Samtalar med ein løynd sjiraffven

Interrailhelvete naermar seg slutten. FOO FIGHT…

Interrailhelvete naermar seg slutten.

FOO FIGHTERS!


Posted in Uncategorized

Interrail suge! Aldri dra paa interrail.

Oh yes, it blows. Big time.

Det er ikkje det at eg har noko i mot tog, eigentleg. Men all flyttinga…! Huff. Og naar det i tillegg er evig varmt og du ber paa ein ryggsekk som ikkje er ein ryggsekk, snarare eit torturinstrument fraa 70-tallet. Knallorange, for aa gjere det litt festligare. “C’est ne pas une sac!”, kan ein seie for aa vere litt kunstnerd. (Referanse til eit bilete av ei pipe som heiter “dette er ikke en pipe”. Kan ha vore Matisse som maala det, men det veit eg ikkje sikkert. Dei verkelege kunstnerdane faar rette paa meg.)

Det er heller ikkje spesielt festlig aa overnatte paa ein benk i det som saag ut til aa vere Bergamo si “Plata”. Dette var rett og slett fordi me kom fram litt seint og ikkje ville bruka evig mykje pengar paa aa bu paa hotell. Sparsommelige, aaja. (Drikke opp overskotet seinare – nei vent, eg har jo slutta aa drikke.) Det var festlig, kan de tru. Ein av oss maatte halda seg vaken og passe paa verdisakene medan dei andre sov. Sittande, paa ein benk. Eg hadde lyst til aa mate uteliggaren, men det fekk eg ikkje lov til. Mads meinte han var farleg. Saa eg gav ein sovande Kenneth ein halvspist “Fiesta-snack” og saag paa flaggermusene i staden. Der og daa innsaag eg at interrail er noko drit.

Men eg elskar Italia, daa. Sjoelv om eg ikkje skjoenar ein dritt av kva dei seier. “Just smile and nod. And try not to speak french.”

Det er saa fantastisk nydelig der me bur no! Vicenza, heiter det. Og det er sikkert ein berre ein gjennomsnittleg fin stad til italiensk aa vere. Trivst godt og gler meg vanvittig til aa sjaa Venezia. I morgon.

Elles?

Tja. Gler meg i grunnen til aa kome heim, eg. Og til Quart. Blir digg.

Ja, ogsaa gler eg meg kjempemykje til Susanna kjem heim fraa Tromsoe. Blir godt aa ha Mongoliten paa plass i byen igjen. Me maa kjoepa ny chattebok! Eg saknar Hexo og Ziz litt.

Ogsaa skal eg byrje aa trene igjen, herregud som eg skal trene! Gjera eit serioest forsoek paa aa bli betre i fotball. Har vore saa vanvittig sloev det siste halve aaret. Eg kjem serioest til aa bli feit her. Sjoelv om ein skulle tru det er umogleg med mine gener.

Hmm…

Ja, ogsaa gler eg meg til eg kjem heim til alle andre som er heime som eg saknar. Gler meg.

Eg er glad eg har ting aa glede meg til. Det er ein fin ting.


Posted in Uncategorized

I Paris

Jepp, eg er dratt paa interrail med mine sambuarar fraa husbloggen. Skal vere vekke i nokre veker, men me har oppretta ein interrailblogg. Adressa er http://interrailblogg.blogspot.com

Saa da atte.


Posted in Uncategorized

Mine bokvanar

Min bror, Mads, har visst utfordra meg til noko bokgreier, og sidan eg er så flink til å svare på meiningslause spørsmål tek eg utfordringa på strak arm. Bok-meme heite da kanskje.

1) Hvor mange bøker eier du?

Uvisst. Trur det er ein del… Ligg sikkert ein del heima på Tysnes. Mykje dritt, mykje fag, men mykje bra òg.

2) Siste 5 kjøpte bøker

Mottok fire bøker gratis då eg meldte meg inn i ein bokklubb, men dei gidd eg ikkje å liste opp då dei eigentleg ikkje var særleg sjølvvalgte. Litt sånn mamma-bøker egentlig. Og sidan dei var gratis, har eg jo heller ikkje kjøpt dei.

Her er dei siste eg faktisk har kjøpt:

* Jens Bjørneboe – Bestialitetens historie. Tre bøker i eitt. Gler meg veldig til å byrje på denne. Susanna sa at eg måtte lese den for eitt år sidan. Litt treig? Neida.

* Antoine de Saint-Exupéry – Den lille prinsen. Åh, så søt bok!

