Samtalar med ein løynd sjiraffven

Ulk, hulk…

Held på med eit halvliters glas.

Okei, i dag har eg prøvd å ikkje drikka kaffi. Ingen spesiell grunn. Berre rein latskap. Det er det eg er flinkast til. Å vera lat. Men dette funka altså dårleg. Herlighet, i femtido sovna eg seriøst og drøymde mykje rart før eg til slutt klarte å tvinge meg sjølv til å vakne, for så å meie ned gitaren min og så den stygge, dog gratis stålampo. Då gav eg opp gjekk ned for å lage meg ein halvliter, som egb planlegg å tøme i meg før feberen kjem snikande.

Mads og Jorunn har dratt til Tysnes. Eg anar ikkje kvar Kenneth er. Han var heime ein tur i går og laga middag til meg. Mulig han er på Brunello-jobben.

Eg skal lese til matteeksamen. Eg kjenner at eg byrjar bli seriøst lei no. Serrrrrriøst. Æsj.

Men fin ting: Eg får meg kanskje hund i april no, dersom alt går som planlagt! Eg ringte til ei sånn

  • hundedame
  • i går som sa at ho måtte ta ultralyd på hunden sin, før ho kunne seia sikkert at den var drektig. Eg trur den er drektig. Jepp.

    EG SKAL FÅ MEG HUND I APRIIIIIL!

    Ehem. Ja. Det var den matematikken.


    Posted in Uncategorized

    Hanna-utålmodig har vakna

    Jammen, jammen, jammen! Fuck deg, Hanna-flink (og fornuftig)! Eg vil ha hund NOOOO!


    Posted in Uncategorized

    Hund

    No trur eg eg har sånn halvvegs bestemt meg for å vente på eit kull som kjem i april neste år. Dette av økonomiske og kanskje litt psykologiske grunnar. Eg vil for det fyrste vere sikker på at eg har nok pengar til kvalpekjøp og utstyr som følgjer med, og for det andre så vil eg ta meg tid å lese igjennom alle bøkene om hundeoppdragelse og slikt. Er litt redd for at eg skal forhaste meg og øydelegge alt. Så sånn er det med den saken.

    I tillegg må eg finne namn. Hjelpe meg, det kjem eg aldri til å klare.


    Posted in Uncategorized

    Antall kaffikoppar: Ein cappuccino på cafè, eit kr…

    Antall kaffikoppar: Ein cappuccino på cafè, eit krus heime, eit halvliters glas (“kaffibesøk” med ikkje-kaffidrikkande vennar -har du hørt så gale?).

    Kva skal eg sei om denne dagen? Stod opp altfor tidleg (før ti) for å dra ned til jernbanestasjonen og sei hadet til Yngve, som skulle ta toget heim til Manndal for jula. Handla ei julegåve. Vaska og rydda heime. Gjorde matte. Fekk besøk av Susanna og Daniel. Gjorde meir matte.

    No vurderar eg om eg skal gå og legge meg, gjere meir matte eller berre sitte her og åndse meg til Kenneth kjem heim frå arbeid, for så å plage han litt. Stakkars. Trur ikkje eg skal plage. Men eg har ikkje lyst til å sove, sjølv om eg faktisk er veldig trøytt. Har neppe drukke nok kaffi i dag. Oi, hugsa eg å trekke ut kontakten til mr. Mocca? Hmm, spelar det eigentleg noko rolle? Me kjem kanskje til å døy, for ingen av oss gidd å kjøpe nytt batteri til røykvarslaren nede, og etter at Mads laga pizza i dag, så trur eg kanskje batteriet er gått i den oppe òg.

    Søren no er eg svolten òg. No kan eg angre på at eg ikkje åt meir til middag.

    Eg må øve meg på å skrive meir interessante bloggar. Søren, då treng eg anten eit liv, eller ein betre fantasi. Eller fantasi har eg jo, treng berre litt færre skruplar når det gjeld å lyge på bloggen.

    I morgon må eg hugse å skrive brev til Herman. Friele.


    Posted in Uncategorized

    Lucia-dag

    Antall kaffikoppar i dag: Ein sib-kopp fylt til randa med blomekaffi på forelesning, ein cortado på café og eit halvliters glass med mørkbrent Ali kaffe (-den kurerer trass alt gruff).

    I dag er den store Lucia-dagen (og Namra sin bursdag, må me ikkje gløyma) og eg smell til og bakar deilige Lussekattar med safran. Safran er dyrt, har Kenneth fortalt meg mange gonger i dag allereie, men det bryr eg meg ikkje om, ettersom det er nærmare eit år sidan eg kjøpte safranen og berre er glad for å endeleg få brukt den til noko. Safranen var eigentleg berre eitt av ei uviss mengd andre halvsuspekte krydder eg kjøpte i fjor ein gong, som følge av eit fikst innfall eg fekk etter å ha lest i eit moteriktig helseblad at safran (og desse andre kryddera) er ufatteleg sunt. Det stod ingenting om at det er dyrt. Men no blir det altså Lussekattar av den dyre safranen som no altså har stått så lenge at den praktisk talt er gratis i mine auger.

