Åh, så mykje pengar eg har brukt i dag. Oi, oi. Dagen etter den store lønningsdagen. Har kjøpt meg ny dødsfeit klokke, på barneavdelingen så klart. Det stod mellom raud og svart klokke med daudningehovud, ufo eller noko snirkelgreier. Eg gjekk for snirkelgreiene. Den hadde den finaste raudfargen. Ja, ja. Nok om det.
Har eg noko meir å fortelje eigentleg? Shit. Eg er ein slik person som berre har pengar og ingen personlegdom.
Haha.
Hadde det vore så vel.
Det skjer eigentleg ikkje så mykje spanande i livet mitt for tida. Ikkje som eg kan setje ord på i alle fall. Kva no det skal bety. Eg lever visst ikkje noko spanande liv. Sukk.
Jada, neida, kva skal eg seie? Har ganske mykje fri for tida. Herleg, men døgnrytmen lid. Er litt gale når ein vil gå å legge seg att etter å ha vore vaken i berre tre timar. Men, men. Elles går det jo greit. Neida, kan ikkje klage.
Okei, dette var voldsomt med småprat, det er eigentleg berre fordi biletet i det førre innlegget vart litt for stort, så no må eg berre skrive mykje dritt for å skubbe det nedover.
Fy søren, at alle skal drive å gå i trappa når eg sitt her og skriv. Kan dei ikkje finne på noko betre å gjere på ein fredagsettermiddag?? Og her har eg vore ute i fleire timar, men er det nokon som spør kvar i fuckingsland eg har vore i halve dag utan å seie i frå? Nei. Dei bryr seg berre om den ekle Lidl, ÆæÆÆÆÆæÆÆÆæææsj! LIDL! Æsj! Eg burde få klæsj berre for å skrive styggeordet i bloggen min. Fy dra!
Og som om ikkje det var nok, trur eg Mannen har tenkt å drepe blomsterenga vår. Dritt.
Men elles. Jadda, går bra her.
Eg fant endelig ut kva som eigentleg står på amerika-gensaren min!
Det kjem i frå ein serie på internett som heiter Salad Fingers – dødsmorosam! Salad Fingers finn du her .
Då var eg ferdig med eksamenane mine. Det gjekk litt sånn “båb-båb”, for å sitere Zoran. Satsar på at eg står, men føler ikkje at det er garantert. Vart litt mykje fekting med årene på metode-delen. Jeje, whatever. (har nettopp lest hengehusbloggen…) Kunsten er å ikkje snakke med dei flinkaste psykologi-studentane etter eksamen. Eller berre la vere å høyre etter. Litt vrient når du er på vorspiel med fullt av slike, eg klarte det. Har inntrykk av at dei fleste har slitt ut armane sine i år, for å sei det slik.
Fredags ettermiddag gjekk med til å ta igjen husarbeid for dei siste 2 vekene (usj). Det tok si tid, kan du sei. Men no er det i alle fall leveligt her. Oooh, også såg eg idol. Jorun er festlig. Men når eg kjenner etter bryr eg meg ikkje så veldig om kven som vant. Den nye idolsongen derimot, vekte sterke kjensler. Herlighet! Eg trudde dei hadde nådd botnen i fjor med Standing tall, ekle Espen Lind-songen. Men neida, i år klarte dei altså å snekre i saman noko enda verre. ÆSJ! Dei burde skamme seg.
Uansett. No har eg fri. Med unntak av nokre besøk til ICA-land. Goooode greier! Eg skal lesa mykje bøker og henga på café. Også skal eg oppsøke min nye venn Yngve frå psykologistudiene. (Traff på vorspiel i går.) Eg bestemte at me skulle vere venar, og han var i grunnen einig. Åh, eg må berre sei det; han bur i fabrikkgata (eller vegen). Eg går der heile tida når eg kjem med bussen frå trening eller ICA-land og har ofte tenkt, “kven er det eigentleg som bur her??” No veit eg det.
Denne veka håpar eg at Linn skal lære meg å klatre litt. Det gler eg meg til. På tysdag skal eg spele fotball med Kalandseid. Lurar litt på kvar. Og på torsdag skal eg til Tysnes. Forhåpentligvis er ikkje Stine dratt sin veg, så då blir det sikkert litt speling. Hurra.
Så sånn e no da.
Mads har høyrt at eg skal bake kake i dag. No har eg òg høyrt det. Så då vert det vel slik.
Eg vart så vanvittig glad då eg vakna og såg at da sludda på sjølvaste nasjonaldagen, som eg skal tilbringe innandørs med psykologibøkene mine. Men så kom sola og forpurra mitt rosenraude syn på tilværet. Høyrer eg ein jævla lyd i frå buekorpset, så smell det!
Vil eg berre reisa to veker fram i tid.
I dag er dagen. Eg skal skrive ei 15 siders oppgåve om eit emne eg ikkje har peiling på. Altså, eg har byrja litt og eg har lest pensum. Men kan ikkje sei eg føler eg har snøring. Tikk-takk, kvifor sitt eg her og sløvar? Must get to work!
Nokon som veit noko om vår alles kjære Clement Greenberg?
I’m not aware of too many things
I know what I know, if you know what I mean
Philosophy is the talk on a cereal box
Religion is the smile on a dog