Samtalar med ein løynd sjiraffven

Såh. Dei vil ikkje leike med meg lenger??

Eg har blitt varsla om mogleg terminasjon av studierett. Eit slag i andletet. Dei vil verkeleg ikkje ha meg med i den ekle realfagsklubben sin.

Grunnen til at dei vil ta studieretten min er at eg ikkje var til stades på eit obligatorisk programmottak den 17. august. Dei hadde visst fortalt meg om det i eit brev eg fekk ein månad tidlegare. Eg fann ingenting om det på Internetten, som etter to semestere er blitt min primære kjelde til universitetskunnskap. Men det stod ikkje på Internetten, sjølv om dei har sagt at Internetten overstyrer alt anna.

Dette måtte eg skrive i eit skjema og levere inn til tullefolka på biologisk fakultet.

I tillegg måtte eg sitta i glashuset i evigheiter for å få vita at eg berre kan fiksa på semesterkortet mitt med kulepenn. “Det er ingen som bryr seg.” Og ja, dei visste allereie at eg hadde tatt ex.phil. Sjølvsagt, eg tok det jo på uib, men eg kan jo ikkje stole på noko dei seier lenger.

Eg likar ikkje universitetet.


Posted in Uncategorized

Mr. Ergo

Eg skal fortelje
om min nye venn Mr. Ergo
Han kom til meg frå Internett-land
Eg segla han heim i ei handlevogn
Mr. Ergo er snill
Han fortel om hjarterytme
Om kaloriar
Om fart og om tid
Han vil berre hjelpe
Han meinar det godt
Når han gjer meg gnagsår i rompa.


Posted in Uncategorized

Uheldig

Eg trur marsvinet mitt har astma. Då eg var hos legen med min astma, sa han at marsvin var det verste dyret ein astmatiker kunne ha. Go figure.


Posted in Uncategorized

Ein god dag for gratis

I dag var eg på den store opningssermonien i Grieg Hallen. Der fekk høyra dei inspirerande talane eg gjekk glipp av i fjor, samt stor mengder gratis-stæsj. Åh, for ei lukke det er å vandre rundt og forsyne seg av alle desse herlegdomane dei kallar vareprøvar! Då me hadde gått runden hadde eg ein berepose full av diverse Toro-relaterte og hygiene-produkt, samt kulepennar og nøkkelband i alle formar og fasongar. Alt mogleg dill-dall som ein eigentleg ikkje treng i fleire, identiske eksemplar. I tillegg var til og med bereposen gratis på ein dag som denne – ta den ICA-kundar!

Men gratis-dagen enda ikkje der, for då eg skulle heim var eg innom postkontoret og henta den tidlegare omtalte bokpakken min i frå Cappelens bokklubb. Den innehaldt to bøker (den tredje kjem seinare), ein lekker liten radio (sånn kopi av dei rådyre som er så populære for tida) og ei vanvittig stygg, raud klokke. Dvs. sjølve klokka var ikkje så verst, men reima var ganske enkelt gyselig! Men who cares; alt var GRATIS!

Etter den euforiske gratis-orgien måtte eg kome meg ned på jorda att. Det valgte eg å gjere med ei finsk lydbok (lest på svensk), som Mads har lasta ned (gratisgratisgratis) frå Internetten, vår gode venn. “Kollektivt självmord” heitte boka og er skriven av Arto Paasilinna.

Men no må eg gå å legge meg. Eg har spelt fotballkamp i dag, som me tapte, og har vondt mange, mange stader.


Posted in Uncategorized

Ergometersykkel for me!

Eg drit i kva Mads og Sykkelbudet seier, no har eg handla meg ein ergometersykkel.

Eg er nøgd med kjøpet. Trur eg. Tre gonger tre hurra for den store Internetten! Ris og klæsj til G-sport på bystasjonen.


