Samtalar med ein løynd sjiraffven

Det gjekk som det måtte gå

Eg må kjøpe meg blå sokkar.


Posted in Uncategorized

Eg må byrje å henge på fotballbaner

Fotballaget mitt, Njardar/Tysnes ga seg på det. Alle vart gravide. No må eg finne meg eit nytt fotballag. Korleis gjer ein det?

Eg kan jo alltids melde overgong til Kalandseid. Men dei er blå. Æsj.

Eg må nok byrje å henge på fotballbaner i håp om at eit fint, raudt lag skal dukke opp.


Posted in Uncategorized

Gode greier

Skitur
Tequila-aften

Dette var gode greier.

Og eg klarte nesten å lesa mine 350 sider for veka. Skal lese resten så snart bokstavane sluttar å bevege seg.

Åh shit, klokka er jo berre 10 og noko. Eg har vore vaken lenge. Dette var jo over all forventning.

Og eg hugsar det meste, og høyrte det meste som vart sagt. Eg mista teljinga etter 5 shots.

Jadda.

Eg skal ikkje på forelesning ein gong.

Nesten som ein heil gratis dag.


Posted in Uncategorized

Sneik seg innpå

Så var den der i år òg. Panikken. Den som vanlegvis melder seg før eksamen. Tidleg i år, då eg ikkje skal ha eksamen før om 6-7 veker. Men eg har lært. Brente meg i fjor. Kanskje eg slepp å døgne før den siste eksamenen i år. Jadda. Det kjem nok til å skje. Heilt sikkert.

Men som den ivrige psykologi-studenten eg gjerne vil utgje meg for å vere, veit eg at denne såkalla eksamens-angsten kan reduserast på ein veldig enkel måte. Lesing. Åh, ja. Mykje lesing. Har rekna litt på dette, sjølv om eg eigentleg ikkje får lov av meg sjølv å prøve meg på den typen vågestykker; eg må lese om lag 350 sider i veka fram mot eksamen. Eg skal forresten ha to stykker. Psyk101 og 102 – tjoho. Og i tillegg, overmodig som alltid, skal eg skrive ei semesteroppgåve i moderne kunst 204 (ja, det er eit fordjupningsfag og nei, eg har aldri hatt kunsthistorie før). Eg trur det kjem til å gå bra, eg. Men så er jo eg frykteleg dum. Eg trur liksom alt skal gå bra. Eg trur jo òg at eg kjem til å overleve eit år i det store militæret.

Men dette har eg vel strengt tatt ikkje tid til. Disiplin er så mi greie.


Posted in Uncategorized

Herborg Kråkevik, del 2

Denne delen inneheld heldigvis ingen gummihanskar. For dei som ikkje har fått med seg del 1, kan eg seie at historia ligg i arkivet. Både her og i husbloggen. (Forskjellige historiar, vel å merke.)

Dette er eigentleg ikkje interessant. Men me har no ein gong påbegynt ei Kråkevik-greie, så då kan eg like godt halde fram.

Me traff altså Herborg Kråkevik igjen. Eller det vil seie; eg traff ho for fyrste gong, men mine vener traff ho altså på Retro i fjor haust. Hennar majestet Herborg med det søkande blikket.

Me var på Svigermor, ein utestad i nærleiken av teateret, på laurdag. Grunnen var ein person som eg ikkje kjenner som skulle ha avskjedsfest. Han skulle visst til Stavanger. I alle høve: Ut av ingenting kjem Herborg Kråkevik spaserandes inn. Ikkje at eg eigentleg kjente ho igjen – alvorleg talt; det er så vidt eg kjenner at mine eigne vener, dersom eg treff dei på eit uventa tidspunkt – men eg blei snart gjort merksam på kjendisselskapet vårt. Kva gjorde der var det ingen som fann ut, men det spelar ingen rolle; eg har sett ein kjendis! Utan å kaste ein øldynka serviett på vedkommande. Hurra.

Dette var totalt uinteressant, merkar eg. Godt det er så sjeldant eg har noko interessant å seie, elles hadde kanskje nokon blitt skuffa.


Posted in Uncategorized

Eg trur eg har ein plan

Eg har fått ein ny idé. Denne gongen har eg bestemt meg for å dra i militæret. Eller ingenting er bestemt endo. Eg kjem nok til å feige ut. Det er ikkje til å stikke under ein stol. Men i mange timar no har eg syns at dette er ein utmerka idé.

Tenk så genialt; eg får stikke av eit år, ta ein “pause”, samtidig som husleiga blir dekka, slik at eg ikkje øydelegg for mine romkameratar og, på toppen av alt, får eg behalde jobben min. Det må jo berre gå bra.

Eg innser at dette mest sannsynleg er eit påfunn, type finne-meg-sjølv, noko som er greit. Eg finn nok aldri meg sjølv, sånn på ordentleg, men kven gjer vel eigentleg det? Kanskje paven. Det er sikkert overvurdert alt det der med indre harmoni og falleri-fallera, i alle høve. Eg vil i militæret. Bli trent og disiplinert. Og aller helst hoppe litt i fallskjerm. (For eg ser ikkje bort i frå at ein får gjere den slags i luftforsvaret.) Det må jo berre bli bra. Men fyrst vil eg studere litt biologi. Byrje på ein bachelor.

For å oppsummere: Eit semester til på universitetet, så militæret. Så veit eg kanskje kva eg vil bli når eg kjem heim. Viss ikkje kan eg alltids bli lærar. Fett nok, det.


Posted in Uncategorized