Samtalar med ein løynd sjiraffven

Ein million sjiraffvener

No snakker me!

http://olahelland.net/giraffes/

Endeleg nokon som har skjønt kva verdsveven kan brukast til. Eg blir nesten litt snurt over at eg ikkje klarte å komme på dette.

Men mest glad. :)


Bakeriansvarleg

Eg har fått meg ein ny jobb på ICA’en. Den har umenneskelege arbeidstider (7-15) og inneber ein del ansvar. Korleis klarte eg å rote meg oppi dette?

Ja, eg har kanskje litt angst for alt som lukter av etablering. Berre litt.


Posted in Uncategorized

Oppdatering til Susanna

Hei Susanna!

I dag har eg hatt den siste av eksamenane for i år. Eg hadde berre to i år då, men det var visst meir enn nok. Botanikken gjekk ganske bra, men på grunn av eit spørsmål som truleg ikkje fins nokon stad i pensum, blir det nok berre ein C, noko som er litt meiningslaust, i og med at eg allereie hadde C i det faget. Kjemien gjekk berre grusomt dårlig. Det viser seg at eg rett og slett ikkje er god i kjemi.

Elles er det svært lite å fortelle. Eg gler meg til du kjem heim. I morgon, sant? Det blir stas.

img_7302

Snaaaakkes :D


Posted in Uncategorized

Rotfylling og andre uhumskheter

I dag har eg vore gjennom det som viste seg å vere “fase 1″ av rotfylling. (Åjada, det fins TO faser.) Denne fasen innebar altså å bore, herje og røske i tennene mine medan kjeften min var dekka av ein “søt, lilla duk” (i følge min tannlækjar, Kristoffer). Eg veit ikkje kva desse tannlækjarane vanlegvis reknar som søtt, men i mitt hovud, er ein lilla gummiduk som gjer at slabb og sikkel renn fritt under, og utover halve trynet mitt, ikkje søtt.  Menmen. Det var ikkje så gale, alt i alt. Eg fekk injesert ein shitload med bedøving og kjende eigentleg ingenting anna enn den stikkande smerten av ein kjeve på halv åtte med ei visdomstann som sperrar for maksimal gaping. Hadde det ikkje vore for dette, hadde eg kanskje fått ein halvtime med søvn.

Neste onsdag skal eg tilbake, Så vidt eg har forstått skal det store gapande holet, som ein gong i tida var ei tann, fyllast med alskens kjemikalier som, med hell, inneber at ein aldri treng sjå djevelskapet igjen, langt mindre ofre det ein tanke. Så det blir bra.

Elles var eg hos veterinæren med Embla i går for den årlege vaksinasjonen sin, og då viste det seg at ho har fått lus. Mitt vandrande loppesirkus er altså ikkje eit loppesirkus, men eit lusereir. Det var jo litt skuffande, men heldigvis lett å fikse og ubetydelig for meg og andre medmennesker. (Ingen gaping, ingen boring og ingen lus i mitt hår.)

Kort sagt, er det ei litt dårleg veke å vere meg på. Heldigvis har eg min nye hobby; fanatisk trening, å falle tilbake på. I går var eg på SATS og snakka med ein mann som fortalte meg kva eg måtte gjere for å bli sterk, og i dag har eg vore på Stolzen igjen. Seinare i dag skal eg på spinning, som eg eigentleg mistenker blir meir smertefullt enn rotfylling, men sidan det er i regi av fotballaget og eg prøver å overbevise dei om at det er tåpeleg å ikkje ta meg med på alle kampene berre fordi eg ikkje får gått på så mange treninger på grunn av ICA, får eg berre bite det i meg.

Det var det.


Eg rule!

Hei!

 

 

Vi har mottatt mail frå dykk vedrørande transport av hund på Hardangerfjordekspressen måndag 25.02.08.

De har opplevd at handhevinga av retningslinjene for transport av hund er blitt praktisert ulikt av mannskapet om bord. Vi har snakka med mannskapet, og det syner seg at dei har tolka desse retningslinjene på ulike måtar.  Etter denne gjennomgangen har vi nå ei felles oppfatning av at hund kan takast med inn i salongen og opphalda seg på tilvist plass der under overfarten. Dette vil kunna variera litt frå gong til gong alt etter baggasje og andre reisande.

 

Vi vonar at de i framtida vil vera nøgde med den servicen de møter frå det gode mannskapet vi opplever å ha om bord.

