Samtalar med ein løynd sjiraffven

Berre oppdatera litt

september 24, 2005
Éin kommentar

Eg har ein klump på ankelen min, eller litt under ankelen.
Dubbing er djevelens verk.
Eg har fri i dag, men skal nok berre lese.

Men eg har det veldig bra!


Posta på Uncategorized

Kva som feilar meg?

september 18, 2005
2 kommentarar

Etter eit uheldig samanstøt mellom foten min og hovudet til ein annan spelar sist fotballkamp, kom ei av lagvenninnene til ho som hovudet tilhøyrde bort til meg og glefste “kva er det som feilar deg?!” medan ho stirra intenst på meg. Eg, som var oppteken med å be ho som låg på bakken om unnskuldning (sjølv om ho burde ha vore meir forsiktig med kvar ho plasserte hovudet sitt -alle som kjenner til mine sportslege prestasjonar veit at eg ikkje klarar å få foten særleg høgt), retta meg opp og gjengjeldte dette intense blikket, men visste ikkje heilt kva eg skulle sei. Kva som feilar meg? Kva seier ein eigentleg til slikt?
Ikkje fekk eg tid til å svare heller då også dommaren kom springandes bort til det, som eg for min del, framleis oppfatta som ein relativt roleg situasjon, og ba meg roe meg kraftig ned. Det einaste eg hadde gjort var å be om unnskuldning, noko som eg strengt tatt ikkje burde ha gjort ettersom det faktisk var fotball, ikkje Ludo, me spelte, og sidan ho burde rekne med å få ein fot i trynet når ho forsøkte å heade så lågt.

Men. Overdramatiske 16-17-åringar eller ikkje, så har eg teke meg den fridom å komponere ei liste over kva som faktisk feilar meg. Så har eg den til eit seinare høve.

  • Eg er frekk
  • Lat
  • Treig, spesielt når det gjeld talforståing
  • Kanskje til og med litt dum, rett og slett, når det gjeld tal
  • Eg blir sjuk ofte og smittar andre med uvesenet
  • Dårlig med økonomi (går kanskje under det med tal)
  • Kan korkje strikke eller sy spesielt godt
  • Har anstrengelses-astma
  • Fucka døgnrytme
  • Dårleg kondisjon
  • Overreagerar på småting
  • Blir lett stressa og dermed gretten
  • Ekstremt morgongretten
  • Generellt litt humørsjuk
  • Dårleg konsentrasjonsevne
  • Gapar over meir enn eg orkar/giddar
  • Ekstremt utålmodig, med visse unntak
  • Har lita urinblære
  • Dårlig til å konversere
  • Dårlig med mennesker
  • Egosentrisk
  • Sjølvgod samstundes som eg har låg sjølvtillit
  • Klumsete
  • Ikkje særleg flink til å ta i mot kritikk
  • Blir lett avhengig

Eg kunne sannsynlegvis ha skrive mykje meir på denne lista, men eg gidd rett og slett ikkje. Eg er for lat. Og utålmodig. De kan godt føye på ting dersom det er noko eg har gløymd. Sjølv om eg ikkje likar kritikk.

På ein betre dag kan det hende eg lagar ei meir positiv liste. Me får sjåo.


Posta på Uncategorized

Flyte-melding

september 14, 2005
3 kommentarar

Det flyt. Vatnet. Alt.


Posta på Uncategorized

Sutre-melding

september 12, 2005
3 kommentarar

Eg har fått tre skader i det eine beinet, OG eg er forkjølt.
Sutre-sutre
Eg er fuckings invalid her.
Sutre…

Og om to timar skal eg på jobb.
Suuutre

Dei to timane skal eg bruke på å skrive ein ur-kjedelig kjemirapport.
Sutr-sutr-sutre

Og huset vårt har altfor mange jævla trapper!

Sutre-melding slutt.


Posta på Uncategorized

GRATIS!

september 4, 2005
Kommenter innlegget

Målet mitt er å eige mest mogleg gratis ting. Førebels ligg eg relativt godt an på t-skjorte-fronten. Eg har no stoooole to t-skjorter frå ICA, type kampanje “1/2 pris”, “supertilbud”-blabla. Veldig fine. Også har eg fått tre t-skjorter av pappa, ikkje pappa sine t-skjorter då, men sånne som han har solgt, litt innvikla det der, eg skjønar ikkje heilt opplegget sjølv, i alle høve: Det er to stykker med sauemotiv på og ei med “Tysnes-kråka”. I tillegg har eg to gensarar med samme sauemotivet (to fordi den fyrste eg fekk krympa, jaja). Mitt siste gratis-plagg, er det eg nesten likar best: Ei kjempefin t-skjorte frå Baker Brun, der det står “spør meg om Baker Brun Pluss” på ryggen. Den var for liten til Kenneth. Baker Brun har så fine uniformar!

Så slik er det med den saken.


Posta på Uncategorized

Hurra!

september 2, 2005
Kommenter innlegget

Eg slapp å bli terminert. Dette er ein stor dag. Eg er middels begeistra. No må eg skaffa meg ein lab-frakk. Eller altså på måndag, når eg har fått tak i bankkortet mitt som eg gløymde på ICA for andre gong på rad. Håpar eg hugsar det på laurdag.


Posta på Uncategorized