Samtalar med ein løynd sjiraffven

Ikkje fortell meg kva eg gjorde i går

Fest igår. Det gjekk bra heilt til me sthal vinen til Torgeir. Det gjer som regel det. Går bra heilt til eg stjel drikka til andre. Dette har skjedd før og eg burde ha lært, men nei.

Ja, ja. Kenneth er komen med alle tingene sine. Dei seier han skal bu her. Det er då hyggelig. Elles skjer det ikkje så mykje. Forelesningar i morgon. Klokka kvart over åtte til to. Ein heil dag. Trur eg droppar den fyrste.


Posted in Uncategorized

Om gummihanskar og Herborg Kråkevik

Eg gjekk glipp av sjølvaste Herborg Kråkevik. Ja, det kom som eit sjokk på meg òg Medan eg satt heime og ante fred og inga fare, rett nok med vindauget mot verda ope, har altså Herborg Kråkevik, kjent frå film og scene, vore på vift i byen min. Min by. Det svir unekteleg. Dei som vil vite meir om Kråkevik sine røyrsler i Bergen by, er velkomne til å vitje husbloggen for Søndre skogvei 63a: “Sosiale tendensar”.

Medan dette gjekk føre seg, sat eg altså uvitande 78 meter over havet med vindauget mot verda ope og nasen i ei bok. Det eg derimot var smerteleg klar over, var mitt ansvar ovanfor Huset sine øvrige bebuarar. Dette var noko eg hadde utsett i nesten to dagar vel vitande om kva som venta meg etter laurdagens festligheiter, eit ansvar som hadde tynga meg lenge og stadig vart meir presserande: Å vaska badene. Vanlegvis er dette berre ei litt lei oppgåve eg har teke på meg, og som dukkar opp ein gong i veka når tannkremsflekkene og støvlaget avslørar meg, men denne helga var det nokon som hadde lagt i frå seg ei ekstra overrasking til meg. Ja, oppkast. Og me snakker ikkje nokre små, litt brune dropeflekker langs kanten av doskåla. Nei, her snakkar me ekte, neongul magesyre frå dei mørkaste, djupaste avgrunnar. Avgrunnar der sola aldri skin og stanken er så uuthaldeleg at Pinocchio hadde bytta sjela si mot ei sag. Me snakkar flekkar på matta, sirlige striper på utsida av skåla og sist men ikkje minst eit bylgjemønster av ei anna verd på undersida av ringen. Eit bylgjemønster som ingen storm på noko hav kan kome i nærleiken av å gjenskape. Ord bleiknar.

Dette stod eg då ovanfor. Eg trur ikkje nokon ville ha klandra meg om eg låste døra til elendigheita og kasta nøkkelen ned i dusjsluket på det andre badet, men som den hardbarka vaskekjerringa eg er marsjerte eg ansvarsbevisst og heltemodig ned til Joker-butikken der eg forlanga å få to gummihanskar (den som fann opp gummihanskar burde heidras med herlege skulpturar av gull og grøne skogar) i bytte mot pengar. Eg ville ha èin hanske til mi høgre hand, og èin til i venstre. Det fekk eg. Med dette skreid eg til verket. Det var tøft, og eg måtte stoppe opp mange gongar for å klage med min fulle lunge kapasitet og galskapen var nær å ta overhand på meg, men eg sloss tilbake med grønsåpe frå Lidl (ikkje sei til Sjefen at eg har handla på Lidl, men den kosta berre fire eller fem kroner) og standard-Klorin frå Joker. Oppkastet gav meg ein hard kamp, pur ondskap er tøff å hanskast med, men eg gav meg ikkje og fekk til slutt tvinga oppkastet til retrett. Det snigla seg ned i doskåla, med halen mellom beina, så og seie, og ut på det store havet på jakt etter nye eventyr, nye bad å grisa til.


Posted in Uncategorized

Søndag

Eg har ingenting og sei. Men eg va her. Og e her.


Posted in Uncategorized

Dagen i går

Meining: Jobb

Moro: Drikka

Meiningslaust: Betale 50 kroner for å utsetta meg sjølv for music puben


Posted in Uncategorized

I dag

For meining: Vore på jobb

For (materiell) moro: Grøn augesminke og nye cd’ar

Utan meining: Orienteringsmøte for kun204 (ingenting av nytte vart sagt)


Posted in Uncategorized

Mi nye greie

Mi nye greie er at eg kvar dag skal gjera (minst) ein meiningsfylt ting, ein meiningslaus ting (for å halde meg sjølv på jorda) – og ein ting berre for moro skuld.

I går var eg på jobb, noko som er meiningsfylt fordi det skaffar meg pengar til å reisa til Tromsø og Europa. Etterpå tok eg bussen til Lønborglien, noko som var ganske meiningslaust sidan vi skulle til Eidsvåg eller noko slikt. (Heldigvis fann vi snille bussjåføren på endestasjonen som køyrde oss der vi skulle, elles hadde vi nok hagla i hjel.)

Så, på nachspiel, tok Sykkelbudet og eg barberskum (datert til åttitalet sånn omtrent) i trynet på han der Kenneth-fyren. Det var moro…

I dag har eg laga meg god (og sunn!) frokost. Det får bli min meiningsfulle ting for dagen. Kan ikkje ha så høge krav på sundagar.


Posted in Uncategorized

Sjuk…

Helvete, det er jo sundag i dag… Når blei det dèt??

Eg trur eg sit på eit par sokkar.

Dei er nok mine.


Posted in Uncategorized

Dagen derpå

Eg kan høyra hjernecellene mine døy.

Popp, popp-popp…


Posted in Uncategorized