Posted in Uncategorized

Mitt liv på 2 og eit halvt minutt

Nuh. Vanlegvis let eg ikkje meg sjølv få lov til denne typen hasardiøsitetar, men eg let det gå for denne gongen, med ei let åtvaring og lovnad om at det vert lenge til neste gong, og prøver meg på eit aldri så lite reknestykke:

Eit døgn har 24 timar, ja? Av desse brukar eg i gjennomsnitt 8 timar til jobbing og 2 timar på frakt til og frå jobb. Då blir det 12 timar igjen til å ha eit liv. MEN på ei idealnatt søv eg 10 timar av desse 12, noko som gjev meg berre 2 timar til overs. På desse 2 timane skal eg ete, gå på do, dusje og øvrige hygieniske aktivitetar, samt fjase, blogge og sjå på tv.

La oss sei eg brukar ca 40 minutt på eting, inkludert matlaging, 20 minutt på badrelaterte aktivitetar, 35 minutt på internett og blogging og 22,5 minutt på tv (tilsvarande eitt amerikansk søppelprogram). Dette gjer meg 2,5 minutt til å gjere kva eg vil.

GAAAH!

Heldigvis har eg ingen deknad for å sei noko av dette. No må eg gå. Eg brukte 10 minutt på dette innlegget.


Posted in Uncategorized

Holy mother of everything!

Eg har fått stipend! Eg har pengar! Eg kan kjøpa meg mat! Og ein ergometersykkel.

YEAH!


Posted in Uncategorized

Litt ICA (sidan det er det einaste eg kjenner til)

I natt drøymde eg om ICA. Eg drøymde at butikken var forandra og at alle utanom meg brukte Drageset-informar. Og at ein eg har gått i klasse med på gymnaset prøvde å rane meg.

Eg er nok i ferd med å bli ICA-gal.

Eg var på jobb i dag. Det skjedde tre morosame ting, trur eg. Det fyrste var at det var ein person som hadde ei tallrekkefølge på pinkoden sin som høyrdes litt ut som “Bjelleklang” på bankterminalen. Det andre var to vanvittig store personar som var gift. Ikkje feite. Berre kjempesvære, ja, som kjempar. Det tredje hugsar eg ikkje. Eg skreiv det ned på ein kvittering som ligg i skapet mitt på ICA.

Eg fekk ein sprettball, då. Eller tok, rettare sagt. Eg fant den i kassen min. Jorunn fekk eit flagg.


Posted in Uncategorized

Eg har gjort det igjen.

Eg har meldt meg inn i enda ein bokklubb. Frå før er eg medlem av Damm sin “Boksamleren”. Den var ikkje noko særleg. Mamma er medlem av den òg. Ho syns heller ikkje den var noko for meg. Men no! Cappelens bokklubb. Erlend Loe, Lars Saabye Christensen… Dette har eg tru på. Så no er eg altså medlem av to bokklubbar. Kvar skal dette ende? Raka fant. Men eg får gratis radio til kjøkkenet og fin, raud klokke. Og tre BØKER! Gud bedre.


Posted in Uncategorized

Paranoid (på bokmål)

Da jeg la meg til å sove i går kveld så jeg at det hang en mongosvær edderkopp utenfor soveromsvinduet mitt. Mest sannsynlig en korsedderkopp, for de er de største og skumleste. Jeg tenkte ikke så mye over det der og da, bare registrerte det og sovnet.

I løpet av natten ble det varmt, så jeg åpnet vinduet, som jeg har for vane når det blir varmt -”vane” er forresten å ta litt hardt i ettersom det svært sjelden blir varmt i huset vårt, UANSETT: Jeg åpnet vinduet og sov videre.

Nå nevner jeg lettere henslengt vandrehistorien, hvis det da virkelig er en vandrehistorie, om edderkoppen som la egg under huden til en jente, slik at det såg ut som hun hadde fått en kvise, samt såkalte fakta om svelgning av edderkopper i søvne.

Jeg vet ikke hva det er, men i hele dag har jeg gått rundt med følelsen av å ha spindelvev på meg. På armer, i håret, -over alt. Også har jeg fått to kviser.

Edderkoppen er ikke utenfor vinduet mitt lenger.

Nå må jeg gå.


Posted in Uncategorized