Eg lever. Er her.
Berre meg.
Held fram.
Ny start. Nytt år.
I morgon kjem snart.
Framleis er det meg.
23. desember, også kjent som Den vesle julafta, viste seg å vera den travlaste dagen i handleåret, sånn utanom 16. mai. Takk, Sjefen! Men me kom oss då heim, eg og Rage Jorunn Kjellesvik, og jula er blitt feira. Tre, pakkar, avsindige mengder mat. Treng eg seia meir?
1. og 2. juledag øvde eg med Bandet. Ja, stor B. Me spelte i ungdomshuset i Lunde (flytta frå Godøysund) og fekk betalt i gratis drikka. Ubegrensa. Jepp. Den tredje dagen sto eg ikkje opp.
Då er me komen til dagen i dag, og ja, kva kan eg seia? Eg er blitt lurt! Igjen. Av dumme Njardar/Tysnes. Eg må gjera dugnad. Stå i kiosk! Bli full av vaffelsteikelukt! Kvifor? Fordi eg ikkje spelar i den ekle romjulscupen. Hallo? Her har eg jobba den eklaste, travlaste dagen i handleåret for å få fri i romjulo og kva møter meg når eg kjem heim?? Ekkelt dugnadsbrev! Grrrrrr… Ikkje særlig glad.
Den store vesle julafta og kva er mine planer for denne store, vesle dagen? Jo no skal de høyre; eg er blitt luuuurt til å jobba på den store butikken. Også kjent som ICA, I-C-A. Klokko 9 om morgonen skal eg vere der. OM MORGONEN! Annbjørn, også kjent som Sjefen, luuurte meg! Eg visste ikkje kva dato torsdagen var. Dette sa eg til han og han sa berre “ja, da sier vi torsdag da”, og like etterpå luuurte han Jorunn, også kjent som Rage Jorunn Kjellesvik, i nett same felle. Kven kunne vite at torsdag var dagen før julafta, den dagen me rømmer frå den store byen? Jaja, no sit eg i klisteret. I morgon må eg faktisk stå opp. Eller altså i dag. Om 7 og ein halv time. Sånn omtrent.