Samtalar med ein løynd sjiraffven

Kvifor meg??

juli 27, 2005
Éin kommentar

Det skjedde igjen. Eg har trukke til meg ein skrulling. Ei sær dame som viser meg magen sin og spør om eg har laga piercingen min sjølv. Av alle menneskene på denne kloden har ho valgt ut meg til å vere sin nye venn.

Kvifor??

Eg skjønar det ikkje. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen: Det siste eg ynskjer er at tilbakeståande mennesker og små barn skal kome bort og prate med meg. Eg taklar det rett og slett ikkje. Likevel kjem dei gong på gong. Stiller dumme spørsmål, plukkar på meg, viser meg ting eg absolutt ikkje vil sjå, åtvarer meg mot “Mannen” (kven no det er). Eg er som ein slags magnet for desse menneska!

Det er meg det er noko i vegen med, er det ikkje? Det kan ikkje vere at eg er spesielt open. Eller at eg ser ekstra vennleg ut. Har eg ein slags aura som berre særingar oppfattar?

Kvifor kan ikkje berre ein normal person like meg i staden?

Sukk.


Posta på Uncategorized

Livet mitt…

juli 24, 2005
4 kommentarar

Er ikkje-eksisterande. Heile neste veke skal eg jobbe på ICA. Utanom Torsdag. Men alle dei andre dagane. Tidlege og seine vakter. Eg kjem nok til å falle utanfor radaren ei stund. No veit de kvifor.


Posta på Uncategorized

Uforståeleg

juli 20, 2005
Kommenter innlegget

Kva er det som har hendt i ICA-land?

Då me kom på jobb vart me møtte av ein stor plakat som truga oss med å kaste skorne våre dersom me ikkje putta dei inn i skåpa frå no av. Videre vart me djupt sjokkerte over å sjå at garderoben var ryddig! Det var komen hyller til toalettpapiret, og det viser seg at me har ein dusj òg. Det visste ikkje eg. (Har sannsynlegvis vore oversymd av det nemnde toalettilbehøret.) Og ikkje nok med det: Me hadde fått sommaruniformar! (Ekle beige piquetskjorter -for å framheve vår bleike hudfarge, men framleis betre enn dei ekle manneskjortene me brukar til vanleg.) I tillegg var lageret ryddig, pauserommet var ryddig, og hadde i til og med fått ny vaskemaskin og kjøleskåp med vaskeliste (grøss), samt nye trugslar om kasting av umerka mat.

Kva er det som har hendt med ICA-land? Vårt trygge, rotete paradis. Dette er skummelt.


Posta på Uncategorized

Eg er begeistra

juli 19, 2005
6 kommentarar

For å takle karriere/alders-krisa mi skal eg skrive ei bok. Må berre finne ut kva den skal handle om fyrst. Jepp.


Posta på Uncategorized

Eg kom inn på Biologi

juli 19, 2005
Éin kommentar

Hurra!

Men brått vart eg litt usikker på kva eg eigentleg skal med biologi. Hmmm… Ja, ja. Biologi er gøy då. Eg finn sikkert ut av det.


Posta på Uncategorized

19 år

juli 19, 2005
3 kommentarar

Eg ser eldre ut. Enn eg gjorde før, altså. Det frikar meg ut. Eg blir eldre. Det skjer faktisk. Før vart eg berre større, liksom. No vert eg eldre. Fryktelig skummelt.

Hadde det ikkje vore for at eg er så blakk, skulle eg teke meg ein tur på polet, slik at dei kunne spørre meg om leg. og eg kunne kjenne meg litt betre.

Eg kvir meg til eg vert 20. Då er det gjort.


Posta på Uncategorized

Sommar på Tysnes (til ein viss grad)

juli 13, 2005
Éin kommentar

Det er kanskje ikkje det varmaste veret på Tysnes, men i dag har eg unekteleg fått sommarstemning i meg. Jepp, eg har vore på øya i litt over eit døgn no og har alt rukke å: a) ramse opp plu-kodar til ein sommarvikar på nærbutikken (faktisk ein eg har gått på gymnas med – skal tru kven som er mest patetisk av oss to?) b) køyre heilt til Våge eins ærend for å kjøpe ein liten boks med hårgugg c) ete blåbærpai d) vore på ein typisk “Iversen-fisketur” med Mads og Jorunn.

La meg fortelje dykk om “Iversen-fisketuren”. Fyrst må vi finne båten. Den står ikkje på båtplassen i fjøra rett nedanfor huset vårt, den står ikkje på båtplassen ved den lokale brygga (Lundekaien), nei den står på ei fullstendig skeiv brygge langt bortanfor det meste. Typisk Iversen. Men det skal seiast at det er eit lite framsteg i forhold til korleis me hadde det før, då båten låg rett nedanfor huset, men mest på land. Då den ikkje låg på land, låg den langt utpå sjøen fortøya på ein merkeleg måte som krevde store knutekunnskaper, noko eg ikkje har.