* Georg Klein – Ravnens blikk. Trur eg kjøpte den på Mammutsalget. Ikkje lest enno pga. eksamen og slikt.

* Henrik Ibsen – Vildanden. Sånn billegsak, 49 kroner. Likte den.

* Lars Saabye Christensen – Maskeblomstfamilien.

3): Den siste boka eg leste

Eg meinar det var Maskeblomsfamilien. Likte den veldig godt. Har lest ein del bøker på kort tid no, sidan eg er ferdig med eksamen. Mykje å ta igjen. Held på med Trynefaktoren av Torgrim Eggen, og gler meg vilt til å byrje på Bjørneboe – han skal vere med meg på interrail!

4) 5 bøker som har betydd mykje og som eg har lest meir enn tre gonger:

Vanskelig… Trur aldri eg har lese ei bok fleire gonger for noko anna enn underhaldning. Men det har hendt ved fleire anledningar at eg har lese ei bok om att. Men det var mest då eg var yngre og ikkje hadde så mange bøker og kjeda meg.

To bøker eg har lese fleire gonger er til dømes Roald Dahl sine Den fantastiske Mikkel Rev og Georgs magiske medisin. Trur forresten eg har lese Heksene fleire gonger òg. Fantastisk forfattar, Roald Dahl.

Jo forresten: Naiv. Super av Erlend Loe har eg lese fleire gonger fordi den har betydd mykje for meg (og fordi eg hadde særemne om han). Fantastisk bok, eg falt pladask for den då eg gjekk i niende klasse. Den har påverka meg mykje. I tillegg har eg lese andre bøker av Loe om att i forbindelse med særemnet.

Ja.

5): Oppfordre 5 personar til å lage sin eigen bok-meme.

Okei. Eg oppfordrar Susanna, Magne, Lars Helge, Selda (coolest blog) og Ketil (nerdebloggen) til å lage bok-meme.


Posted in Uncategorized

Om internett-terrorisme…

Dersom ein skal drive og herse med andre på internett er det visse ting ein må passe på, sånn for å ikkje bli avslørt og dermed drite seg ut. Her er nokre nokre nyttige tips frå mi tid som internett-terrorist:

1. Ver konsekvent.

2. Ikkje kommenter som deg sjølv i ein blogg på “bloggruta” di, for så å kommentere under falskt namn i ein annan rett etterpå. Det er alltid nokon som får det med seg og legg to og to saman.

3. Dersom du terroriserar på ein annan dialekt enn din eigen; pass på å at du kan den dialekten du konverterar til. Det er så lett å gjennomskue ein krysning av til dømes fana-dialekt og oppdikta tysnes-språk. Dette var berre eit reint hypotetisk døme.

4. For all del: Pass på språket – sjølv om du vert opprørt. Ikkje bland korta dine! Eit døme (igjen hypotetisk) kan vere dersom du vil skrive ein mail til nokon for å avkrefte ein mistanke og skriv på ein veldig personleg måte, til dømes overdriven teiknsetjing, for så å skrive ein “anonym” kommentar med blanding av dialektar og same distinkte språkbruk som i mailen.

5. Hald hovudet kaldt sjølv om du blir avslørt. Dersom du beheld roen kan du alltids lure deg unna ein flau eksponering, tru meg. Får du derimot panikk, er det gjort.

Lukke til!


Posted in Uncategorized

Karma’s a bitch and so am I

Endeleg ein fridag. Men ops, kva skjer?
Eg vaknar opp til berre… evig mykje regn!
Stooore vassmengder som berre ramlar endelaust ned frå himmelen.
Grrr.

Og som om ikkje det var nok.
Eg sølar eplecider-eddik utover halve kjøkenet.
(Er de klaaaaar over kor vondt denne flytande substansen luktar??)

Vasking. -bøtte, gummihanskar. Grønnsåpe.
Drar fram komfyren og det berre renn ut med alt mogleg skrap.
To gamle knivar, ei sleiv, bruskorkar og matrestar.

Støvsugaren.
Ein kork sette seg fast.
Jorunn sin støvsugar.
Krise!

Men det gjekk bra.

Det går bra no. Enn så lenge.

Eg har nok vore ein dårleg person i det siste, så det var vel ikkje anna å forvente.


Posted in Uncategorized

Fine, lange årer

Eg klarte det igjen. Eg rodde meg i land. Som de kanskje skjønar har eg halt i land mine fyrste 15 studiepoeng dette semesteret. I faget Moderne kunst 204, som altså er eit fordjupningsfag i moderne kunst. Eg hadde ikkje noko grunnlag for å ta dette faget, det var eit uhell, men stod altså med det ein kan kalle minimal innsats. Ikkje fordi eg er ein slaur, altså, okei kanskje litt derfor, men mest fordi eg hadde to andre eksamenar og tenke på. Uansett. Eg stod. Og eg fekk ikkje E. Åååja. Eg er nøgd.