1 gratisbillett på Hardangerfjordekspressen vil bli sendt deg i posten til oppgitt adresse.


Posted in Uncategorized

Meg og alle mine klager

Eg er som kjend svært ivrig når det gjeld klagebrev, og her er eitt til. Tidlegare har me sett at eg har skrytt snøggbåtselskapet Rødne opp i skyene og rakka hardt ned på Tide. Men denne helga endra alt seg. Berre les her:

Hei.

Eg har nytta Hardangerfjordekspressen si rute til å reise mellom Malkenes (Tysnes) og Bergen i over eit år no, og har vore svært nøgd med tilbodet, i og med at det konkurrerande selskapet Tide har eit særs dårleg tilbod i form av ferje og buss som aldri korresponderar. Eg har reist mykje fram og tilbake med hunden min, og det har alltid gått veldig bra. Eg har i det store og heile vore kjempenøgd med Rødne.

I dag fekk eg likevel beskjed av mannskapet om at hunden ikkje kunne sitte i kupeen, men måtte sitte ute på akterdekket. Eg fekk beskjed om at eg ikkje måtte sitte der, berre hunden. Eg meiner at til og med mannskapet her må begripe kor uansvarleg det er å binde ein stakkars hund fast bakpå båten og forlate den der i ein og ein halv time. Det er svært bråkete og eit heilt nytt og ukjend miljø. I tillegg er det på grunn av konstruksjonen til MS Rygerkongen umogleg å forlate hunden utan å bryte hundelova sin paragraf 5.*

I ruteinformasjonen til Hardangerfjordekspressen står det eksplisitt at det er mogleg å reise med hund, men at ein må sitte på tilvist plass. Men etter mi meining må tilvist plass vere ein reell sitjeplass, ikkje baktrappa på båten (som i tillegg ikkje er lovleg plass å parkere hund). Det er ikkje haldbart å måtte sitte ute i februar, av di snøggbåten ikkje har tilfredsstillande konstruksjon i form av ein entre eller forværelse til kupeen. Minstekravet her måtte vore at ein vart ordentleg informert om kvar denne “tilviste plassen” er før ein går ombord på skipet. Mannskapet ser lett om ein har hund eller ikkje og kan gje grei beskjed om kva moglegheiter ein har. Dersom eg hadde fått beskjed før eg var ombord og båten var i gong, ville eg aldri gått ombord, og heller nytta ein annan transportform. Helst ein som er mindre helseskadeleg enn å sitte utandørs på snøggbåten.

På grunnlag av dette krever eg at ruteinformasjonen vert endra og/eller at mannskapet ved seinare høve vil gje tydeleg beskjed til reisande med hund. I tillegg vil eg ha refundert biletten min, i og med at eg aldri i verda ville reist om eg hadde visst at eg måtte sitje utandørs.

Mvh.
Hanna Iversen,
5036 Bergen.



* § 5.
Forbud mot å gå fra bundet hund

Hundeholderen skal ikke gå fra en bundet hund rett ved inngangen til en bygning som er åpen for allmennheten eller ved lekeplasser.

Ref: http://www.lovdata.no/all/tl-20030704-074-002.html#5

Ser dykk, Susanna og mamma, eg KAN vera sakleg, sjølv om eg er sinna.

Med til historia høyrer at ferja til Tide faktisk snudde og kom tilbake og henta meg då eg haldt på å misse ferja (av di eg var så sjokkert over korrespondansen at eg trudde det var feil ferje.) 1-0 til Tide denne helga altså. Så no er vel stillinga om lag 65-1 til Rødne.
Så no skal eg aldri meir reise til Tysnes, inntil eg får bil i det minste, og kan køyre rundt.


Mitt verste mareritt

Dei som kjenner meg, har kanskje hørt om denne draumen før, og kan glatt hoppe over eit par linjer.