Uansett; me fann båten. Så var det å få start på den. Så lenge eg kan hugse har me ikkje hatt ein einaste nprmal påhengsmotor på båten vår. Alltid eit eller anna sært system der ein må snurre start-snora rundt motoren manuelt for kvar gong ein dreg, eller må styre med ein trepinne og litt streng. Eller gire med ei fille. Ikkje noko unntak denne gongen. Rett nok hadde ikkje motoren hadde nokon rare trekk, men me fekk då heller ikkje start på den. Så me måtte ro. Med årer av ulik lengde. Typisk Iversen.

Så skulle me fiske. Me hadde med fire fiskestenger ettersom eg er blitt ganske vant med Iversen-faktene. Det var lurt, for fiskestanga mi (som forøvrig har stått utandørs i minst eit år) knakk på det fyrste kastet, og seinare sa den heilt takk for seg i sjokk over at eg faktisk fekk ein fisk.

Jadda. Typisk Iversen.

Videre må det nemnast at grunnen til at me drog på fisketur i det heile tatt, var at Mads hadde fått det for seg at me skulle ha ein fiskekonkurranse. Me bestemte at taparane skulle bake noko til vinnaren. Eg vant sjølvsagt med min mongosvære, fiskestangøydeleggande fisk. (Greit, eigentleg var det mest Jorunn sin feil, men det verkar meir imponerande når eg seier at det var fisken som gjorde det.) Eg gler meg til dei andre skal baka til meg.

Dette innlegget blei igrunnen ganske dårleg. Hadde eg vore meir datakyndig, skulle eg lagt ut bilete frå den fantastiske fisketuren, men det får bli ein annan gong. Det eg eigentleg ville sei er vel at eg har sløya ein svær fisk og no kjenner eg meg skikkelig tysnesisk.

Jepp.


Posta på Uncategorized

Kva er det eigentleg med meg?

juli 12, 2005
Kommenter innlegget

Det er rart. Ungar likar meg. Eg skjønar det ikkje. Det er ikkje som om eg er spesiellt vennligsinna ovanfor born eingong. Ofte tykkjer eg berre dei er irriterande og litt vanskelege å forhalde seg til. Men så lenge eg kan hugse har eg altså hatt ein sterk tendens til å trekke til meg born. (Og i nokre tilfeller tilbakeståande eller litt dumme folk.) Til og med då eg sjølv var liten kan eg hugse at andre born (ofte dei som eg syns verka skikkelig teite) kom bort og byrja å snakke med meg tilsynelatande utan grunn. Dette har hend til stadigheit igjennom heile livet mitt. Har mange dømer, men ser ingen grunn til å ramse opp. Born likar meg rett og slett, og eg skjønar ikkje kvifor.

Grunnen til at eg skriv om dette no er sjølvsagt at det hende igjen i dag. Eg sat på ferja; las i boka mi og høyrde på musikk, så kjem det brått ein liten gut (Even fekk eg vite at han heitte) bort og byrjar å stille ein heil haug med spørsmål: “Kva heiter du?” “Kva er det der?” (Peiker på mp3-spelaren min. Seriøst; korleis forklare ein 4-5 åring kva ein mp3-spelar er. “Musikkmaskin, jada.”) “Kva gjer du på?” Så stod han og trykte på mp3-spelaren min lenge. Den er velsigna med blinkande lys, så dette var jo stor underhaldning. Det var jo i og for seg litt festlig oppleving og han var jo eigentleg ganske søt, men likevel. Kvifor meg? Det var mange andre på den ferja.

I Italia hende noko litt i same gata: Ei dame som trengte hjelp med noko spurte fyrst meg, av alle folka som var utanfor togstasjonen. Kvifor? Det var mange andre der, som såg meir italienske ut enn meg. Ser eg så snill ut? Eg har sett meg sjølv, og kan verkeleg ikkje fatte at nokon kan oppfatte meg som spesielt hjelpsam eller vennlegsinna. Er det noko eg utstråler? “Kom og ta kontakt med meg!” Det er i så fall det motsette av kva eg ynskjer å utstråle i dei aller fleste tilfeller.

Såh. Kva er det eigentleg med meg? Nokon som har innspel i saka?


Posta på Uncategorized

Egotripp

juli 12, 2005
Éin kommentar

Dette innlegget handlar i bunn og grunn om meg, meg og atter meg. Bloggen lever opp til sitt namn.

Det er noko som manglar i livet mitt. “Det lille ekstra” som får meg til å stå opp og som gjer livet verdt å leve. Etter ein samtale med mi kusine Camilla på msn, har eg endeleg skjønt det som ho, trass i at ho er eit par år yngre enn meg, har skjøna for lenge sidan: Den einaste måten å leve på, er som fanatiker.

