eg tenkte at eg skulle vere på den sikre sida og ta den tidlege bussen (7:35 i staden for 7:50) sånn at eg skulle nå det. Men uheldigvis har eg kronisk “obligatorisk oppmøte”-uflaks, så bussen kom aldri og eg måtte ta den neste, og den var så fryktelig full at Magne ikkje fekk vera med ein gong, og eg hadde dårlig tid og alle berre somla så fryktelig også måtte eg gå kjempefort, også fant eg faktisk bygget eg skulle vera i nesten med ein gong (for eg er klar over obligatorisk-problemet mitt, så eg hadde slått adressa opp på gule sider-kart), men eg tok ikkje høgd for at eg ikkje har adgang til det bygget – men det viste seg berre å vera ein drøy frekkhet frå den fryktelig absurd nerdete tørrpinnen av ein forelesar, som ville “begrense adgangen” og gjorde sånn at me som var for seine ikkje fekk bruke kortet vårt på døra, men heldigvis kom det nokon og slapp oss inn, men så hadde eg heilt gløymd kvar eg skulle vere, eller dvs. den forræderiske huska mi hugsa feil, så eg leita etter auditorium 6, når eg skulle i auditorium A; forseinking, forseinking. Men eg hadde skrive det ned, og så kom den eine Nils’en frå klassen min og sa at han skulle ha same fag også klarte me å få ein snilling til å sleppe oss inn også kom me for seint, men så gjekk det akkurat likevel, for nerdeforelesaren med teikneserieforelesningen sin var så absindig treig.
Det er heilt utruleg kor alt ordnar seg sjølv om eg alltid klarer å fucke ting opp. Eller det er ikkje berre meg heller, det er Gaia. Gaia er skuld i det meste når eg tenker meg om. Men uansett no må eg sove, for eg er så trøytt.
Sib-kopp, pappkrus på Kvarteret
Jada, eg lever framleis. Men eg syns ikkje det er så kjekt å blogge i 2006. Eg trur 2005 var det store bloggeåret for min del. Slik er det med trendar. Men, men. Eg får vel oppdatere litt når eg fyrst er i gong: Har endeleg byrja på biologifaga. Vore på Zoologiforelesning i dag, og det lovar bra. Professor Geir K. Totland har brei bergensk dialekt og ein humoristisk innfallsvinkel til vertebratanatomi (noko som eg trur er veldig bra). Uansett: Dette semesteret har eg meldt meg på for mange fag igjen, men eg trur berre eg skal konsentrere meg om biologi. Eg gjer altså framsteg på studiefronten.
Ja. Elles har det vel ikkje skjedd så mykje av interesse.
Eg gler meg til å få hund i april. Eg må nok til Ytre Enebakk og hente den, så viss nokon vil vere med så er det berre å sei i frå
Road trip! Eller evt. flytur… Hmm. Jaja. No må eg lese. Når Mads er ferdig med å vise meg alle bileta i den mongosvære premieboka han fekk i posten for Parisbiletet sitt. (Gidd ikkje lage lenke til det.)
Har ikkje drukke kaffi i dag. Kjenner meg ikkje heilt bra.
Kvar skal eg byrja?
Jul. Det har vore jul sidan sist. Denne tilbrakte eg heime på Tysnes. Det var (faktisk) kjekt. Traff mange vennar som eg ikkje har sett på ei stund, spelte fotball i den store hallen og var på bygdafest i Vonheim. Også fekk eg gåver, til Materielle Hanna si store glede.
Nyttår. Me har begynt på eit heilt nytt år. Dette feira me med biffmiddag og dertil egna alkohol heime i Søndre Skogveien. Det gjekk litt hardt for seg på slutten, men meir eller mindre smertefritt. Ingen daua og ingenting tok fyr.
Elles trur eg eg byrjar å forstå litt meir av saker og ting utan at det er positivt på nokon som helst måte.