Det var i fjor, og sommaren var så vidt over. Før den byrja, hadde eg søkt om jobb på ICA Maaseskjæret, som ligg betydeleg nærare heimen min enn ICA Nordås (med kaffimaskina), der eg jobba før. Det hadde gått eit par månader utan at eg hadde høyrd noko om jobben på Maaseskjæret, så eg hadde slege meg til ro med å halde fram å jobbe på Nordås til enden av mi akademiske karriere (og forhåpentlegvis starten på eit “ekte” arbeidsliv). Men så skjedde det; eg fekk ein mail om at eg hadde fått jobb på Maaseskjæret om eg framleis var interessert. “Oi. Dette hadde eg ikkje rekna med”, tenkte eg i mitt stille sinn og vart litt småstressa over å måtte ta ei avgjersle igjen. Var det ikkje nok at eg hadde kvinna meg opp og levert jobbsøknaden? Eg skal ikkje dra historien ut i det uendelege i og med at dei aller fleste har fått med seg at eg jobber på Maaseskjæret no, men poenget eg skulle fram til var at den natta eg bestemte meg for å ta det store spranget til ein heilt ny ICA-butikk, hadde eg ein av dei særaste ICA-relaterte draumane eg har hatt.

Eg drøymde at på den nye jobben var det ingen kundar, sjølve butikken såg litt ut som ein skule-lab frå 70-talet, der kassane var bytta ut med benker med vaskar på, og at det var veldig mørkt og at alle PLU-kodane var nye (giiisp!). OI tillegg var uniformane grusomme (denne heng nok igjen etter den mykje omtalte beige-manneskjorte-perioden på Nordås). Me snakkar kordfløyeluniformar. Og ettersom det ikkje fantes kundar, satt vi tilsette berre på golvet og åt vafler. Greit nok. Men den verste delen av draumen kjem no, den delen som bekymra meg aller mest. Alle snakka dansk! Tenk dykk, tal på dansk. Eg veit ikkje korleis det er med folk flest sin viten om det danske talsystemet (firsfjers osb.), men eg skjønar verkeleg ikkje eit kvekk. Og med det, kjære lesar, kjem vi til denne gamle draumen sin noverande relevans, sakens kjerne, om de vil: Eg har nemlig kome i skade for å ta eit mattefag i år, og ja, dykk gjetta rett; forelesaren er dansk.


Posted in Kaffitraktar, Pjatt

Hjartesukk (fint ord for meir syting og klaging)

Med fare for å høyrast ut som eg har peiling, eller trur eg har peiling, vil eg berre seia èin ting:

EG HATER WINDOWS VISTA.

No er det ingen løynd sjiraff at eg er særs dårleg med datamaskiner, men eg har jo faktisk lært av mine feil (noko som har resultert i at eg no kan øydelegge maskina mi på stadig meir avanserte måter) og har jo litt erfaring i å fikse sånne idiotfeil som gjerne oppstår frå tid til annan. Men dette Windows Vista, dette utysket, denne latterlege unnskuldninga for eit operativsystem, tar verkeleg kaka. Det tar alle kakene, på ein gong. Eg hat-hat-hatar det. Det viser seg fullstendig umogeleg å gjere den minste ting. Grunnen til at begeret har fått den berømte dropen sin, er no at naboen vår ville spleise på ein stor, fin boks slik at vi kunne få billegare og trådlaus internett. Javel, gode greier, og det fungerte fyrste dagen, men no er nettverket som sunke i jorda. På Susanna sin pc med XP fungerar alt smerteleg knirkefritt, medan på min, Vista-infiserte pc er det ingenting som bit på. Og i tillegg er det umogeleg å finne fram til noko som helst manuelt. Det går berre ikkje. Sånn er livet.

Skyt meg, berre skyt meg, seier eg.


Fuck Tide

Kjære Tide

Eg var dristig nok til å forsøke å ta buss og ferje heim til Tysnes på julafta (båten til Rødne gjekk ikkje, elles hadde eg glatt teke den). Eg tok 10:20-bussen frå Halhjem, som av ein eller annan mystisk grunn korresponderte med Våge-ferja som skulle gå 11:20 (ja eg veit, eg vart svært overraska, eg òg). Etter eit busskifte på Os, som eg sjølvsagt ikkje vart informert om, såg det faktisk ut til at eg akkurat skulle nå ferja. Det stod rett nok Halhjemsmarka på bussen, men det er jo svært vanleg at bussane køyrer ned til Halhjem kai før dei køyrer videre til Halhjemsmarka, det har i alle fall hendt kvar einaste gong eg har teke buss til Halhjem dei siste 12 åra. Men ikkje denne gongen. Neida. Bussen køyrde rett inn til Halhjemsmarka, UTAN å køyre innom kaien. Eg gjorde bussjåføren oppmerksom på at eg skulle nå ei ferje, og han sa at eg kunne få sitte på ned til kaien ETTER han hadde vore i Halhjemsmarka. Turen endte med andre ord med at eg måtte springe frå fyrste stoppet i Halhjemsmarka med kilovis av baggasje og ein hund på slep, for så å sitte på venterommet i over ein time medan eg venta på neste ferje. Det var stas. Takk Tide.