    Elles har Mester Mocca det bra. Han trivst nede på kjøkenet og er i ferd med å bli god venn med kaffikongen Kenneth. Mads fortalte meg om ei Moccamaster-utstilling på Wahlendahl i Strandgaten. Han sa dei hadde alle modellane! Det høyrtes flott ut, men eg får meg ikkje heilt til å gå og sjå på dei enno. Eg er redd Mesteren skal bli såra, så eg ventar litt.

    Nok om det. No er det matematikk og kattebakst; hand i hand.


    Posted in Uncategorized

    I dag har eg berre drukke ein ganske liten kopp me…

    I dag har eg berre drukke ein ganske liten kopp med den fantastiske blomekaffien eg kjøpte på jobben i går. (Blanding av to ulike kaffitypar, frå Guatemala med ein intens blomstersmak.) Dette går bra, ingen feber. Men eg er fryktelig trøytt.


    Posted in Uncategorized

    Eg heiter Hanna og eg er ein koffeinist

    Då Kenneth forleden dag fortalte meg om konsekvensane av absindig inntak av koffein, også omtalt som koffeinisme, trudde eg han berre var ute med røvarhistoriane sine igjen. Eller at det kanskje var den store breie Internetten som la foræderiske ord i munnen hans. Men eg tok feil, eg skulle hørt på Kaffi-kongen.

    Kaffi-kongen kunne meddela at ein etter å ha innteke om lag ein liter kaffi om dagen, kunne oppleva konsekvensar i form av feber, trøttheit og angst. Eg, som ikkje er vand med å vere avhengig av ting, tenkte ikkje over saken då eg lettare arrogant ikkje drakk kaffi i dag, men no kan eg angre. Trøttheiten og angsten kan eg lett bortforklara, men feber? Det verkar dramatisk. Eg går og lagar ei kanne kaffi. Eg har forresten oppdaga at eg ikkje klarar å lage mindre enn ein halv liter kaffi om gongen, sjølv når eg er åleine. Eg får meg rett og slett ikkjetil å lage berre éin einaste lusen kopp. Eller to, blir det vel.


    Posted in Uncategorized

    Eg burde eigentleg lesa…

    Meeeeeeeeeeeeeen… TrallalaLA. SMURFEDROPS.
    - Det var ikkje så interssant nett no.

    Drukke litt kaffi, gitt. Holdt på å sovne igjen, så mr. Mocca måtte trø til. Igjen. Eg ELSKAR den guddommelege skapningen! Dersom nokon skulle ha unngått å få det med seg, så fekk eg altså kaffitraktaren over alle kaffitraktarar av mamma og pappa til bursdagen min (Jfr. Husblogg). Stor k. Kaffitraktar. Nok om det.

    Eg kjem kanskje til å døy snart. Kjemi er så keisamt. Og ganske vanskelig. Mogleg det er derfor eg tykkjer det er så keisamt. Kan òg vere omvendt. Sov meg trass alt igjennom 2kj. Eg veit ikkje. Gler meg vanvittig til å vere ferdig med eksamenar slik at eg kan få meg eit liv igjen. Blæh.

    Kenneth har forresten bestemt meg for at eg ikkje skal ha “roleg” semester til neste år, der eg berre konsentrerar meg om fag som er relevante for graden min, og eg er i grunnen einig med han. HF-fag er kjekke, sjølv om det er mykje tøv. Hehe.

    Men ja. Eg har det bra no, trass i at eg burde stressa med tanke på eksamenstøv og tullelånekassen, kjenner meg mistenkjeleg harmonisk. Sjøl om eg altså har drukke rundt èin liter kaffi.

    Åååh, no har nokon kome heim – håpar det er Kenneth. Eller Jorunn. Eller Mads, seff. Men han veit eg er på jobb.

    Shit, tenk om det er vampyrnaboane… *grøss*


    Posted in Uncategorized

    Hurra!

    Ferdig med fyrste eksamen. Trur det gjekk bra. Berre fire igjen.


    Posted in Uncategorized

    Vent no litt…

    2 timars deleksamen, pluss 4 timar ordinær eksamen, pluss eit laboratoriekurs på ørten timar – er lik 10 studiepoeng?

    Eg er kanskje ingen kløppar med tal, men eg kjenner meg unekteleg snytt!


    Posted in Uncategorized