Eg er frykteleg frekk. Eg har lenge vore klar over at eg er ganske frekk, men no har eg altså til mi store overrasking oppdaga at eg har gått over streken til å verta frykteleg frekk. Eg trengte rett nok litt hjelp for å nå denne konklusjonen, då eg ikkje har bøttevis med sjølvinnsikt å forsyne meg av, men no veit eg det altså: Når eg er vaken er eg frykteleg frekk. Sjefen seier det og Jorunn seier det, så då må det vere sant. Frekke Hanna. Dette er ei ganske beklageleg karakterbreist (brist?), men eg kjenner at det ikkje det er så mykje eg kan gjere med saken no. Det har gått litt for langt. Eg ville berre seie at eg er klar over problemet, og skal prøve å vere høfleg når eg kan.
Jorunn er eit hippiebarn, hippiebarn, hippiebarn
Jorunn er eit hippiebarn, eg syng det i ein sang.
(melodi: ukjent, kan minne om “på månen bor en liten mann”, men ka veit eg.)
Det stemmer. Eg har ingenting å seie nett no. Har sagt det meste i husbloggen. Dramatikk i Huset i dag. Les om det på http://husblogg.blogspot.com/
Biffmiddag i kveld med Kennethfyren, Torgeir og Vibeke. Vegetarianeren kjem til å sutre litt, men det går nok bra. Det går som regel bra. Stor biff. Takk, mamma!
Elles held eg fram med mine spanande universitetsstudier. Ser mykje på bokstavane. Eg kunne heilt klart vore flinkare til å konsentrere meg. Det skal eg ikkje nekte for.
Eg ser
Ser på boka
Ser på orda
Ser på bokstavane
Dei fine bokstavane
Eg ser
Augene blir store og våte
Eg ser
Ingenting skjer
Ser, ser, ser, ser
Faen dåh! Kvifor kan dei ikkje berre laga fagbøker på cd??
Eg blei vekka i dag, klokko kvart på ti, av ei jævla motorsag! MOTORSAG! Som i “vrrroooom, vrroooom – sjau og spetakkel”. Jævlig drit, altså. Også så tidleg! FØR klokko ti. Hallo? Kem e da so står opp klokko evig tidleg med kun èin tanke i hovudet: “mooootorsag”. Da e reinspikka galskap spør du meg. Går da liksom ikkje an å ta hensyn lenger? Eg hadde aldri i verdo funne på å bråka og laga jævel når eg VEIT at da sannsynlegvis e mange trøtte studentar i nabolaget. Eit nabolag der husene tydelegvis er laga av papp. Hadde da vore klokko fem øve ti eg blei vekka so sku eg no holdt godt kjeft, men kvart på? Uakseptabelt. Eg meine da går ei slags grensa. Sjølv dei verste slaurane burde tåle å bli vekka klokko ti (klokko tolv i ei perfekt verd, men verdo e ikkje perfekt); då e liksom dagen i gong for dei fleste. Men kven i sitt rette sinnelag står vel friviljug opp før da? Helvete. Og KEM i FUCKINGSLAND drive vel å saga med motorsag på den tido?! Jævlig nok med alle oldingtransporten so vræle forbi rommet mitt te alle døgnets tider, om ikkje eg ska måtta bli motorsagd ut av sengo i tillegg. Gale nok va da den gongen di dreiv og hamra i ellevetido. Ka e da eigentleg med desse naboane våre? Berre snikkersæringar, gamle damer og elefantmannungar (eg tulle ikkje: skikkelig deformert håve på den drittongen – drive sikkert og snikre han òg). Nei, takke meg te ein roleg dag i ICA-land.
Åh, eg har sett så mange fine ting over alt i dag. Og i går. Heile tido, fine ting, alle stader. Lekre lys i alle fargar og fasongar, fine frakkar, biske bøker, merkelige møbler – alt ein kan ynskja seg! I bytte mot berre litt pengar. Eg treng fleire pengar. Godt eg skal til ICA-land i morgon og skaffa meg. Som den materialisten eg er blitt.
No skal eg lese psykologi. Eg trur det trengs.