Dette skjer forøvrig kvar gong eg skal ta ferja. Etter at Tide tok over HSD viser det seg at korrespondanse mellom buss og ferje til Våge er heilt umogleg. Er det verkeleg så vanskeleg? Heldigvis fins det eit alternativ i Rødne og snøggbåten frå Bergen sentrum, elles hadde det vore uuthaldeleg å reise frå Bergen til Tysnes.

Helsing,

Hanna Iversen

Dette elektroniske brevet sende eg Tide den 26. desember i fjor, og trudde i grunnen dei hadde ignorert mine halvkvalte hjartesukk, då det brått dumpa eit svar ned i min elektroniske postkasse:

Hei!
Vi beklager den uheldige opplevelsen din da bussen ikke kjørte nedom
Halhjem fergekai før den kjørte til Halhjemsmarka.
Henvendelsen din er videresendt til sjåførens overordnede for oppfølging,
slik at lignende ikke skal skje igjen.
Ønsker deg igjen velkommen på bussen.

——————————

————————–
Med vennlig hilsen
Evelyn Knutsen

Eg syns ikkje Evelyn Knutsen verkar som ho tek seg særleg nær av at eg har truga med total boikott, og i tillegg har ho unngått å svare på spørsmålet mitt om det verkeleg kan vere så vanskelig å få buss og ferje til å korrespondere. Nei, det var IKKJE eit retorisk spørsmål. Dette var svakt, Tide.


Posted in Muggsopp

Mine fem favorittinnlegg på denne bloggen

Etter ynskje frå Mads har eg funne mine fem favoritt-innlegg i frå starten i 2004 og fram til i dag.

Eg starta altså bloggen i 2004, ved eit uhell (eg ville berre kommentere på Mads sin, men den tillot ikkje anonyme kommentarer), då under namnet “I sentrum”, trur eg. Eller kanskje den heitte noko anna heilt i byrjinga, men etterkvart blei den heitandes “I sentrum”. I 2005, då eg fekk kaffitrakter til bursdagen, endra eg namn til “Mester Mocca og eg”, og sidan til “Mester Mocca og eg. Og Embla”, før no relativt nyleg då eg endra namnet til “Samtaler med ein løynd sjiraffven” i samband med ei historie eg skreiv for å søke på Skrivekunstakademiet. Skikkelig merkelig å lese mine eigne tanker dei siste tre åra, men litt herleg òg.

Her er i alle fall lista. Eg er ikkje flink med html og denslags, så eg skriver berre opp tittelen på innlegget og kva mnd og årstal, slik at ein lett kan finne innlegget i arkivet.

1) “Om gummihanskar og Herborg Kråkevik” – januar 2005

Skrive den dagen eg måtte vaske den vesle ferjedassen i Søndre Skogvei for oppkastet til Torgeir, som etter språkbruken å døme, var av ei anna verd. Min desiderte favoritt!

2) “Kan da ver nødvendig??” – februar 2005

Ein kan ikkje anna enn å bøye seg i støvet for retorikken i dette innlegget.

3) “Om internett-terrorisme” – juni 2005

Rebekka hadde i lengre tid terrorisert Ingvild og Øystein sin blogg. Eg påpeikte i ein kommentar at alle var klar over at det var ho, sjølv om ingen turde å sei det. Ho responderte så vidt eg hugser med å skrive ein særs stygg mail til meg, samt slenge inn eit par kommentarer rundt om kring. I dette innlegget skjenker eg av mine erfaringer. Eg er trass alt framleis ubestridt på dette området. Utan å rippe for mykje opp i det ;)

4) “Mitt liv på to og eit halvt minutt” – august 2005

Igjen viser eg mine overlegne reknekunnskaper.

5) “Død øve alle drittonga ” – spetember 2006

Den gongen Esther Williams fekk flatt dekk. Eg er særs nøgd med bruken av illustrasjonsfoto.

Dett var dett. Vanskeleg å velge, men moro å lese alt dritet om att, hehe.


Posted in Uncategorized
Neste side »