Så lenge eg kan hugse har Camilla vore fanatisk oppteken av noko: Harry Potter, Bon Jovi, Nirvana, Ozzy Osbourne… Lista ender aldri. Blir ho lei av ei interesse finn ho seg ei ny. Akkurat no trur eg ho står mellom Ozzy og Iron Maiden. For å illustrere graden av fanatisisme vil eg be dykk sjå for dykk fylgjande scenario: Av alle som skulle på Ozzy-konserten i Bergen 9. jul, ville dei tohundre fyrste som kom sleppe inn ti minutt før alle dei andre. Mi kusine var nummer 12. som slapp inn, etter å ha stått i kø i like mange timar (Kan ein gå på do når ein står i kø??). Men det var verdt det, for ho fekk stå nærast Ozzy av alle, i fylgje ho sjølv. Og då Tony (gitaristen i Sabbath?) kasta plekteret sitt, kven trur de fekk tak i det? Jepp, Camilla. Ho knekte eit par ribbein, men det var verdt det!

Då eg sjølv er på konsertar gidd eg aldri prøve å gå heilt fram. Eg finn meg heller ein stad der eg kan sjå best mogleg og helst ikkje bli skvist. Er eg gammal, eller? Eg har digga Foo Fighters i sikkert fire år no, men benytta eg sjansen til å få meg eit plekter eller ei trommestikke som Dave Grohl har tatt i?? Nei, eg sat på gjerdet og såg på, bokstavleg talt (når ein berre er 1,68 m høg, er det greit å ha eit rekkverk å sitte på). Og Green Day. Har elska “Basket Case” sidan eg gjekk på barneskulen, men eg stod akkurat så langt unna at eg ikkje fekk sånn konfettidritt på meg. Det er ikkje akkurat fanatisk nære.

Eg trur fanatikarar har svært mykje enkle gleder i livet sitt. Eigentleg. Også har dei alltid noko å konsentrere all energien sin på. Alltid ein grunn til å gjere som dei gjer. Eit slags overordna mål. Meiningslaust, kanskje, men kva er ikkje det?

Eg vil vere fanatisk òg!

Eg treng berre noko å henge meg opp i. Gje meg ei interesse. Kva som helst. Noko å brenne for.

Eg trur ikkje eg klarar å bli fanatisk oppteken av eitt bestemt band. I så fall så hadde eg vore Tom Waits eller Foo Fighters-fanatiker for lenge sidan. Bøker? Bjørneboe-fanatiker? Det er ikkje så kjekt når målet for din galskap er daud. Berre spør Camilla om Nirvana. Ikkje kan eg bli fanatisk oppteken av musikk generellt, heller. Eg trur kanskje det er i mot fanatiker-reglene. Det er slikt som skiller interesse frå fanatisisme, ser eg for meg. Generellt eller spesifikt. Kanskje eg kan bli oppteken av ord? Eg har jo framandordboko mi. Eg kan bli besatt av å lære alle ord i det norske språk. Oi, det var faktisk ein god idé! ALLE norske ord! Men kan eg då ta med framandord? Dei er jo strengt teke ikkje norske, men kva er eigentleg norsk? Faens universitet, sjå kva du har gjort mot meg!

Men okei, sei alle ord som vert benytta i det norske språk. Alle ord som vert godtekne på trykk som medlem av det norske språk. Dei skal eg læra meg. Låneorda òg. Fanatisk. Også skal eg skrive dei ned, kvart einaste eitt.

Vent no litt, dette hørtes kjent ut… Greit, gløm det med å skrive ned alle orda eg kan. Been there, done that. Det er slikt som ein berre gidd ein gong. Eg kan heller skrive ned dei nye eg lærer, slik at eg ikkje gløymer dei. Eg ser for meg at dette kan bli mitt livsprosjekt, ettersom det stadig kjem nye ord. Åh! Eg er ein fanatiker!

Herleg!

Vil gjerne oppfordre alle til å legge igjen eit ord som dei kanskje trur eg ikkje kan.

Takk.


Posta på Uncategorized

Home at last

juli 10, 2005
Kommenter innlegget

Jepp, så var eg på plass i Bergen att. Det kjennes godt. Og med interrail litt på avstand (har vore på Quart denne veka – var forresten veldig bra) var det ikkje så verst likevel. Jada, eg veit, er det ikkje typisk? Men eg trur nok ikkje det vert fleire interraileventyr på meg med det fyrste. Kjekt å reise, men det blir liksom litt lenge og litt mykje masing med haugevis av bagasje og ingen stad å sove. Eg likar meg her heime eg, sjølv om eg no kan sjå fram til nesten to månader med ingen penger. Ingen. Her er jenta som skal jobbe resten av ferien, ja.

Førebels har eg huset praktisk talt for meg sjølv, med Kenneth på trygg avstand i naborommet, (Ikkje at eg har noko i mot å dele seng med Kenneth, koselig det, men blir kanskje litt voldsomt med fire veker i strekk…) då Mads og Jorunn er på Tysnes. Eg skal snart dit, eg med, men kjenner vel eigentleg eit visst behov for å sove eit døgn eller to før den tid.

Og til Susanna: Pell deg heim frå Trondheim snarast!

Det var det.


Posta på Uncategorized