Jorunn går med bukse.

Det var dagens to store sensasjonar.

Så gjenstår det å sjå korleis det går med resten av mine potensielle studiepoeng.


Posted in Uncategorized

I’m back!

Jeppsann, tilbake i byn, så no verte da mindre sjølvmedlidande innlegg i bloggen. Trur eg. Gled dykk. Men akkurat no har eg ingenting å skriva, for eg kom heim sånn circa nettopp. Kenneth er her. Det er rart. Han pleier ikkje å vere her om dagen.

Eg likar ikkje å ta ferjo på sundagar. Minn meg på det til neste gong eg skal reise ein stad. Det er så mange folk! Eg får heilt angst. Også treff eg folk som eg veit eg kjenner, men ikkje hugsar kven er og slikt. Det er ganske flaut i grunnen. Spesielt dersom du sannsylegvis har kjent vedkommande i nokre månader og ho kjem og sett seg ned og skal snakke med deg. Huff. Eg kjenner visst for mange folk. Kven skulle trudd?


Posted in Uncategorized

Some blame Canada, I blame Tysnes

Greit, så er eg kanskje ein av dei meir egosentriske personane i verda. Eg tenker mykje på meg sjølv, og bryr meg sjeldan om andre enn dei eg er glad i. Men! Eg vil påstå det ikkje er heilt mi skuld. Det er Tysnes.

Det er ikkje noko ein blir meir sjølvbevisst og dermed sjølvoppteken av enn å bu på Tysnes. Folk prøver å nekte for dette ved å rette all merksemd mot andre. Den som merksemda rettast mot, blir sjølvbevisst og dermed er den onde sirkelen er i gong.

Dei seier at på seg sjølv kjenner ein andre.

Eg er ikkje den som seier noko i forsamlingar med mindre det er noko eg føler er viktig. Eg gadd til dømes sjeldan rekke opp handa i ein time for å svare på enkle spørsmål. Alle visste jo svaret. (“Kan bli meir aktiv i timen.”) Ein gong skulle me diskutere om mennesket var grunnleggande godt eller vondt. Ein håplaus diskusjon. Men eg drista meg likevel til å ytre påstanden alle mennesker i alle fall er grunnleggande egoistiske. Dette var vel i 3. klasse på gymnaset. Dei fleste sa i mot meg på dette, inkludert læraren. Eg argumenterte, ingen sa seg einige. Før etterpå. I friminuttet.

Eg hadde eit poeng, men no har eg gløymt det.

Kan ha vore noko med at eg kanskje har vrangførestillingar.

I blame Tysnes.


Posted in Uncategorized

Tysnes-fanga

No sit eg på Tysnes. Kjenner meg litt fanga. Vatn på alle kantar. Blir litt nervøs av å vere her. Som om det kan klikke for meg kva tid som helst. Det gjeld å passe på. Passe seg.

Det skjer liksom noko med ein når ein tilbringar for mykje tid her, på Tysnes. Men ein merkar det ikkje sjølv. Ein høyrer om bygdedyret, om sladder, om alt, men tenker ikkje over det. Tenker at det er annleis med meg og mine venner, mitt nærmiljø. Det er noko ambivalent over å reise sin veg. Det er absolutt ein bra ting å kome seg vekk, men det blir desto vanskelegare å kome tilbake. Eg hadde mine tvil om kor begeistra eg var for å reise heim, då eg sat på bussen. Eg har ikkje vore heima sidan påsken, då eg verkeleg innsåg kor sært Tysnes-miljøet er, og kor fucka mange tysnesingar eigentleg er (*kremt-mandelhuset-kremt*).

Men no er eg her. Litt på vakt, men eg er her, og det er no historia eigentleg byrjar. Heh. Ein dag på Tysnes.

Eg stod opp klokka halv sju i dag. Eg kunne sjå seks-talet på mobilen. Det regna. Ikkje sånn vanleg regn, men snarare vassdropar som berre virvla rundt i lufta. Kvar vart det av sola? “Ferieparadis, my ass” tenkte eg og stod opp. Eg skulle køyre min bror, Mads, på jobb. Eg trur kanskje ikkje det burde vore lovleg for meg å køyre bil i den tilstanden eg var i. Men. Ein fin ting med Tysnes: Eg traff berre éin einaste bil på vegen ut frå Lunde til Våge. Det var drosjenaboen vår. Så eg drepte ingen.

