Samtalar med ein løynd sjiraffven

Kommenter!

Åtte personar har vore her sidan eg fekk teljaren. Og det er faktisk åtte ulike personar, som har vore her og kanskje lest. Huff. Dette var press.
Men det kan jo òg hende at det er ein del som berre sveipar innom. Ikkje veit eg. Syns godt folk kan kommentere litt, slik at eg veit kvar eg har dei, liksom.

Elles skjer det ikkje stort. Rangla litt på fredag (unnskyld, mamma), jobba på ICA utan å velte frukt, Jim Stärk og plakatstjeling, og i dag har eg vore heima på Tysnes ein tur for å øve med Bandet. Me skal visstnok få tre TUSEN kroner for å spele på Mandelhuset. Gode greier.


Posted in Uncategorized

Nyheit

Eg fann meg ein teljar. Heilt på eiga hand.

Eller det vil seie; eg dreiv og leika med next blog-funksjonen, så såg eg ein sånn teljar som eg alltid har ynskt meg, men aldri gidd og skaffa, så trykte eg på reklame-linken under -og vips, så kom eg innpå ei sånn greie, men så kom eg på at eg jo allereie hadde registrert meg hos dei der folka på Bravenet, for det er ikkje fyrste gongen eg har sett ein teljar og tenkt “sånn vil eg òg ha”, neida. Så eg såg i innboksen min, og ganske rett der var det fullt av konto-opplysningar, så eg kunne berre logga meg inn og laga meg ein teljar. Valgmoglegheitene var store, men eg falt til slutt for ein grøn neonsak. Den stod fint til overskriftsfargen min, tenkte eg. Så fekk eg ein slik fin html-kode. Men det var ikkje berre-berre å plassera udyret, det skal eg love dykk. Herregud. Men eg fekk no ordna det på eit vis. Litt sånn halvvegs vellukka, som det alltid blir med meg. Til å vere utan Mads si hjelp syns eg dette var svært bra. Klapp på skuldera mi for den.

Bra Hanna.
Takk-takk.

God natt.


Posted in Uncategorized

Eg treng noko å gjere på

Eg merkar at eg fokuserar frykteleg på å ha noko å gjere på for tida. Eg leitar etter aktivitetar og livsoppgåver og prosjekt over alt. Det har nok litt med at eg har vore sjuk og dermed fengsla innandørs utan inntrykk frå noko anna enn tv og datamaskin.

Når eg tenker meg om pleier dette å skje. Tidlegare har det hendt når eg har hatt ferie frå skulen. Då har eg vorte så glad for ferie at eg har snudd døgnet fullstedig på hovudet og tilbrakt dagane inne med Tidstjuven. Eg merka det ikkje sjølv, men sakte, men sikkert byrja eg å klatre lengre og lengre oppetter veggene.

No har det altså hend igjen. Eg kjenner meg litt smårar, og er ganske sikker på at det ikkje er røkelsen. Eg må berre ut, men no er det seint og eg er sjuk og det regnar. Men eg kjenner meg så ufatteleg rastlaus. Inga meining i livet, berre ligg her og kastar bort mine beste år. Og som det superobjektive rektorbarnet eg er må eg spørre meg sjølv: “Kva skal eg gjere då? Korleis kan det nokon gong forsvarast at eg er her?”

Dumme spørsmål som eg sjølvsagt veit svara på, eller det vil seie; eg veit at eg ikkje veit. At det ikkje betyr noko uansett. Så eg berre ligg her og kjenner meg ufatteleg rastlaus. Dei seier eg ikkje skal tenke på det, at eg skal nyte livet, men korleis kan eg? Eg veit dei har rett, eg veit eg har rett. Men så blir det berre dumt. Og eg giddar ikkje ein gong gjera noko med det, for eg anar ikkje kva eg skal gjere. Eg kjenner meg så grenselaust unyttig. Som ein klisjé. Eg er fryktelig forutsigbar, til og med for meg sjølv.

I morgon er eg berre nødt til å gjere noko. Kva som helst.


Posted in Uncategorized

Mitt livsprosjekt

Eg har lenge kjend at det er noko som manglar i livet mitt. Trur endelig eg har funne det ut. Eg manglar noko å fokusere galskapen min på. Eit samlingspunkt for heile meg, kan ein seie. Eg er ikkje heilt sikker på kva det skal vere enda, men til eg veit det, øver eg meg i det små.

Greit nok, eg har jo studier og slikt, men det held liksom ikkje. Eg treng noko som engasjerar meg på ein meir genuin måte. No har eg hatt for meg eit kesamprosjekt ei stund. Heilt greit. Alt ein kan bruke kesam til. Sunn og god bakst. Eg skal bli ein ekte kesamperson. Men det er ikkje noko livsprosjekt. Eg treng eit livsprosjekt.

Ein annan ting eg har bestemt meg for, er at eg skal ta ein verdsrekord i noko. Ein heilt absurd verdsrekord. Ein slik rekord som får folk til å seie “det er det verste eg har hørt.” Dette er heller ikkje noko livsprosjekt, snarare tidsfordriv og nok ein ting eg kan krysse av lista mi over ting eg skal gjere før eg døyr.

Eg har ikkje ei slik liste. Kanskje eg burde få meg ei slik liste? Eg er glad i lister. Men er ikkje særleg glad i tidspress. Eg treng ikkje slikt press på meg. Det er ille nok med den stigande alderen. Ikkje rart folk døyr. “Herregud, åtti år allereie? No MÅ eg jo berre døy snart.” Så får dei hjertestans.

Eg må nok tenke litt meir over denne saken.


Posted in Uncategorized

Litt halvhjerta oppdatering

Det er liksom berre det at naar eg har noko artig aa sei…

Oh, fuck it, I’ll write this in english. Damned keyboard. I’ve been having a lot of problems with spyware, so I had to delete everything on my computer and now my keyboard is all messed up $%^&*(among other things probably). It’s set to american or something. Really, really annoying. So now I’m just writing in english, so I won’t have to use the norwegian letters which I can’t write. Yeah.

Anyway; what I was about to say, is that when I have something interesting to say^&*()()_{{P”‘;;’[p][p=_0=-0=./,.,///////write, I write it in our Houseblog. So this update isn't going to be very interesting.

I’ll try to figure out something to make it more interesting. Some day.

My room mates are being very annoying right now. They are standing outside my room singing \”:”Life time guarantee”. Nice. Not so much.

I’ve been to ICA-land today. Same old, same old. A few stupid customers as usual. One thought I was trying to overcharge him by 100 kr. How the hell would I be able to do that|”}{:L?:? I explained to him how this was not possible, but I don’t think he believed me. Typical. Whatever.

Bored now.
Tired now.
Going to bed now.

I need to get my keyboard fixed.

Foo Fighters are going to be at Roskilde – I am so happy!

Good night.


Posted in Uncategorized