Eg gadd ikkje skriva noko likavel. Får ta det ein annan dag.
I dag har eg vore på informasjonsmøte om karriere og studier på realfagsbygget. Dei ville at me skulle tenka i gjennom kva me skal bli, kva me skal studera… ja, i det heile teke vil nat.mat. at me skal vere bevisste på kva valg me tek i studietida med omsyn til våre eventuelle framtidige karrierar.
Det var ikkje kjekt.
Me skulle fylle ut eit ark med målsetjing, yrkesplanar, relevante erfaringar, interessar osb. Ein plan? Eg har ingen plan. Eg har jo slutta å planlegga.
Og sjølvsagt enda eg opp på det bordet med dei andre i klassen som heller ikkje har nokon plan (biologi og havbruksbiologi). Så då sat me der då, og skulle diskutera framtida. Det ser mørkt ut. Me kom fram til at me skulle bli lærarar heile gjengen. Det er ikkje den verste planen.
Jepp, livet mitt har fått ein ny gneist. Eg har ein plan. Eg skal få meg hund!
Akkurat kortid er usikkert, men det blir snart. I løpet av eit halvt år kanskje? Eg veit ikkje. Eg må spare litt pengar også må eg finne ut om eg får lov av Jane til å ha hunden i Søndre Skogveien og litt sånt. Men uansett. Ny plan. Kven treng ein dum bil når dei har hund?
:):):):):):):)
Eg treff aldri kjendisar.
Vel, bortsett frå Herborg, men ho er jo alle stader.
Eg har aldri hoppa i strikk.
Det er sikkert veldig dyrt.
Eg trivst best innandørs.
Det er alltid så vått og kaldt ute.
Eg er ikkje så smart.
Men eg les mange bøker.
Når eg har tid.
Det einaste eg eigentleg har er tid.
Eg brukar den alltid opp.
På fjas.
Eg må gå no.
Bruke tid.
På alt eller ingenting.
Det kjem litt an på kva som skjer etterpå.
Som det alltid gjer.