Då eg kom heim la eg meg til å sove att. Med Bellmann, den snille hunden, ved mi side.

Så var klokka 11 og det var tid for å stå opp og gå på min jobb: Vikar på ungdomsskulen i gym. Eg skulle ha dei to åttendeklassane på øya. Eg innser at det nok er litt på kanten, reint etisk, å skrive om dette her, men seriøst; kven er det eigentleg som les dette? Og eg kan uansett ikkje namna på nokon av dei eg skriv om (bortsett frå naboen min og småsøsken til slike som eg har gått på skule med). Ikkje hadde eg hugsa andleta deira heller. Men sånn for sikkerheits skuld vil eg ta mine forhandsreglar og be mamma og Ketil om å vere så snille å ikkje gjenta dette til nokon.

Uansett. Gym i den store Tysneshallen. Eg kom på skulen i god tid før 5. time, av di eg hadde fått beskjed om at læraren eg skulle vere vikar for hadde laga eit opplegg til meg. Eg finn pulten hans, rotar litt i papira og finn til slutt “opplegget”. Ein lapp som det står “fotball” på. Okei. Fint opplegg. Men det var greit nok, då. Fotball er då i det minste noko eg kan. (Huff, hugsar framleis då eg skulle ha nokon i handball…) Så me spelte fotball. Eller dei spelte. Eg stod og såg på. Litt morsk på utsida, men morte meg stort på innsida.

Som alltid på ungdomsskulen var det mange festlige unnskuldningar for å ikkje ha gym: Ei hadde med seg melding der det stod at ho hadde vondt i tommelen. Flaks ein ikkje bruker hendene i fotball, då. Ei anna sa ho skulle ta med melding neste gong.
Heh, sikkert.
Så var det ein som hadde vist meldinga til ein annan lærar.
Javeeel…?
Men min favoritt i dag var ho som kom til meg og sa at ho hadde legeerklæring som fritok ho i frå “alt som har med sånn springing eller jogging å gjere.” Men eg fekk ikkje sjå legeerklæringa, for den hadde ho tenkt å vise til gymlæraren når han var til stades.
For det høyrdes ikkje ut som ei svær, feit løgn?

Men når det kjem til stykket er det ingenting eg kan gjere med slikt, for eg anar ikkje kven eg kan stole på og dersom eg tvingar nokon som ikkje skal ha gym til å ha det, får eg store problem. Så det. Skriv ein lapp til han eg er vikar for, og håpar det ordnar seg.

Elles la eg merke til noko som eg ikkje har tenkt over før: Kor ekstreme ungdommar er i personlegdomen sin. Dei tar liksom dei minste personlegdomstrekk og drar dei til det ytterste. Er, til dømes, ein person veldig snakkesalig, blir vedkommande vanvittig mykje meir utadvendt i ungdomstida. Og omvendt. Desse trettenåringane går liksom rundt som små parodiar på seg sjølv. Eg veit dette ikkje er nokon original tanke, men eg berre merka det så godt i dag. Det er eigentleg veldig fascinerande. Det er noko heilt spesielt med å gå på ungdomsskulen. Spesielt i Våge. På godt og vondt. Eg er glad det er over, herregud, men samtidig hadde me det veldig festlig mykje av tida, då me gjekk der.

Skummelt.

Ooh, ein annan Tysnes-ting: Eg og Jorunn har vore på café i dag. “Hos Hanne”. (Kvifor ikkje HannA?) Me bestilte cappuccino (riktig stava?), men endte med å drikke te, då café-dama, som eg trur har vore barnehagetanta mi ein gong i tida, ikkje fekk kaffimaskina til å fungere. Jadda. Elles var cafeen veldig “Tysnes”. Fullt av sånne folk som sikkert heng der kvar dag. Dvs. tre stykker. Sånne som ikkje har noko liv utanom å henge på cafeen og å sitte utanfor å røyke. Men dei hadde då ein betalande kunde (utanom oss): Nemlig Karbonademannen. Jepp, Herr “har-dåke-sånn-karbonade-med-brød-på-begge-sider?” satt pinadø og spiste middag der. Sannsynlegvis karbonade og agurk, men eg turde ikkje sjå etter. Dersom nokon vil høyre meir om denne mannen skal eg gladeleg skrive, det fins mange historiar om denne mannen.

Men ja. Det var alt for no. I morgon vert det tvillingbursdagsfeiring. Følg med!


Posted in Uncategorized
Neste side »